Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31725] Guri Johnsdotter Hauge, f. Fjelberg 1855 - til Amerika 1881 - opphavet hennar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Guri Johnsdotter skal vera fødd 26.8.1855 som dotter av husmann John Johnson og kona Ragnhild Torbjørnsdotter. Heile huslyden utvandra til Amerika over Bergen i 1881 og busette seg i Story Co., IA.FT1865 for ein husmannsplass under Hauge øvre i Fjelberg syner:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~John Johnsen hf g Husmand m. Jord 1829 FjelbergRagnilde Torbjørnsdatter Hans Kone g 1833 FjelbergDordi Johnsdatter Deres Datter ug 1853 FjelbergGuri Johnsdatter Deres Datter ug 1855 FjelbergJohana Johnsdatter Deres Datter ug 1860 FjelbergAnna Tobie Johnsdatter Deres Datter ug 1865 Fjelberg~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~FamilySearch syner at Guri er døypt i Fjelberg 9.9.1855. Ho var gift tre gonger og døydde i Jackson, MN i 1929 som Gurine ''Julia'' Johnson. Amerikanske kjelder seier ho var fødd i Ølen, men Ølen var vel den gongen ein del av Fjelberg...?Eg er på leiting etter følgjande detaljar:* Stadfesting av fødselsdatoen til Guri Johnsdotter?* Namn på husmannsplassen under Hauge øvre der denne huslyden budde?* Opphavet (gard/plass) til John Johnson?* Opphavet (gard/plass) til Ragnhild Torbjørnsdotter?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

FT1875, Hauge øvre, Hilderen: LenkeGuri bur då ikkje saman med fam.M.v.h. Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for innlegg! Då har me plassnamnet ''på plass''!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Jeg vil tro at Ragnhild Thorbjørnsdtr. er identisk med hun som ble født 11.06.1832 og døpt 12.06.1832 i Fjellberg av foreldre Thorbjørn Michelsen og Guro Olsdtr.Dette er hentet fra FamilySearch VRI.Thorbjørn og Guro fikk minst fem barn hvorav den første ble født i Ulvik.Der giftet nemlig et par med samme navn seg 24.06. 1825.Thorbjørn skulle være født ca.1795.Da kan det tenkes at Ragnhilds far befinner seg her i 1865, med ny hustru.[url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61213&gardpostnr=307&merk=307#ovre>Lenke Da er det trolig samme mann vi finner her i 1801.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

Hauge (og Kjellesvik) ligg i dag i Ølen kommune, og er ikkje tatt med i Kvinnheradssoga. Eg kan ta ein kikk i Bygdebøkene for Ølen når eg kjem på biblioteket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

I 'gardar og ætter på Bjoa' finn eg under Hauge øwre , plasset Haugestølen, også kalla Hilderen:Jon Jonson Kjellesvik, f. på Innbjoa 1827 g.1852 med Ragnhild Torbjørnsdtr. Bjellebø f. 1832. Dei er lista opp med dei borna som er nemnde i hoveinnlegget her + 2 stk Anne Oline som døydde små. Det står ikkje nemnd noko om Amerika.Bjellebø ligg i kvinnheraddelen av Fjelberg, men no har eg ikkje den boka på lån lenger...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Marie for framifrå opplysningar om denne ætti. No har eg fått på plass alt som eg treng å vita!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×