Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Helga Kallevik

[#33027] Oscar Stenbro, Haugesund til USA?

Recommended Posts

Gjest Helga Kallevik

Hei!Viser til tidlegare innlegg vedr. etterkommere til (Inger) Marie Reiersdatter Aasbu f. 1857, gift i 1890 med Johan Larsen Stenbro i Haugesund. LenkeI følge dødsannonse hadde ho 3 barn Jenny f. 1890 g. Skjoldal. Ole f. 1883 (b.s. i USA) og Oscar f.???? busett i USA Eg prøver no å finna ut meir om Oscar. Det einaste eg veit er at han står under saman med Ole i dødsannonsa. Veit at Ole var ein son og reknar difor med at Oscar også var ein son.I ft. 1900 finn eg ingen av medlemmane i denne familien bortsett frå Ole som då er dreng hjå tanta og onkelen i Kallevik (Finnås), Hordaland.Ved søk på Ancestry.Com. finn eg fylgjande: 'Boston Passenger Lists, 1891-1943 Record Massachusetts: Oscar Stenbro.Sidan eg ikkje har abonement på Ancestry.com kan eg ikkje få fram fleire opplysninger om denne Oscar Stenbro som er nemt her. Ville vera svært takksam dersom nokon med abonement har mulighet til å slå dette opp for meg?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Soløy

Hei.Finner bare en Oscar Stenbro, og han er etter det jeg finner ut født i 1878. Han ankommer til Boston med skipet 'Ultonia' i sept 1900, fra Liverpool og er 22 år gammel.mvhTerje Soløy

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Tusen takk for svar. Nei, denne kan eg nok utelukka.Foreldra Johan og Inger Marie var gift i Haugesund i 1890. Det var Inger Marie sitt 2.ekteskap, ho hadde sonen Ole f. 1883 i 1. ekteskap. Eg greier ikkje å finna denne familien i ft. 1900, hadde eg funne dei der så ville eg også funne ut kva tid Oscar var fødd. Einaste informasjonen eg har om han er altså det som står i (Inger) Marie si dødsannonse i Haugesunds Avis 1940.Oscar ha nytta Johanson eller Larsen som etternamn. Men i dødsannonsa til mora er Stenbro brukt som etternamn og i faren si dødsannonse står det Johan Steinbro. Dersom det har skjedd vert det å elita etter 'Nåla i høystakken' så lenge eg heller ikkje veit fødselsåret hans. Det kan sjå ut som dette vert ei litt for vanskeleg nøtt.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Soløy

Jeg har søkt på Oscar Larsen i Ancestry, men der er det mange. Regner med at du har fått se skifteprotokoll etter foreldrene, og hva som står der. Ikke helt enkelt dette, uten mer informasjon.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bengt Kvammen

hei marie reiersen tjernagel f 1860 fikk en sønn oscar i haugesund med hestehandler ole pedersen solheim av hallindal f 1847 oskar er f 10.mars og døpt 19.mai årstallet ser ut til å være 1887 da hennes datter jenny emilie ble født står hun oppført som inger marie tjernagel. mvh bengt

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Då ser det altså ut til å stemma at Inger Marie hadde ein son Oscar, men at hverken 1. eller 2. mannen hennar var far til denne Oscar. Fyrste mannen Ola Eilifson Fjon døde i 1884 då eldste sonen Ole Martin var 1 år. Det ser ut til at Ole Martin vaks opp hjå besteforeldra på Åsbu i Sveio.Fødselsåret til Inger Marie Reiersdatter Aasbu var 1857, i flg. bygdebok for Sveio s.97.Dette stemmer også med dødsannonsa der det står:'Marie Stenbro døde i dag 83 år gammel Hgsd.6/2-1940'.Namna under dødsannonsa er: Jenny Skjoldal, født: Stenbro samt Ole og Oscar U.S.ASå det må vera same dama det her er snakk om.Då spørst det om det er mogleg å finna ut kva etternamn Oscar nytta, kva tid han reiste til USA og kor han havna henne der borte. Eigentleg er det Ole eg er på jakt etter, men tenkte det var lettare å spore opp ein med namn Oscar Stenbro enn ein Ole Olsen i USA. Så håpa eg på at brødrene kunne ha budd i nærleiken av ein annan.Nå ser eg jo at Oscar kanskje ikkje brukte Stenbro til etternamn. mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Gløymte å takke deg for informasjonen om Oscar. Fødselsdato og farsnamn gjer det lettare å komme vidare. Tusen Takk skal du ha!mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Sjølv om eg no har fødselsdato og farsnamn for Oscar så slit eg med å komma vidare. Ut frå mora si dødsannonsa i 1940 ser det altså ut til at han budde i USA. Har prøvd å leita på Ellis island utan å finna han der, men det er jo vanskeleg å vita kva etternamn han brukte.Finn han heller ikkje i ft. 1900. Men her finn eg heller ikkje foreldra hans eller halvsøstera Jenny.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Leitar framleis etter Oscar f. 10. mars 1887 (døpt 19. mai samme år). Ut frå kyrkjebok for Haugesund. Mora var Inger Marie Reiersdatter Aasbu f.1857. Faren var ein omreisande hestehandler Ole Pedersen SolheimInger Marie vart seinare gift med Johan Larsen Steinbro i Haugesund og fekk ma. ei datter Jenny. Oscar drog til USA (ut frå mora si dødsannonse). Veit ikkje kva etternamn han nytta. Mora sitt jentenamn Reiersen / Åsbu, event faren Olson / Solheim eller stefaren Johanson / Stenbro? Prøver å løfte fram att dette innlegget i håp om at nye brukarar kanskje har idear til korleis eg kan finna ut meir om denne personen og event. halvbroren Ole Martin Olson Aasbu f. 1883, som også drog til USA (rundt / etter 1901).mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Thomassen Flovik

