Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33595] Martinus (1872) og Severin (1878) Samsonsøner frå Davik til Amerika, men kva år?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Martinus Elias Samsonson var fødd på Lefdalsbakke i Davik, Nordfjord 15.7.1872, ogSeverin Peder Samsonson, fødd på Lefdalsbakke i Davik, Nordfjord i 1878, var brør og utvandra nåe til Amerika, utan at eg har vore i stand til å identifisera dei i utvandringslistene!I 1928 vart Martinus BAKKE sagt å vera busett i San Francisco, CAI 1928 vart Severin BAKKE sagt å vera busett i New Westminister, BCEg ser ikkje noko tiul Martinus Bakke i amerika nske folketeljingar, noko eg finn merkeleg, men derimot veit eg at Severin Bakke gifte seg i Revelstoke, BC 15.6.1905 med Anna Olson (Finneberg), og han døydde i Coquitlam, BC 11.2.1970.Er det nokon med betre auge enn eg som kan finna:* Utvandringsåri til brørne Martinus og Severin (Bakke)?* Kanskje kan einkvan ogso råka borti Martinus Bakke i amerikanske folketeljingar?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Arne Solås

En kandidat for Martinus: LenkeHan reiser også fra Aalesund i september 1907, etter å ha vært hjemme på besøk. Det er vel samme mann som ankommer Ellis Island den 3. oktober 1907, og jeg mener det står Nordfjord som hans fødested.Mvh. Arne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Elin H. Skibenes

Trur nok Arne fann rett person.I teljinga for 1900 står det Davikens om fødestad:Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arne og Elin for svært interessante innlegg! No forstår eg kvifor eg ikkje fann Martinus utvandra over Bergen, som hadde vore det mest naturlege...!Elles ser eg at Martinus både i 1902 og i 1907 utvandra som gift mann utan kone, og båe gongane til Chicago, IL. Det er ein Martines Bakke i Chicago i 1910, men referansa på ancestry.com er feil, og eg finn ikkje rette sida. Heller ikkje kan eg sjå noko til kona Petrine Antonsdotter (Bakke) mellom emigrantane frå Ålesund, so då er spørsmålet:* Skilde Martinus og Petrine lag?* Kva skjedde med Petrine?* Framleis er det ei gåte kva som skjedde med Martinus i Amerika!?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest K. Huseby

Hei! Fint å se det er flere med røtter fra Davik. Min slekt var fra Kreken på Davik og mange av søskna til oldemora mi emigrerte til USA. Hva het faren til disse brødrene for noe mer enn Samson? Var han opprinnelig fra Lefdalsbakke også? Hvor ligger det hen?Hilsen K. Huseby

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest K. Huseby

Hei igjenRota litt rundt og fant det i ditt tidligere innlegg. Dro ikke kjensel på noen der...mvh k.h

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Elin for kjempefine opplysningar om Severin. Dødsatesten hans er på veg til meg frå Canada, og eg er likeins lovd ein ''lookup'' av nekrologen (obituary'en) hans.Elles har eg fått opplysning om at Martinus Bakke skal ha praktisert i Amerika som baptistprest, utan at det hjelper oss noko meir på veg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

Til innelgg 7: Faren var Samson Enochsen fra Endal. Lefdalsbakke ligger i Lefdal, ikke så langt fra Kreken, tvers over fjorden for Endal.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest sol høydalsvik ulvestad

I kyrkjeboka for Volda, som no er å finne på nettet, står det slik; Vigde 1892 Martinus Elias Samsons. Lefdalbakke, f. 1872 Far: Samson Enokson - gmd. Anna Petrine Antonsd. Bjørnenak f.1852 Far Anton Knutson Bjørnenak Så står det under ekteskap 1/2. K. 1. ekteskap oppløst ved døden.Garden Bjørnenakk ligg i bygda Folkestad, rett over fjorden frå Volda. Etter desse oppl. er Anna Petrine 20 år eldre enn Martinus og eg vil gå ut ifrå at det er ho som har vore gift før.Under døypte i 1893 finn ein Sina Gjertine f. 15.01.1893 - døypt 09.04 med foreldre Martinus Samsons. Bakke, f. 1872, skreddar, busett Halkjellsvik (no Volda) og Ane Petrine Andersd. f. 1852.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Roger Thauland

Some info from the 1910: 854 St. Louis, age 35, to US from Norway 1902, tailor of mens clothing; married 1 year to Inga, 32, to us 1904 from Norway, daughter Clara(?), 1 month. Roger.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk, thanks a million, til Tor, Sol og Roger for interessante innlegg!So then we know that Martinus Bakke remarried in Chicago, IL about 1909, and interestingly enough; Inga Bakke shows up as a WIDOW in the 1920 and 1930 Chicago censuses with the daughter Clara. And we find that Inga died in Chicago in 1945. One Martnas Bakke died in Chicago in 1936, and I am very happy indeed that you, Roger, will check out those records (re: message offline)Kyrkjebøkene for Volda syner at Petrine Johanna Antonsdotter Bjørnenak var fødd i Volda 18.7.1852, og ho fekk berre den eine dotteri Sina (jfr. FT1900) med Martinus.MEN, når me veit at Martinus gifte seg att i Chicago, IL kring 1909, so tyder dette ANTEN at Martinus og Petrine vart SKILDE, eller at Petrine DØYDDE!? Og då er spørsmålet: Finst det ei bygdebok for Volda som kan ''enlighten us'' i dette spørsmålet? Eller andre kjelder?Eg vonar i spenning på at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg finna ut av dette og takkar nok ein gong for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tor Kvien

I Årviknes sin Voldasoge fra 1973 er Petrine Johanna nevnt som den yngste av fem barn til Antonius Knutson Bjørnenakk. I følge bygdeboka var hun født i 1849, og giftet seg i 1879 med en Frants Knutson Hatløy. Her er det enten snakk om to med samme navn, eller en unøyktighet i bygdeboka siden kirkeboka sier 18. juli 1852. Dette er alt som står om henne i bygdeboka - ingen andre ekteskap nevnt.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk to Tor for siste innlegg!Eg er lei for å høyra at bygdeboki frå Volda ikkje fortel meir enn det su seier, so då er det ''back to square #1''. Kan det tenkjast at kyrkjebøkene for Ålesund har noko å fortelja oss?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

So har eg motteke stadfesting frå Amerika om at Martnas Bakke (Martinus Bakke) døydde i Chicago, IL 21.9.1936. Han døydde i heimen til kona Enga (Inga) der han då hadde butt i fem(!) dagar! Me veit at Martinus i 1928 var busett i San Francisco, CA, so han reiste nok berre heim for å døy...Derimot har det ikkje vore mogeleg å finna ei vigsle for Martinus og denne andre kona hans i Chicago, og heller ikkje finst det ein fødsel innført for dotter deira, noko som får meg til å spekulera vidare... Sambuarskap vart praktisert i Chicago for over 100 år sidan (til dømes var ei jente frå Luster sambuar med ein farga amerikanar alt i 1880-åri - dei var visstnok i lag i minst 25 år, men fekk aldri løyve til å gifta seg og ligg gravlagde på kvar sin kyrkjegard!!), so kanskje første kona til Martinus, Petrine Johanna, framleis levde i Ålesund då Martinus fann seg ''ny'' kone??Eg vonar framleis det er mogeleg å finna ut noko om lagnaden til Petrine Johanne og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×