Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33149] Voldtektsoffer i Bø i Vesterålen 1857 -kven var mori og kvar vart det av barnet?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nokre av kyrkjebøkene for Bø i Vesterålen er komne på nettet, og mellom anna finn eg ein fødsel 14.7.1857 av ein gut Martines. Faren var ungkar Hans Monsson Rønnei, medan mori heitte Mette Marie Pedersdotter, gift kone. Bustaden hennar er ikkje oppgjeven.I merknadsruta står det at barnefaren var kårmann i Sogn og at mori hadde klagd han inn på grunn av voldtekt! Faren kjenner eg; han var frå Luster i Sogn, men kven var mori og kvar vart det av guten? Eg finn ikkje nokon av dei i Bø i 1865!Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann stokken

Hei :-)Eg trur ikkje eg tek mykje feil når eg seier dette er rette Mette: LenkeDet er ikkje så veldig langt frå Bø til Øksnes.Men så var det vesle Martines då... :-)Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Mariann stokken

Kunne nesten tru at han var død, eg kan ikkje finna han(men kanskje nokon som er betre å leita/søkja klarar det), visst han då ikkje vert kalla 'son' utan å faktisk vera det...Venleg helsing Mariann.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Åshild Vang

I kirkebok for Bø finnes det en Martines Hansen som døde 26.01.1858, 1/2 år gammel. Kanskje det er forklaringen på hele 'gåten'?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Mariann og Åshild for svært interessante innlegg. Eg er imponert; eg trur so sanneleg at de har funne svari på spørsmåli mine! No burde det vel ikkje vera so vanskeleg å finna ut litt meir om Mette Marie og livet hennar? Kanskje bokskrivaren for Øksnes kan bidra med noko?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan I. Borgos

Mette Maria Grøn Pedersdtr var født i 1817 på Kalsnes i Hadsel av foreldre Peder Anderssen og Mortine Malena Nilsdtr Strøm. Hun kom til Øksnes i 1865 eller like før, der gifta hun seg (1866) med enkemannen Iver Tønnes Salomonsen (barnløst ekteskap). De flytta til Bø, der døde Iver i 1878. Jeg kjenner ikke skjebnen til Mette etter dette.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan for nye interessante opplysningar om Mette Marie Pedersdotter.Mette vart altso gift med Iver Salomonsen som ho tente hjå i 1865, og parfolket flytte til Bø. Eg ser dei budde 1875 på Hovden i Bø, so dødsdatoen hennar må vel vera i Bø ein eller annan stad...!?Elles ser eg me sit framleis att med eit spørsmål om kven Mette var gift med på den tidi Martines Hansson vart fødd...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.