Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#31735] Ole Olson Fossen, f. 1845, stasjonsmeister på Dale i Bruvik - kven var han??

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jakobine Johanne Johannessen, fødd i Lenvik i Troms 10.4.1859, døydde i Bergen 11.9.1915. Ho gifte seg første gongen før 1884, dato og stad ukjende, med:Ole Olson Fossen, oppgjeven fødd i 1845, uvisst kvar, må vera avliden før 1899, for Jakobine gifte seg att i Bergen 17.6.1899 med Oscar Herman Dinkel, fødd i Neu-Ulm, Tyskland 6.10.1871. Han døydde i Bergen 3.6.1941.Eg har fått opplyst at Ole Olson Fossen var stasjonsmeister på Dale i Bruvik på 1880-talet, men at han og Jakobine sidan flytte til Bergen, utan at eg har funne noko dødsfall for han der!?Ein son Olaf skal vera fødd på Dale i 1884.* Kan nokon hjelpa meg finna opphavet til Ole Olson Fossen, dvs. dato og stad for fødsli hans?* Eg manglar ogso dato og stad for vigsli hans med Jakobine Johanne Johannessen?* Og endeleg, er det mogeleg å finna dato og stad for dødsfallet til Ole Olson Fossen?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Ole og Jacobine fikk i alle fall barn som ble døpt Bergen 1884.Lenke Her er Jacobines pikenavn Thorbjørnsen og ved ekteskapet med Dinkel heter hun Olsen f. Thorbjørnsen.Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Rune for gode innlegg. Fødsli frå 1884 stadfestar at Ole Olson Fossen då var stasjonsmeister på Dale, men opphavet hans er framleis eit mysterium. Vigsli deira fann kanskje stad på Dale i Bruvik, men dei kyrkjebøkene er visstnok ikkje enno digitaliserte...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ogso ein stor takk til Nina for eit godt forslag! Mail er alt på veg til Hamar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i dag motteke svar frå Jarnbanemuséet, som m.a. fortel:''Ole Olson Fossen: Født 01.10.1847. Ansatt i Statsbanene 01.07.1883 som Stationsexpeditør på Dale stasjon. Stasjonsmester samme sted fra 01.04.1888.... Død 24.10.1895''Eg fekk ogso ein del opplysningar om kva lønsvilkår han hadde. Årsløni steig frå 815 kroner i 1883 til 1350 kroner i 1895. Det var tider det...!Etter dette lyt me vel tru at Ole Olson Fossen døydde på Dale, og etter litt leiting i FT1865 og på FamilySearch finn eg at Ole var fødd på garden Fossen i Nord-Fron 1.10.1847.No sit me att med spørsmålet om dato og stad for vigsli til Ole Olson Fossen og Jakobine (kring 1883!?), men kanskje finn me svaret på Dale i Bruvik, når dei kyrkjebøkene ein gong vert tilgjengelege...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Håkon Aasheim

Kan ikkje finna Ole Olsen Fossen nemnd i Vaksdal bygdebok II, Dale sokn, som omfatar heile fabrikkstaden Dale. Men i dei 12 åra han tydelegvis var busett på Dale (til leige hjå Jernbaneverket går eg ut frå) så ser det ikkje ut som han gjorde nokon kyrkjelege forretningar. For då burde han i alle fall ha vore med i nemnde bok.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×