Gå til innhold
Arkivverket

[#33617] Gjert Gjertson Mumme, hans famile og forfedrar


Gjest Finn Oldervik
 Del

Recommended Posts

Gjest Finn Oldervik

Under eit anna tema på dette forumet har eg tidlegare offentleggjort kven foreldra til Hemnepresten Gjert Gjertson Mumme var, -- utan å oppgje særleg nøyaktige kjelder.For å bøta på dette er det kanskje best å oppretta eit eige tema slik at opplysningane ikkje vert alt for perifere i forhold til det som opprinneleg var meininga.Avstamminga til Hemnepresten Gjert Gjertson Mumme har lenge vore ei gåte for slektsforkarane, også for meg. Det er no likevel mange år sidan eg fann ut kvar han kom frå. Etter å ha studert slekter i Midt-Norge i mange år, hadde eg etter kvart lagra mange namn i minnet som kunne takast fram ved høve. Då eg kom over ein inskripsjon på ei sølvskei i skiftet etter Surnadalspresten Johannes Irgens i 1760 (Sjå Geistlig skifte s. 165 b) var eg ikkje særleg i tvil kven det var snakk om. Inskripsjonen var om lag slik: Giert Davidsen & Adeluz Ågesdotter. Både Gjert og David er svært så sjeldne namn på Møre på den tida, og kombinasjonen Gjert Davidson trur eg ganske sikkert er eineståande. At denne mannen var identisk med sagbrukseigar på Kleive i Romsdal, ved same namn tvila eg ikkje det minste på, og gjer det framleis ikkje. Når det så gjeld Adeluz Ågesdtr. så var eg heller ikkje særleg i tvil om at ho var dotter til Åge Hansson og Synnøve Audunsdtr. på Lyngvær. Dette fekk nemleg alle brikkane til å falla på plass som eg tidlegare ikkje heilt hadde fått til. Eg hadde lenge vore obs på at det var ei slekt Mumme, Momme, Mom, Mun m.m. som heldt til i Romsdalen, men kvar ho heldt til, og korleis Hemnepresten, Gjert Mumme eventuelt nedstamma frå denne slekta grubla eg mykje på. I skiftet etter Gjert Gjertson i Hemne møtte Åge Kristofferson Holch frå Kristiansund og er nemnt som nær pårørande til den avdøde. Korleis dette hang saman hadde eg også grunda mykje på. No vart jo løysinga på dette problemet opplagt. I og med at Åge Kristofferson Holch var son til Kristoffer Zackariasson Holch og kone Anne Ågesdtr. (Lyngvær, Molde, Reknes), så vart jo Gjert Mumme i Hemne søskenbarnet til Åge Holch i Kristiansund.Samtidig med Gjert Davidson, var det og ein Johan Mune (Mumme) som dreiv sag på Kleive. Han dreiv både Øvre Åsen (Osen)sag og Nedre Åsen sag, -- den siste i lag med Gjert Davidson. I tillegg åtte Johan både i Gussiås og i Bakke i Eresfjorden.I Veøy kyrkje fanst i gamle dager (1773 Schønning B. 1 s. 132)ein likstein som hadde følgjande inskripsjon: ''1604 7. Dec. obiit Eberhardus Mum cum uxore Geeske Henrici. illa obiit 1612 6. Jan. & hic sepulti sunt'. Essensen i denne inskripsjonen er at Eberhardt Evert, Gerhardt, Gjert) Mum (Mumme) døydde den 7. des. i 1604. Han var gift med Gisken Henriksdotter som døydde den 6. jan. 1612. At desse to er blandt forfedrane til presten Gjert Gjertson Mumme i Hemne er svært truleg, men korleis samanhengen er ligg enda litt i skodda. Alle opplysningar som er relevant for å oppklara problemet er velkomne.Eg skal koma attende med vidare opplysningar om skiftet etter Gjert, dei tre konene hans og borna.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Jonson Dale