Har du fødseldatoen til Ole Martin?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Hålåsæter

Som en kuriositet kan nevnes at det sjeldne navnet Stenbro finst det flere av i de amerikanske telefonkatalogene. Helge H. (Til Helga: jeg har Stenersen-slektninger der hvor du bor)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Oscar er konfirmert i Haugesund 6.10.1901. Se nr. 11 Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Her er Jenny, konf. 2.10.1904 se nr. 39 Lenke Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Oddrun Thomassen Flovik

Denne saken er et prakteksemplar på at det gjelder å ha mest mulig opplysninger om den/de det letes etter. Det opplyses at Oscar var født 10.mars 1887 og døpt 19.mai 1887 i innleggg (6). Har derfor lett etter et Oscar født mars 1887. I linken i innlegg (13) ser vi at Oscar var født 10.MAI 1887 og brukte etternavnet Pedersen. Dermed var veien mye kortere til å finne Oscar i USA:World War I Draft Registration Cards, 1917-1918 about Oscar PetersonName: Oscar Peterson City: Not StatedCounty: ImperialState: CaliforniaBirthplace: Norway (Haugesund)Birth Date: 10 May 1887Race: Caucasian (White)Roll: 1530793

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei og takk for info vedr. Oscar og Jenny.Eg har også funne andre opplysninger vedr. Jenny og hennar etterkommere. I tillegg viser kyrkjebøkene at Inger Marie og Johan hadde fleire felles barn, men desse er døde utan å vera gifte eller ha etterkommere.Det eg då leiter etter er altså om Oscar og Ole Martin har etterkommere som lever i USA i dag.Til Helge Hålåsæter: Var det deg eg hadde kontakt med vedr. Jon Hansen som budde på Moster rundt 1900? Tanta til far min vaks opp hjå han. Meinar 1. kona til Jon Hansen var i vår slekt, hugsar ikkje heilt korleis.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ole Martin Olson er fødd i Sveio 28.04.1883. Faren var Ola Eilivson Fjon, 1. mannen til Inger Marie, som døydde då Ole Martin var babyI ft.1901 er Ole Martin dreng i Kallevik, Håvik Indre under Finnås. Det ser ut til at han vaks opp hjå besteforeldra på Åsbu i Sveio, der også tanta hans Bertha Oline Reiersdatter budde før ho gifte seg til Kallevik på Bømlo (Finnås). I 1901 er begge besteforeldra døde, så det var vel då kanskje naturleg at han flytte med tanta si då ho flytta til Kallevik.I bygdeboka står det at Ole Martin reiste til USA , men eg finn han ikkje utflytta hverken i Sveio eller Finnås (Moster) kyrkjebøker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ole Martin Olson er fødd i Sveio 28.04.1883. Faren var Ola Eilivson Fjon, 1. mannen til Inger Marie, som døydde då Ole Martin var babyI ft.1901 er Ole Martin dreng i Kallevik, Håvik Indre under Finnås. Det ser ut til at han vaks opp hjå besteforeldra på Åsbu i Sveio, der også tanta hans Bertha Oline Reiersdatter budde før ho gifte seg til Kallevik på Bømlo (Finnås). I 1901 er begge besteforeldra døde, så det var vel då kanskje naturleg at han flytte med tanta si då ho flytta til Kallevik.I bygdeboka står det at Ole Martin reiste til USA , men eg finn han ikkje utflytta hverken i Sveio eller Finnås (Moster) kyrkjebøker.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helge Hålåsæter

