Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Torill Steien

[#33243] Ulike skrivemåter - Kari Jeanette f.1889 i Bergen

Recommended Posts

Gjest Torill Steien

Hei brukerforumEtter å ha surfa rundt i det heilt fantastiske Digitalarkivet ”vårt” i eit par år, har eg gjort meg nokre tankar rundt dette med korrekturlesing og feil i arkivet. Eg har kanskje vore uheldig, men søka etter mormor mi har gjeve meg overraskande mange lett forundra opplevingar, - til slutt blei reksjonen meir av typen, ”ja,ja – det var den varianten”.Første funnet er i basen Døypte i Bergen 1816-1894. Mormor var fødd i 1887 og hadde den litt spesielle namnevarianten Kari Jeanette, - og burde ikkje vere så veldig vanskeleg å finne. Som gammal bibliotekar/arkivar meiner eg at Jeanette bør vere pregnant nok til å få meg kjapt gjennom dei fleste søk. Ingen treff på ”namnet lik” Kari Jeanette, - men ettersom namna i den familien var litt spesielle finn eg dåpen via mora, Dina Karoline, - [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=doep1816&gardpostnr=36210&merk=36210#ovre>LenkeAltså med den merkelege tilføyinga de i namnet, det er skrive Kari Jeannet de Johnsen.Neste forsøk blir sjølsagt i Folketelling 1891 for Bergen, eg får framleis ikkje treff på Kari Jeanette, men på LenkeOg då med namnet Jeanette Johnson, - ikkje så umuleg det, ho blei alltid kalla Jeanette, og faren var opprinneleg svensk.Neste forsøk er sjølsagt 1900-telling for 1301 Bergen, ingen treff på namn som inneheld Jeanette, - her må vi bruke fantasien, heller ikkje på Dina eller på Selma (ei av søstrene hennar) men når eg prøver med Sven, blir resultatet så lite at eg kan leite gjennom alle ”sven’ane”. Og finn tilslutt Sven Jensen – gasværksarbeider – fødd i Sverige, og tester den. Lenke Jo da, det er heile famlien, men registrert med etternamnet Jensen, og for å gjere det heile komplett har mormor fått namnet Janette.Eg har enno ikkje sjekka konfirmasjonen, som truleg har vore i Johanneskirken i Bergen, men er spent på kva presten der har registrert.Vi veit, frå alt ho sjølv har skrive at både Kari og etternamnet Salhus som ho fekk ved giftarmål var for ”bondske” og ho nytta stort sett namnet Jeanette Johnsen når ho underteikna. Ho gifta (1914) seg og fekk (1915) det første barnet i Sandnes, eg har ikkje hatt høve til å sjekke kyrkjebøkene derifrå. Men dei nye innskanna kyrkjebøkene, har gjeve meg høve til å finne dåpen til dei tre neste barna hennar, og der ser det ut til at når ho styrte innføringa sjøl, blei namnet korrekt. Med eitt unntak, ei av registreringane blei til Jeanne Johnsen.Når eg til slutt skulle leite etter registreringane av dødsfallet hennar, venta eg at desse informasjonane (skifteregister og registrering i kyrkjeboka) i så sterk grad var overvåka av familien at då måtte det få bli korrekt, - men nei då.I skifteregistringa i Døde i Bergen 1912 – 1972, fekk eg heller ikkje treff på Jeanette, og valde å gå vegen om etternamnet (det offisielle) Salhus, og då fekk eg treff på Lenke Altså med namnet Kari Jjanette Salhus.Siste forsøk blir i den relativt nye basen Døde i St. Markus sokn i Bergen 1921-1961, heller ikkje her blir det treff på Jeanette, og eg må gå vegen om etternamnet. Det viser seg at eg burde fått treff på ”inneheld” Jeanette, men kjem i alle fall i mål, - med ein heilt ny vri:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Hans Mathisen

Det bør ikke forbause at navn og navns skrivemåte varierer i kildene. Det har vi alle opplevd som har denne hobbyen.Med forbehold om at jeg kanskje ikke oppfatter deg helt riktig, vil jeg bemerke at dersom du virkelig har søkt på 'Fornavn' og 'Inneheld Jeanette', så kan du selvsagt ikke vente å få treff på f.eks. Janette eller for den saks skyld alle andre tenkelige og utenkelige stavemåter. Men om du f.eks. hadde søkt på 'Inneheld nette', så ser det i ditt eksempel ut til at du hadde fått henne med deg i alle de baser du nevner. Og om du bruker søkevarianten 'Inneheld', men likevel skriver inn hele fornavnet, så blir det jo det samme som å bruke 'Er lik', og dermed utnytter du ikke den store fordelen som 'Inneheld' gir.Om jeg har misforstått ditt innlegg, så vennligst tilgi dette innlegg, som jeg ser lett kan oppfattes som belærende. Slik er det ikke ment.Med vennlig hilsen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Marie Skålnes

For ein del år siden feira postkontoret i mi opphavelege heimbygd 100-års jubileum (så vart det nedlagt...). I den samanheng fekk eg lesa i den aller første postprotokollen, som inneheldt oversikt over ankomne pakkar og penger. Då la eg merke til at når folk kvitterte for ei postsending stava dei ikkje alltid navnet sitt likt, dette kunne gjelda både for- og etternamn. Bestefar og syskena hans skreiv t.d. Aslaksson/dotter og Skålnes/Skaalnes/Skaalnæs om kvarandre.Ein del av feila i digitale arkiv, er nok avskriftsfeil, men sikkert ikkje alle. Rundt 1900 levde det framleis personar som hadde problem med å skriva. Oldeforeldra mine var fødde rundt 1850, og iallfall eit par av dei skreiv under på lån og gardsoverdraging 'med påholden penn'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.