Dette er svært spennande stoff! Eg lurer likevel på om ikkje omsettinga fra Eberhardus på gravplata (som enno finst) til Gjert er litt for anstrengt. Eg ville ha stogga på Evert.de Seve (Molde bys historie) gjetta i si tid på at paret Evert Mum og Giske Henriksdatter var foreldre til hollendaren Herman Mumme, som dreiv trelasthandel i Romsdal kring 1600, men som flytta tilbake til Amsterdam.Ein yngre trelasthandlar i Romsdal, Johan Mumme, høyrer til generasjonen etter Herman Mumme.Sidan Gjert Davidsen ikkje brukte namnet Mum/Mumme er det vel rimelig at dette var mora sitt namn - eit namn som så kan ha blitt tatt opp igjen i neste generasjon. David var på denne tida eit typisk mannsnamn mellom dei skotske borgarane på Møre kring 1600, og det spørst om ikkje Gjert Davidsen var son av ein slik, men kanskje datterson til Evert Mum. Det er fleire å ta av.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg lova å koma attende til skiftet etter Gjert Gjertson Mumme -- og familien hans.Gjert døydde først i juni 1691 og det vart halde geistleg skifte 24.09 s.å. på Vesse i Hemne. Skiftet viser at Gjert hadde vore gift tre gonger:1. Først vart han gift (ca 1670) med føremannen si dotter; Lisbeth. Foreldra hennar var: Hr. Kristoffer Olson Røg og kona Marit Søfrensdtr. I dette ekteskapet vart det berre eit barn, sonen Gert. Mora døydde rette etter fødselen til Gert (Han skreiv visstnok sjølv namnet sitt slik).2. Seinast i 1672 hadde Gjert funne seg ny kone, nemleg Karen Knutsdtr. Glad f. 1645 i Vik i Sogn. Ho døydde i 1689 og var dotter til Knut Kristofferson Glad (f. 16.mai 1595 på Vågå d. 1657 og kone Marie Bertelsdtr. Mule f. 1614 i Oslo d. 1665).Følgjande born kom til verda i dette ekteskapet:a) Knut f. 1672b) Lisbeth f. 1674c) Kristoffer f. 1676d) Johan f. 1678e) Ove f. 1680f) Oluf f. 1683g) Hans f. 1686Til slutt vart Gjert gift med Christense Nathanaelsdtr. Buch (d. 1703). Ho var dotter til Nathanael Hansson Buch og kone Gjertrud Pedersdtr. Falch i Åfjorden, Sør-Trøndelag.Det vart berre ein son i dette ekteskapet; Rasmus. Den siste var oppkalla etter første mannen til Christense; Rasmus Jensson Gamborg. I følge Kjeld Bugge (NST XX s. 221) så vart Rasmus Gjertson handelsborgar i Trondheim.Diverre er det ikkje så mykje eg veit om desse borna. Både Gert av første ekteskap og dei to eldste sønene av 2. ekte., Knut og Kristoffer vart samstundes immatrikulert ved Universitetet i København i 1692. Gert vart kapellan i Sunndalen i 1704. Dotra, Lisbeth var gift inn i ei mektig lensmannslekt i Surnadalen (Ingebrigt Larsson Røv) og har ei mengd med etterkomarar både på Nordmøre og andre stadar. Det vert hevda at også slekta på Røv har røtter til Aspa.Av sølv i buet kan nemnast: 'Ei sølvkanne med Jesper Mongsons navn'. Eilert Casparsons (Schøller) navn, M. Schelderops navn.Lensmannen i Aure, Hans Halvorson Todal hadde krav i buet på heile 45 rd, medan Ouden Oudenson i Molde var skuldig 6 rd.Elles var Hr. Søfren Christopherson Lexvik tilstades på den eldste sonen sine vegne (morbror).Er det nokon som veit meir om kvar det vart av borna til Gjert Mumme?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marianne Holck

Dahl gir følgende tilleggsopplysninger om Giert Giertsen Mummes barn:Christopher: Hornemann sier han var født 1676 og død i 1737 som biskop i Ålborg. Ble gift med Elisabeth Ursin.Hans: Hornemann sier han var født 1683 og døde den 22/1 1723 som prest ved Ålborg. Ble gift den 20/10 1718 med Charlotte Sandhøj.Lisbeth: samme opplysninger som du har.Rasmus. Født ca. 1690. Ble borger i Trondheim.Ingen opplysninger om Knud, Johan, Ove og Oluf.mvh Marianne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Benedicte Hauge Kulø