Til Helga, Ja, Jon Hansen var bror til oldemor mi her i Gudbrandsdalen (Heidal); så verda er ikke så stor. (Du har god hukommelse) Dattersønnen Odd Stenersen som bor i Kristiansand, bruker barndomshjemmet som feriested. Vi har hilst på flere av Stenersen-folket.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Jon Hanson Sæter var gift med søster til min farmor i 2. ekteskapet. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Ja, eg kjenner til det. Frå 1894 til ca. 1900 pakta Jon Hansen småbruket Kallevik der eg no bur. På den tida var det bror til min oldefar (Elias Kallevig) som eigde Kallevik, men han emigrerte til USA i 1894. Elias hadde 3 brødre (+ halvbrødre), men dei var alle i USA på den tida.Oldefar min, Mathias Kallevik, kom heim frå USA i 1898, gifte seg med Bertha Oline Reiersdatter Åsbu frå Sveio og flytte til Kallevik i 1900. Han tok då over garden som Jon Hansen hadde pakta. Det ser då også ut til at nivøen Ole Martin Olson (systersonen til Bertha Oline) vart med frå Sveio til Kallevik som dreng.Mathias og Bertha Oline fekk 7 barn, men i 1908 døydde bertha Oline på barselseng etter å ha fødd tvillingane Johanna og (Bertha) Marie. Marie vaks opp hjå Jon Hansen (det var nok vanskeleg for oldefar å ta vare på 7 barn får 9 år og nedover, så då var nok løysinga at dei to yngste måtte ut i 'fosterheimar'.mvh Helga KallwvikMathias og Bertha Oline

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Her vart det visst litt krøll på slutten...Er Stenersen etterkommere frå 1. eller 2. ekteskapet til Jon Hansen? ( Dvs. i slekt med deg eller meg johan Arthur?) Det står vel foresten i bygdeboka, skal slå opp når eg får tid, veit at eg har sjekka det før ein gong også, men hugsar ikkje heilt.Det eg hugsar er at 'tante' Marie alltid måtte besøkje denne slekta på Moster når ho ein sjelden gong var på besøk her i min barndom. (Marie vart tidleg gift og budde i Tromsø i min barndom. På sine gamle dagar flytte ho til Hamar der sonen no bur. Det vart difor ikkje så ofte ho hadde høve til å besøkje Bømlo.)mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Stenersen etterkommerene er fra 1 ekteskapet. I det andre ekteskapet hadde de kun Sigurd Mandius f.1894 som senere ble bosatt i Skien. Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Har vore lite 'på nettet' no etter jul, og har dermed beklagelegvis også oversett svaret eg har fått her frå Oddrun Thomassen. Tusen takk skal du ha. Ser ut til at det var rett mann du har funne. Har leita lenge for å finne ut av dette.Det kan ut frå konfirmasjonen til Oskar også sjå ut som oldemor si syster Inger Maria kan ha vore gift ei kort stund med denne hestehandler Ole Pedersen Solheim. Ho er i alle høve oppgitt som hustru ved Oskar sin konfirmasjon. Men eg har også dokumentasjon på at ho gifte seg med Johan Stenbro og at dei ma. fekk dattera Jenny i 1890. Første ektemannen Ole Eilivson Fjon døydde i 1884, same året som dei gifte seg. (Han var også far til eldste sonen Ole Martin). I så fall vart begge dei 2 første ekteskapa hennar ha vore svært korte.Då ser det i allefall ut til at Oskar nytta faren sitt mellomnamn Pedersen som etternamn. Skal no leite vidare etter meir info i USA. Kanskje eldste broren Ole Martin også enda opp i California?mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Helga Kallevik

Hei!Hadde vore veldig glad dersom nokon med abonement på Ancestry.com kunne sjå om dei finn personen i innlegg nr.15 i census 1910, 1920 eller 1930? I 1920 er det vel kanskje ein mulighet for at han oppholdt seg i Imperial county, California. Det er nok også ein mulighet at han omkom i WW1 utan å etterlata seg noko meir 'spor'.Har prøvd å leite på div. USA sider (California), finn mange Ocsar Peterson, men vanskeleg å seie om det er den rette, så lenger der ikkje er oppgitt fødselsdato på det eg finn. Så til no er nok einaste sikre sporet det Oddrun fann.mvh Helga Kallevik

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.