Gå til innhold
Arkivverket

[#31625] Ola Arneson Fjæren, f. 24.01.1834 i Sogndal, døydde han i Nordland?


Gjest Ottar Solberg
 Del

Recommended Posts

Gjest Ottar Solberg

Ola Arneson, f. 24.01.1834 på plass under Fimreite i Sogndal. Far: Arne Olson, f. 1798 på Fet i Hafslo. Mor: Brita Johannesdtr. Havnen, Sogndal, f. 1805 i Sogndal. Foreldra flytta i slutten av 1830-åra til Sogndalsfjøra. Ved folketellinga 1865 budde Ola i Fjøra som ugift med mora. Eg finn han ikkje som død i Sogndal og heller ikkje ved folketellinga 1900. Han tok utflytting 23.12.1871 til Helgeland og slo seg kanskje ned ein eller annan plass i Nordland. Er det hjelp å få til å finna ut kvar han vart av?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg veit diverre ikkje noko meir om lagnaden til Ole Arneson, men kanskje kan han ha reist etter eitt av farssøskeni sine? Arne Olson hadde ti halvsøsken; to av dei vert borte frå Sogndal og kan godt vera farne til Helgeland...:* Erik Olson, fødd (eller døypt?) i Sogndal 2.6.1811, og* Mildrid Olsdotter, fødd (eller døypt?) i Sogndal 2.8.1820.Om du Ottar veit kvar det vart av desse to, so ville eg setja stor pris på å få greie på det!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Kvar det vart av Erik Olson, døypt 02.06.1811, har heller ikkje eg funne noko om. Mildrid Olsdtr., døypt 02.08.1820, har eg registrert som gift 14.04.1853 i Balestrand med Kristen Johannesson Fjærestad.LenkeKristen kalla seg Lunde, men han er ikkje døypt i Balestrand. Dei var husmannsfolk under Fjærestad til omlag 1865, då dei flytte til Tjugum. Seinare reiste dei til Amerika. (Jon Laberg: Balestrand, Bygd og Ætter, s. 314).Helsing Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Kristen Johannesson vart født på Lunde i Balestrand 07.12.1827, Jon Laberg skriv at han ikkje var døypt i Balestrand, men det var han.Kristen med kona og dei 4 borna, Anne, Johannes, Anne og Ole, utvandra under familienamnet Lunde til Amerika 13.04.1874. Sonen Johannes (18.07.1855-04.07.1940) vart gift i Kasson, MN. 24.12.1884 med Caroline Boyum (1859-1928). Dei fekk 7 born: Clarence Lunde (1885-1954), Knute Lunde (1887-1953), Selma Lunde (1889-1974), Minnie Lunde (1891-1927), George Lunde (1893-1968), Carl Johan Lunde (1896-1975) og Berthe Suzanna Lunde (1899-1995).Helsing Ottar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk, Ottar, for interessante opplysningar. Eg finn att Christen og Mildrid Lunde som farmarar i Salem township, Olmsted Co., MN (1880) og sidan i Oak Lake township, Brookings Co., SD (1900), men eg kan ikkje finna dødsfalli deira. Du veit vel ikkje kva tid og kvar dei døydde?Då sit me elles att med spørsmålet om kvar Erik kan ha gjort av seg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ottar Solberg

Eg veit diverre ikkje når Christen og Mildrid døydde. Takk for opplysningane om kvar dei budde ved folketellingane i 1880 og 1900.Elles ser det ut til det har lukkast meg å finna ut kvar det vart av Erik Olson.Erik Olson Eskjestrand gifte seg 01.07.1835 i Balestrand med Guri Gjertsdtr. (dotter av handelsmann Gjert Nilsen Falch i Holmen). [url="http://www.sffarkiv.no/sffbasar/default.asp?p=result&paging=yes&ptype=single&db=dbvigde&page=1&sql=prestegjeld%5Fid+%3D+1419++AND+low%5Fbrur%5Fforenamn+like+%27gur%25%27++AND+low%5Fbrur%5Fetternamn+like+%27gj%25%27+++ORDER+BY+low%5Fbrudgom%5Fforenamn%2C+low%5Fbrudgom%5Fetternamn&appinfogard=&appinfostol=&appinfourl=&id=0>LenkeDei flytta truleg straks etter til Vik, då dei fekk ei dotter Sigtone Chatrine, f. 01.02.1836. LenkeSigtone døydde 03.01.1852 i Vik. Guri Gjertdtr. var enkje ved folketellinga 1865 og døydde 27.03.1788 93 år gamal på Hove i Vik. LenkeEg har ikkje funne ut når Erik døydde. Det døydde ein Erik Olson 02.08.1847 som var fødd i 1811, men denne Erik er ugift.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Ottar for det siste innlegget om Erik Olson. Med dette er heile denne søskenflokken funnen, men, som du seier, Ole Arneson er framleis ''sunken i jordi''!Når det gjeld Ole Arneson, so er han heller ikkje å sjå nokon stad i Noreg i 1875. Kan han ha drege vidare til Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.