Gå til innhold
Arkivverket

[#33335] Arent Storch gjestgjevar i Marifjøra frå 1764 til 1775 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Per Nermo

Gunnhild Sophie Larsdotter Rødberg (1726-1821) og Thomes Vithman Rein (1732-før 1771) blir dermed altså søsken. Eller har de ikke samme mor ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Dess meir eg tenkjer på det; det er ikkje noko urimeleg i tanken om at Arent Storch Henrikson, fødd på Øvre Strand i Nesna i 1720, godt kan vera mannen som kjem til Marifjøra i Hafslo i 1760-åri som ein ''avdanka'' prokurator. Kan du, Knut Riksen, Jr., fortelja meg litt meir om den næraste ætti hans?FamilySearch nemner Henrik Abrahamson Strand med kona Ma(gda)lena Arentsdotter Storch og to born:* Kirsti, fødd kring 1712* Arent, fødd kring 1715Mellomnamnet Storch manglar hjå sonen, men Mormonarane har vel ikkje nytta originale kyrkjebøker!? Finst dei so langt attende?Elles, veit du om Henrik Abrahamson var skipper eller handelsmann?Arent Storch i Marifjøra fekk forresten som nabo løytnant Jens Bremer som hadde eit søskenbarn Dominicus Nagel Lemvig som flytte til Karstensøy i Nærøy, og elles veit me jo at handelsverksemdi gjekk livleg oppover (og nedover) kysten!MEN: FamilySearch nemner òg ein Arent Henrikson som gifte seg i Nesna 30.6.1765 med ei Aletta Holgersdotter. Det er vel ikkje Arent Storch Henrikson det er tale om??Kvar det vart av Arent Storch etter at han selde landhandelen i Marifjøra i 1775, er framleis òg eit mysterium...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Attende til Nesna, so har eg kikka litt meir på FamilySearch, og eg ser at Aletta Holgersdotter tydeleg var gift tre gonger:* 30.6.1765 med Arnt Henrikson* 4.1.1767 med Peder Jensson* 2.10.1785 med Hans EriksonI 1801 er enkjemannen Hans Erikson, 63 år, busett som ''charite'' hjå gardbrukar Hans Pederson, 30 år, på Store Fagervik i Nesna. Truleg er det denne Hans som var gift med Alette, medan Hans Pederson KAN vera son hennar frå ekteskapet med Peder Jensson!?Men spørsmålet er framleis: Kven var denne Arnt Henrikson? Var det Arnt Storch Henrikson??? Kanskje einkvan med ei bygdebok for Nesna kan svara på dette spørsmålet?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Arent Storch vart avløyst som gjestgjevar i Marifjøra i Hafslo i 1775 av ein borgarson frå Herøy på Sunnmøre, Johan Fredrik Wiig (sjå tema #36344). På bakgrunn av opplysningar mottekne om Johan Fredrik Wiig, spekulerer eg no på om det kan ha vore ein samanhang mellom Arent Storch og Johan Fredrik Wiig, men om dette kan bidra med å spora opp anten opphavet eller lagnaden til Arent Storch er usikkert.Elles ønskjer eg å kasta fram ein annan teori: Like innanfor Marifjøra og gjestgjevariet ligg husmannsplassen Clagusberget, og husmannen der med kone, Claus Ellingson og Martha Arnesdotter, flytte kring 1780 til Bergen. Claus døydde alt i 1783, men Martha (fødd i Hafslo 1736) skal ha vorte attgift med ein gjestgjevar som budde ''utanfor Bergen''. Arent Storch var nett vorten enkjemann då han flytte frå Marifjøra i 1775, og no er spørsmålet om desse to (d.v.s. Martha og Arent) kan ha slege seg i lag...? Eg har leitt etter Martha Arnesdotter i heile Sogn og Fjordane og i Hordaland; kanskje flytte dei til Sunnmøre??Alle gode tips er framleis velkomne!Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 måneder senere...
Gjest Knut Riksen jr

Hei Lars, Beklager at jeg ikke har sett din forespørsel i nr 31 før nå. Jeg slekter ikke selv på denne Storch så mine innsamlede opplysninger er heller begrenset. Men Frode Holthe har noe mer i sin database over hans ætt. Se Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.