Hei Jeg har ikke så mye greie på dette, men har notert Maren Elisabeth som datter av Gjert etter en bygdebok. Er det samme person som Lisbeth? Jeg har Maren Elisabeth gift med Ingebrigt Larsson Røv, og dette kunne stemme med alder. Dersom det er Lisbet, dattersønn til Gjert som ble gift med Røv, må han ha vært veldig mye eldre enn henne, minst 30 år da jeg har Ingebrigt som født i 1647.Jeg vil også gjerne vite hvilken debatt opphavet til Gjert Gjertson Mumme er nevnt i da jeg ikke finner den. Jeg kunne også tenke meg å få vite hvordan slektslinjen mellom Gjert Mumme og Åge Zackariasson Holch er. Vennlig hilsen Benedicte

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til BenedicteDei første opplysningane om Gjert Mumme finn du under debatt nr. 26180, men opplysningane der seier ikkje så mykje meir enn det du finn her.Vedr. (Maren) Elisabeth Gjertsdtr. som var gift til Røv i Surnadalen, så stemmer det at Hans Hyldbakk i bøkene sine nyttar dette namnet. Har ikkje sett det i noko originalkjelde sjølv, så eg kan verken stadfeste eller benekte at det er rett. Trur likevel eg ein stad har sett at Hyldbakk har oppgjeve kjelda for denne namnebruken, - kanskje eit dokument som dama sjølv har skrive under?Korleis slektsskapen mellom Åge Zachariasson Holch og Gjert Gjertson Mumme var skulle vel gå fram av det som alt er skrive. Mødrene deira var altså søstre og døtre av Åge Hanson og Synnøve Oudensdtr. på Lyngvær. Den siste var altså av aspaslekt og dotter til Ouden Erikson og Hustru Lisbeth på Veidholmen (Veien) og i Aspa.Elles kom eg til å skriva at Åge Zachariasson Holch budde i Kristiansund. Om ein skal vera litt pirkete så var det ingen stad det heitte Kristiansund på den tida. Dette namnet kom i bruk først i 1742 om eg ikkje hugsar feil. Før den tid var Lillefosen namnet på staden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Gløymde å kommentera alderen til Ingebrigt Larsson Røv. Han hadde vore gift før han fekk Mummedotre til ektemake. Med første kona si, Anne Olsdtr. Nordvik hadde han 5 søner; to som heitte Ola, Lars, Ingebrigt og Kristian. Den siste var nok oppkalla etter kong Kristian V som overnatta på gjestgiveriet som var på garden den tida. Elles har du nok rett i at Ingebrigt var godt og vel vaksen då han gifta seg med Lisbeth.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I det nest siste innlegget mitt kom eg til å skriva at Synnøve Oudensdtr. på Lyngvær var dotter til ein Ouden Erikson. Det rette skal sjølvsagt vera Ouden Torsteinson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Det er mulig at Hyldbakk bruker navnet Maren Elisabeth om Gjert Mummes datter et eller annet sted, men han kaller henne i alle fall kun Elisbeth i omtalen av gården Røv i førsteutgaven av 'Gards- og ættesoge for Surnadal'.For øvrig var vel Ingebrigt Røv ca. 57 år da han giftet seg for andre gang med Elisabeth. Jeg tror ikke jeg har sett noe fødselsår på henne.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

I mi utgåve av Surnadalsboka, som er ei ny og revidert utgåve frå 1980 kallar Hyldbakk 'Lisbeth' omtrent konsekvent for Maren Elisabeth (Lisbeth). Elles har eg lenger oppe gjeve opp fødselsåret til Lisbeth til 1674. Det må da bety at ho var godt under 30 år då ho vart gift med Ingebrigt Larsson.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars Steinar Hansen

