Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31719] Dødsmeldingar Bergen 1922 og 1955

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Arthur Otto Kjørlaug, fødd i Bergen 2.2.1899, døydde i Bergen 21.7.1922.Er det mogeleg å få greie på:* Yrkestitelen hans ved dødsfallet?* Ervingane hans?Arthur hadde m.a. ei søster Nelly Henrikke Kjørlaug, fødd i Bergen 26.7.1902. Ho var framleis ugift og budde i Bergen då mori Dorthea Kjørlaug døydde i Bergen 18.5.1937, men lagnaden hennar er ukjend. Nelly Henrikke er ein svært uvanleg namnekombinasjon, og ho KAN vera identisk med:Nelly Henrikke BERESEN, som døydde i Bergen 5.4.1955. Dersom dette er ho, er eg interessert i:* Yrkestitel ved dødsfallet?* Opplysningar om mannen hennar?* Ervingane hennar?Om det IKKJE er ho, er det mogeleg å spora opp lagnaden hennar t.d. gjennom folkeregisteret?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Same problem som for Nelly Henrikke Kjørlaug gjeld òg ein yngre bror:Ingolf Kjørlaug, fødd i Bergen 25.6.1909. Han var òg ugift og busett i Bergen i 1937. Er det mogeleg å finna ut kvar han kan ha vorte av?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elsa-Karin Svendsen

Nelly Kjørlaug Eide flyttet til Vadheim og drev Vadheim Hotel sammen med sin mann. Hun levde i alle fall i 1957. Går ut fra at dette er den Nelly Kjørlaug du leter etter. Mvh Elsa-Karin Svendsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elsa-Karin for eit svært interessant innspel! Kanskje får me no endeleg ''hòl på byllen'', dvs. at me kan spora opp denne ætti. Du hugsar vel ikkje kva mannen hennar Nelly heitte til førenamn?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elsa-Karin Svendsen

Jeg har nok en gang hørt fornavnet til Eide, men det er så lenge siden. Men han eide Vadheim Hotel, og da må vel navnet kunne skaffes til veie. De hadde ingen barn. Hvis jeg ikke husker helt feil, var Nelly Kjørlaug også malerinne. Hilsen Elsa-Karin

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Arthur Otto Kjørlaug var løsarbeider da han døde i 1922. Som arvinger står moren Dorthea, og søsken Nelly Hendrikke, 19, Malvin, 16, og Ingolf, 13.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Else-Karin og Yngve for nye interessante innlegg!Eg har i dag fått stadfest at Nelly Henrikke Kjørlaug (1902-1989) var gift med Trygve Andreasson Eide, fødd i Bergen 1892. Han døydde visstnok i Vadheim i 1956, og i 1961 brann hotellet ned!Er det mogeleg å finna vigsli til Nelly og Trygve i Bergen mellom 1937 og 195...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Trygve Andreassen Eide var sønn av Andreas P. Eide og Hansina Edvardina Sjursdtr. Vadheim 22.11.1863 død i Bergen 02.11.1938.Trygve og Nelly overtok hotellet og drev det videre.I bygdeboka står det at Trygve døde i 1956, men et annet sted i samme bok står det at paret flyttet til Bergen etter at hotellet brant ned i 1961. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for siste innlegg!Dette problemet er vorte meir eller mindre løyst i dag! Trygve var kunstmålar, men tok sidan over hotellet i Vadheim etter mor si. Han gifte seg i 1947 med Nelly Kjørlaug, som i mange år arbeidde som kontordame på Trygdekassa i Bergen, men ho vart den som i røyndi dreiv hotellet! Trygve døydde i Vadheim i 1956, og då hotellet brann ned i 1961, flytte Nelly attende til Bergen. Dei var barnlause, so no står det berre att å finna ut kva som skjedde med yngste broren Ingolf Kjørlaug etter 1937, men kan dei gamle folkeregisterkorti hjelpa oss der?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×