Gå til innhold
Arkivverket

[#32908] Dødsmelding Bergen 1966/Manntal Bergen 1922(?) (Andersen)


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ida Karoline Andersen, som døydde i Bergen 2.5.1966, skal ha vore 84 år gamal og frå Bergen. Då er ho TRULEG identisk med Ida Karoline (Samuelsdotter) Knudsen, fødd i Bergen 14.1.1882 og hadde før vore gift med Karl Ferdinand Køhne som døydde i Bergen i 1913.Då ho døydde, var ho enkje etter Malvin Andersen, fødd i Bergen 24.5.1892. Han døydde i Bergen 23.4.1947. Ida vart ogso nemnd under tema #32877 som med dette fell heilt ut.* Dersom fødselsdatoen til Ida stemmer med dødsmeldingi, er det då mogeleg å finna dato og stad for vigsli hennar med Malvin Andersen? Det må ha vore etter 1920!Malvin hadde vore gift før, men første kona er ukjend. Dei hadde m.a. ein son Egil Henry Andersen, fødd i Bergen (Mariakyrkja?) 17.2.1920, som døydde i Kragerø 27.5.2000. Huslyden skal i alle år ha butt i Krohnengsgaten 41 i Bergen.* Eg er interessert i, og borni til Egil har bedt meg om hjelp til det same, å identifisera mor til Egil (dvs. første kona til Malvin Andersen), finna namnet hennar, dato og stad for fødsli hennar, kva tid ho gifte seg med Malvin og til sist dødsdatoen hennar. Det einaste som barneborni veit om ho, er at ho var fødd ''ein eller annan stad langt inni Sogn'', og at ho døydde i Bergen kort tid etter at Egil var fødd!?Eg takkar so mykje på førehand for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Malvin Andersen giftet seg i Årstad 17. april 1919 med Caspara Berntine Holm, født 28. september 1893, og datter av trådfabrikkarbeider Elias Holm Lenke .Caspara Berntine døde 24. juni 1922, og Malvin Andersen giftet seg igjen hos Byfogden i Bergen 4. november 1933 med Ida Karoline Bergsvold, enke etter Theodor Bergsvold (1872-1. januar 1924).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Yngve for kjapt og godt svar! Då er altso ikkje første kona frå Sogn likevel! Det er underleg korleis rykte kan breia seg...!Men, er det mogeleg å stadfesta fødselsdatoen for Ida Karoline Bergsvold Andersen? Er det ho som var fødd i Bergen 14.1.1882? Ætti seier at ho hadde vore gift med to sjømenn som båe døydde før ho gifte seg med Malvin!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.