Til innlegg 5:Gårpartene i Selbu må Gjert ha fått i hende via den tredje kona si, Christence Buch. Av skiftet etter hennes første mann, fogden Rasmus Jensen, fremgår det at han bl.a. eide 1 øre i Mastad og 1 sp. 1 øre i Flønes i Selbu.Roger de Robelin har forresten i 'Skanke ätten' denne Rasmus Jensen som en sønn av sogneprest til Åfjord Jens Mogensson Herdal. Han oppgir ingen kilde for dette. Er det noen som vet noe om hans avstamming?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Eg meiner å hugse at Jens Mogenson Herdal var bror til Henrik Mogenson Rytter frå Jämtland. Den siste kom til Stangvika på Nordmøre og vart ein relativt rik godseigar. Ragna Rytter har skrive ei lita, men interessant bok om denne slekta, men her og no kan eg ikkje oppgje nærare kjelde.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til siste spørsmåletSlik i farten kjem eg ikkje på noko slik utvetydig dokumentasjon. Indikasjoner er det imidlertid flust av. Synnøve Lyngvær hadde det meste av jordegodset sitt på Nordmøre. I odelskattemanntalet for 1624 står det at Erik Oudenson på Kvalvåg skattar både for seg sjølv og søskena sine for heile 29 spand, 1 1/2 øres landskyld, medan han for eigen del skattar for 5 spand. Synnøve Lyngvær skattar berre for vel 2 1/2 sp. i det same manntalet. Seinare oppgåver viser at ho eig mykje meir enn det. Grunnen må vera at broren Erik operere som ein slags ombudsmann for søskena sine bortimot så lenge han lever. M.a. står Erik oppført som eigar av Gullstein på Tustna i 1647. Seinare flyttar son til Synnøve, Hans Ågeson til denne garden. Ein grundig gjennomgang av eigedomstilhøva for dette jordegodset utover 1600-talet vil truleg utvetydig slå fast at Synnøve Lyngvær er søster til Erik Oudenson m.fl. og slik dotter til Ouden Torsteinson på Veidholmen (Veien)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Hermann Mumme døde ifølge Otto R. Grüner: Hollendertida i Romsdal i slutten av 1620 - åra. Johan Mumme visstnok 30 år seinare.Begge hadde tilknytning til Mjelve og Grüner nemner at det synes å vere eit samband til folket på Mjelve og nemner då sæsrskilt Lauritz Bendtsen (Bendixen) som skulle vere ein storkar - gift med Lucretia Jonsdatter Mørck (Mork?). Tar dette etter minnet, men det er kanskje nokon som har høve til å sjekke dette nærmere i Grüner si bok.Ser ikkje ut til å vere så mange med namn David som er omtala på den tida, her er nokre.David Jensen Gjermundnes som overtok ein del sagbruk.John Johnston Scot hadde truleg ein bror/halvbror eller svoger som heitte David. Denne David var far til Lispet Davidsdatter på Molde.Ellers er skipperen David Gentleman nemnt 1707.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Til innlegg nr. 13Diverre kan eg ikkje sikkert seia kvar eg har desse årstala frå. Eg hadde ein datakræsj for mange år sidan der mange slektshistoriske opplysningar gjekk tapt. Dei årstala eg oppgjev i det tidlegare innlegget mitt er teke frå ei enkel datautskrift frå den tida, men er utan kjeldetilvisning. I det handskrevne notatet eg har funnet frå skiftet til Gjert Mumme står ingen alder oppgjevne for borna. Likevel er det truleg at originalskiftet har slike aldersoppgåver.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest John H. Aarønes

