Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33341] Mikkel Rasmusson Asch ''bondemand'' - gift i Bergen 1730 - frå Askøy eller kvar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Mikkel Rasmusson ''bondemand'' og Margretha Henriksdotter gifte seg i Domkyrkja i Bergen 2.7.1730. Dette paret fekk ei dotter som er registrert fødd i Bergen:* Ingeborg Mikkelsdotter, døypt i Domkyrkja 1.2.1733. Då er foreldri kalla: Mikkel Rasmusson Asch og Martha Henriksdotter.Gjertrud Mikkelsdotter f. Asch, gift første gongen i Hafslo 1750 med gjestgjevar Thomas Witmanson Rein og andre gongen i Hafslo 1764 med gjestgjevar Arent Storch, døydde i Marifjøra i Hafslo 1772 og vart oppgjevi vera 51 år gamal.Hovudspørsmåli mitt er om Gjertrud kan vera dotter av Mikkel Rasmusson Asch (og ei første kone) og kven Mikkel Rasmusson Asch eigentleg var? Kan han ha vore frå Ask på Askøy?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Jeg har ingen tips, Lars, ville kun spørre om du ikke har motforestillinger mot å anvende ''son'' og ''dotter'' om bergensene på 1700-tallet ?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har i kveld korkje ønskje eller tid til å gå inn i ein detaljert språkdiskusjon, men vil svara NEI på spørsmålet til Tore! Som bygdebokforfattar for Luster skriv eg konsekvent på eit mål som er dialekttilpassa, og so lenge som eg skriv om folk som søner eller døtrer av ein eller annan namngjeven person, so følgjer eg kva eg meiner er ein del av vår gamle norske kulturarv, og nyttar -son og/eller -dotter ilag med farsnamnet. Dette gjer eg ogso når det gjeld danskar og svenskar, ja endåtil innvandrarar frå Bosnia eller Sri Lanka dersom dei bur i NOREG, MEN i dei tilfelli der farsnamnet er ETABLERT som ættenamn, noko som vart vanleg i Bergen by ut på 1800-talet, so respekterer eg sjølvsagt -SEN formi som ættenamn. Soleis kan ein hjå meg finna former som til dømes ''Mikkel Jensson JENSEN''. Samstundes tykkjer eg at dette er ein glimrande måte å sjå forskjell på eit ''ekte'' farsnamn og eit etablert ættenamn!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Helt greit svar. ''son'' og ''dotter'' fordi det er ditt skriftspråk. Også om bergensere på 1700-tallet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

En annen fremgangsmåte ville vært å normalisere personnavn etter uttalen og tradisjonen på det sted og på den tid personene levde.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tore H Vigerust

Det siste er i ovenensstemmelse med Norsk språkråds anbefaling. Presisjon: jeg tenker her på Bergen på 1700-tallet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Tore skriv:'En annen fremgangsmåte ville vært å normalisere personnavn etter uttalen og tradisjonen på det sted og på den tid personene levde. ... Det siste er i ovenensstemmelse med Norsk språkråds anbefaling. Presisjon: jeg tenker her på Bergen på 1700-tallet.'Tradisjonen til kven? Presten eller byfrua? - eller alle dei strilane, sunnfjordingane og t.d. tyskætta som utgjorde fleirtalet av ibuarane i Bergen?Nei, lat han Lars få skriva sitt i-mål i fred - og son/dotter òg om bergensarane. Det gjer godt å lesa slikt. For det var nok slik folk flest, også i Bergen, snakka i den fyrste generasjonen strilar og sunnfjordingar som kom til byen den gongen. At ein proletar frå Sunnhordland seinare var så språkleg fisefine at han sa opp Bergens Arbeiderblad avdi avisa hadde omtala han på nynorsk i høve 70-årsdagen, tilhøyrer bergensk språksoge på 1900-talet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Yngve Nedrebø

Mikkel Asch var fra Askøy, som lå under Domkirken i Bergen fram til 1741. Han regnet seg nok slett ikke som bergenser, og ble nok ikke regnet som bergenser av noen andre heller, før i innlegg 2 og 4 her.Askøy er i dag en egen kommune, og har i språkspørsmål (i likhet med Bergen) gjort vedtak om å være nøytrale.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tore, Bjørn og Yngve for ytterlegare kommentarar om skråkdrakti mi. Men òg ein takk til Yngve som stadfestar opphavet til Mikkel Rasmusson frå Askøy.MEN, er det nokon som kan svara på spørsmålet mitt ifrå utgangspunktet? Er det ættesamanhang mellom Mikkel Rasmusson og Gjertrud Mikkelsdotter Asch, som kom til Marifjøra?Eg takkar og bukkar so mykje for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bjørn Davidsen

Eg har sett litt på dét òg. Problemet er at Mikkel R. ser ut til å vera ein av dei mange som berre er innom Ask/Hop på Askøy nokre år. Eg kan ikkje så at Mikkel er død i Askøy etter 1742 / StJ før 1742. Kan han ha flutt til Hafslo og dødd der? Eg finn heller ikkje skifte/skiftedestinasjon i Nordhordland etter han eller kona. Eg trur vi må i tingboka for å finna kor tid han kom til Ask. Men der står det ikkje kor han kom frå.Førebels er tida 1701-42 etter måten tung å arbeida med når det gjeld Askøy, serleg dei som kjem dit og dreg vidare. Jølstringane har vi eit etter måten godt oversyn over pga skifte i Jølster. Og nokre sogningar har me funne, men lite om dei som berre er innom nokre år. Og grunnen til at eg trur han er dét, er at han berre har eitt ekteskap og ei dotter bokførd i DK - og ikkje noko i Askøy etter 1742.Eg skal ha eit auga til han frametter og sjå om eg finn noko meir.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Bjørn for nytt konstruktivt innlegg!Eg kan ikkje sjå at Mikkel Rasmusson Asch er avliden i Hafslo, men diverre byrjar ikkje dødsfalli i kyrkjebøkene her før i 1755, so han kan godt vera flytt hit i lag med dotter si, utan at me veit det... Elles er Mikkel-namnet svært lite brukt i Hafslo, og eg trur ikkje at Mikkel Rasmusson kan ha hatt noki tilknyttng hertil før ho, som kanskje(?) var dotter hans, flytte hit!Eg vonar at du Bjørn har hell med deg og finn ut noko meir om denne ''potensielle'' svigerfaren hans Thomas Witmanson Rein i Marifjøra! Nok ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.