Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33016] Johannes Espeland, gift arbeidar i Bergen, f. kring 1860? - kven var han?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johannes Espeland, gift arbeidar busett i Bergen, truleg fødd kring 1860(?), fekk i 1889 eit barn med ei jente frå Marifjøra i Hafslo i Sogn. Er det mogeleg å identifisera denne karen? Kven var han son av og kvar vart han av?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Kan dette være en mulig far ? Han må jo ha vært gift en gang før i Bergensdistriktet når man ser på kone og barns alder Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og her er vel ekteskapet mellom Johannes og Malene.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for fleire nyttige innlegg. Eg har studert dei og er komen til at dette må vera ''vår'' mann! Han er òg i FT1865 for Espeland i Haus og likeins hjå FamilySearch. Han var fødd i 1858, men kva tid døydde han? Det vert vel ikkje so lett å finna ut...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk ogso til Rune for vigsli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og da er det vel den samme Johannes vi finner på gården Espeland i 1865 med foreldre og søsken. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

I følgje Lars M. Ådna som skreiv bygdebøkene for Haus var Johannes son av Anders Johannesson Seim, f. Ådna (1830 - 1919) og kona Kari Hansdtr. Hannisdal, begge f. i Haus prestegjeld. Anders var fabrikkarbeidar i tekstilfabrikken i Ytre Arna til 1864, då vart han gardbrukar på Espeland i Indre Arna. I 1882 flytte han og huslyden til Berger i Svelvik, Vestfold, der han igjen vart fabrikkarbeidar.Eldste onen Johannes, f.1858, var då (1882) fabrikkarbeidar i Ytre Arna. I 1883 blei han gift med Berntina Malene Magnesdtr. Fosse/Eikanger frå Y.Arna (1859 - 1892).Dei hadde borna Kristofer Martin, (1883 - 1939); Margit (1884 - ); Alfred (1886 - ); Signe f. i Bergen (1889 - 1954). I følgje bygdesoga utvandra alle desse fire til Canada, - til New Westminster i provinsen British Columbia. Kristofer Martin, Margit og Signe var gifte.Då (Berntina) Malene døydde reiste Johannes til Berger i Vestfold og blei fabrikkarbeidar der, nett som far sin. Der skal han ha fått i alt 5 born med ei ny kona, bygdebokskrivaren nemner diverre ikkje namnet hennar, heller ikkje på borna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

--- Eg ser at bygdebokskrivaren bommar med eit par år både på dødsåret for Malene Magnesdtr. og på fødsla til dottera Signe. Han visste heller ikkje kva år Johannes Espeland døydde, men nett dét kan truleg Statsarkivet på Kongsberg hjelpa Lars E. Øyane med?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Her er han med sin nye familie på Strømmen i Vestfold, i Barger Fabriks arbeiderbolig nr.5. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hatvik

Det er kanskje ikkje alle som ser samanhengen mellom fabrikkar som er såpass langt frå kvarandre som Ytre Arna ved Bergen og Berger i Svelvik, men samanhengen er i grove trekk denne:Tekstilindustri (ull- og bomull) og brødrene Jebsen frå Slesvig i Danmark. Alle tre var gründarar< Peter Jebsen, den eldste, var tysk konsul i Bergen og grunnla i 1846 fabrikkstaden Ytre Arna (med kyrkje, skule, lege, apotek m.m.).Johan Jebsen grunnla Dale fabrikker, jfr. Dale of Norway, og Jürg Jebsen starta opp i Berger i Vestfold og på Mölnlycke ved Göteborg. Utveksling av arbeidskraft/arbeidarar alt etter konjunkturane var ikkje uvanleg.Dei som er interesserte kan søkja etter 'Peter jebsen' på nettet og lesa meir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Terje for nye innlegg om Johannes Espeland og huslyden hans.Eg har studert dei ulike innleggi, men det er lite for meg å henta; dødsdatoen til Johannes er nok å finna i ''nedslagsfeltet'' til Statsarkivet på Kongsberg, truleg i Strømmen i Vestfold, men han kan jo ha levd i mange år etter 1900, og då vert det mykje leitearbeid i kyrkje- eller klokkarbøkene...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.