Litt blanda stoff og ein spekulasjon om Lucretia Johansdatter Maarch af Methouf:Et tingsvitne dat. Osen 13/4 1657 forteller at det er Gjert Davidsen på Molde og Lauritz Bendtzen på Mjelve som bruker saga (Nedre Osen sag). Den står på odelsgrunn.Laurits Bendtzen Mjelve (Død før 04.12.1668) og Gjert Davidsen har saga fram til 1665.Laurits Bendtsen Mjelve var gift med ei Lucretia Jonsdatter. I 1693 vert ho kalla Johansdatter då ho sel eit hus i Molde saman med Joen Bendixsen (Vichene). I 1696 er ho nemnt afgangne Lucretze Morch. I 1688 vert ho kalla Lucrisse Maarch af Methouf.Kan dette vere ein kandidat som datter av Johan Mumme?Ellers skriver M. Rogne i Haram bygdebok s. 116f om Laurits BendtsenLauris Bendiksen Jude på Mjelve i Bolsøy, åtte 1 1/2 våg i Flem (Haram) i 1661. Denne mannen var nok gift med ei som som arva Rike-Torstein eller hans gods i Bolsøy, etterdi han åtte Mjelva. Det ligg nær å tru at han var far til Søren L. Flem, men prov vantar. Han levde til ca. 1690. Søren Flem døydde 1683 og etterlot seg nokre born som ervde han, Ole, Lars og Gjertrud er nemnde. Dei åtte 1 våg 1 pd. 12 mark i Flem som stif-faren Christen Nilsen brukte til st. sonen Lars Sørensen overtok det. Ole var då alt død. Lars døydde nokre år etter, utan born. Eigedomen kom så til Arne Larsen Flem gift med Gjertru Sørensdotter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takkar John for interessant innspel. Eg kan nok ikkje kommentera dette så inngåande førebels, då personane du nemner er ukjende for meg (utanom Gjert Davidsen då).Lucrisse Maarch af Midthouff kan jo lesast som Lukretsia Mork frå Midthaug. Mork er, etter det eg kan sjå, nabogarden til Mjelva. Om det heiter Midthaug i nærleiken veit eg ikkje. Eg ser det slett ikkje som usannsynleg at ho kan vera dotter til Johan Mumme. Han har kanskje bodd på Mork eller Midthaug? Den Jon Bendikson (Vikene) som sel eit hus saman med henne kan kanskje vera bror til mannen hennar?Elles er det interessant å få avdekka litt av personmiljøet rundt desse sagbrukseigarane, samtidig som ein grip litt tak i eigedomstilhøve. Dette kan etter kvart verta til stor hjelp når ein skal finna slektsrelasjoner.Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Midthaug ligg på Skåla, tvers over fjorden frå Hjelset, så det ligg ikkje så langt frå Mjelve, i allefall ikkje med båt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Joen Bendixen har ein bror Iver Bendixsen Male. Begge levde i 1708. Iver Bendixen Male var lagværge til Karen Bendixdatter som var gift med Anders Hansen (Juul).Skattemanntallet av 1657 nemner ein Lars Berentzen med 15 kjør 2 hester, 28 småfe og 1 svin. Navn på gården vert ikkje oppgjeve. I Bolsøyboka (har ikkje notert kva for bd., men sidetalet er 313f) står: 'Dette må være den egentlige 'opsidder' på Reknes i 1657.Eg tolkar kvegskattemanntallet litt annleis. Han står oppført som førstemann under Molde (ikkje Reknes)med kjør hieme og paa Foer framføre Oelle Molde og Rasmus Lub.Kva skal ein tru?Ellers nemnes Gjert Davidsen 60 år i folketelling 1664 ifølgje J. A. Schneider 'Molde og Romsdalen'. Bolsøyboka ser ut til å skrive den samme for Gjert Lauridtzen 60 år.Men han ser ut til å ha budd på Gjert Davidsens Grund. Omtrent samme stad på slutten av 1600-tallet budde Lispet Davidsdatter(skjøte frå Audun Aagesen 1648, men ho var nok ikkje den første eigaren), død 1709. Hennes onkel var John Johnston Skott (ca. 1626-1696).I 1657 er Gjert Davidsen ført under 'Molde Fiere' med 1 hest, 3 kjør: 1 ort 8 s.Gierdt Dauidsen er oppført i jordeboka for Romsdal 1661 etter Molde og betalar då 1/2 rdr. i grundleie.Ellers ein Aslach Dauidsen nemnt i same kjelde som strandsidder med 1 ort i Grundleie og 1 ort i skatt.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Finn Oldervik

Takk for nok eit interessant innspel med opplysningar om stamfaren til Mummeslekta i Hemne, Gjert Davidson på Kleive og i Molde. Etter manntala, så skulle da Gjert vera født ein stad mellom 1600 og 1610. Dette skulle stemma greitt nok som far til Gjert Mumme. Derimot er det vel tvilsomt om han er bror til Lisbeth Davidsdtr.. Kanskje Gjert Mumme hadde ein bror som heitte David som var far til Lisbeth? Det er vel også tvilsomt om Jon og Ivar Bendikssønner kan vera brør til Lars Bendtson. Dei vert vel for unge til det.Har du funne ut noko om Johan Mumme, når han kjem bort i kjeldene. Det kan vel vera slik at Lars Bendtson og Gjert Davidson er gift med kvar si dotter til Johan? Det er da kanskje Johan eller kona som var arvingar til Mjelvagodset?Mvh Finn

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest John H. Aarønes

Johan Mumme sit aleine med Øvre Osen sag i 1657. Han er nemnt som sal. 1658. Da er det hans arvinger som svarer sagskatt for Øvre Osen. Og fra 1659 til 1665 har Laurits Bentzen Mjelve saga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.