Gå til innhold
Arkivverket

[#33507] Oppslag/leitearbeid(?) i Kyrkjebok for Strandvik, Fusa


Gjest Mariann Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Mariann Stokken

Eg skulle gjerne visst f.datoen til tippoldefar.Iflg. f.t.1865 er han f. 1820 + at han(?) har oppgjeve at han er f. i 'Stordøen', då han døyr i 1885 er oppgjeve f.år 1824.Eg har leita med 'lys og lykte', etter han i krk.bøkene for Stord, men eg finn han ikkje.Eg trur at bygdeboka for Fitjar(han budde her frå han gifta seg i 1855) har rett når det står skrive at han er fødd i Bergsvåg, Samnanger, er det nokon som har mogleik for å sjekka dette?Det hadde vore kjempesnilt!!!Eg veit det som elles er å vita om denne mannen, men dette....Venleg helsing Mariann.PS: eg legg det inn her, sjølv om har lite tru på at dette leite arbeidet vert løyst av dykk på arkivet, det forventar eg heller ikkje, de gjer ein super jobb iallefall!!! :-)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

God morgen Mariann.Ja ,du har rett i at dette er vanskelig, rene nåla i høystakken om du spør meg.Jeg vil gjerne hjelpe deg om jeg kan, men ikke kjenner jeg deg, og i alle fall ikke tipp-oldefaren din.I andre spørrekonkurranser får man gjerne noen stikkord eller alternativer.Hva med et aldri så lite navn? Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

HA HA HA HA!!! (Jada, eg veit at dette var høglytt, men eg lo høgt og hjarteleg!!!)Ein ting er iallfall sikkert og det er at eg lærer vistt ikkje av eigne feil!!Eg trur det er tredje, visst ikkje meir at eg tabbar meg ut, når eg lagar innlegg seint på kveld!!Her er tipp-oldefar med familien sin i 1865: LenkePå Fam Search står det at han vart f. 1826...Foreldra heitte Kristoffer Larsen og Brita Stensdtr. dei budde på Nedre vågen i Strandvik, men 'ryktet' vil ha det til at dei flytta til Stord...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Hei igjen Mariann.Det var da endelig godt at det ikke var øynene mine det var noe galt med.Jeg ser du opererer med ulike fødselsår på din tipp-oldefar.Og jeg vet heller ikke om du har funnet foreldrene hans andre steder enn i forbindelse med ekteskapet hans på FamilySearch.Om det er riktig bør du sjekke kirkeboka for Os ang. fødselen i 1826.For FamilySearch sier han er født i 1826 i Os pr.gjeld.Forøvrig giftet Kristoffer og Brita seg i Os i 1816.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk :-)Ja, det står Os, men Strandvik låg under Os, så eg trur at det er bygdeboka for Strandvik...Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei, MarianneEin gledelig overraskelse til du. Eg har funne dåpen til Lars. Den er ført i kyrkjebok nr 14 for Os (MF Os MINI A14). Der på fol 2 linje 12 står det at Lars var fødd 29 januar og døpt 6 februar i 1826, og at foreldra var Christoffer Larsen og Brithe Steensdr BergsvaagMagne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hatvik

Bergsvågen er ein liten gard ved Lukksundet lengst sør i Fusa kommune, Strandvik sokn, som fram til 1964 også var eigen kommune. Lukksundet skil øya Tysnes frå fastlandet og bind Bjørnafjorden og Hardangerfjorden saman. Brua over Lukksundet kryssar sundet ved Bergsvågen.Elles finn du meir om Bergsvågen og folket der i Olav B. Skaathun sine bygdebøker for Fusa.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Mariann Stokken

Takk for informasjon!Han flytta ikkje langt frå heimen då, for han var f. på andre sida av Lukksund brua, (på Tysnes altså)Korsnes heitte det der.Kvar det var fann eg ut på ein rundtur me hadde i sommar, der stod det brått Korsnes på eit skilt.Det er ganske moro å finna ut kvar forfedrane heldt til!Venleg helsing Mariann.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.