Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#33711] Torsten Andersson Lofthus frå Voss, fødd 1872, til Amerika 1892 - opphav/lagnad?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Torsten Andersson Lofthus, oppgjeven å vera fødd på Voss 11.1.1872, skal vera son av Anders Torstenson Lofthus og Britha Kjeldsdotter Fenne. Torsten utvandra til Amerika i 1892 og var snikkar og byggmeister i Madison, Dane Co., WI fram til 1920-talet då han forsvinn.Torsten ''Thomas'' Lofthus gifte seg i Madison, WI 9.12.1897 med Bertha Johannesdotter Sviggum, fødd i Hafslo i Sogn 3.11.1871; ho utvandra i 1893.FT1930 for Seattle, King Co., WA syner Bertha Lofthus som ''gift kone'', men åleine med to born, og ho døydde i Seattle, WA 24.5.1938, men ligg gravlagd åleine! Det har so langt ikkje vore mogeleg å finna dødsfallet til Torsten/Thomas Lofthus registrert korkje i Wisconsin eller i Washington. Dei to borni, som levde opp, budde båe i Seattle, WA.Er det nokon med lokalkunnskap på Voss som kan hjelpa meg med:* Stadfesta fødselsdatoen til Torsten Andersson Lofthus, 11.1.1872?* Fortelja meg kva yrkestitel Anders Torstenson Lofthus hadde og kvar (eventuelt plassnamn) Anders og Britha budde?* Fortelja meg eller stadfesta kva gardar på Voss Anders og Britha hadde opphavi deira, Lofthus og Fenne?* Og endeleg, finst det opplysningar på Voss om den endelege lagnaden til Torsten ''Thomas'' Andersson Lofthus i Amerika? Flytte han kanskje heimatt til Voss??Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det er ikke svar på spørsmålene dine Lars.Men jeg antar at dette er hustruen og barna som har vært i Norge på besøk. Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Rune for spennande innlegg! Det er nok rett huslyd i FT1875, men her tykkjest det framleis vera uklåre ting:Korleis fekk Torsten namnet LOFTHUS? Var han kanskje fødd der, eller busette han seg der seinare i livet? Eg trur kanskje det siste kan vera tilfelle, for då søsteri Kirsti Andersdotter utvandra i 1893, so er ho ''husmannsdotter'' frå Lofthus!Men Anders kan jo òg vera fødd på Lofthus?Eg vonar at ein eller annan ''Vossaspesialist'' vil vera i stand til å klara opp i dette problemet og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Som vanlig så skaper FamilySearch mere usikkerhet.Her er fødselsdatoen til Torsten oppgitt til 10.07.1872 og dåpsdato 04.08.1872. Her må nok noen ta en titt i kirkeboka for en avklaring. Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

FamilySearch sier at Anders og Brite giftet seg på Voss 08.06.1869.Et oppslag i kirkeboka gir kanskje svar på fødested.(Har problemer med lenker til FamilySearch i kveld.) Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rolf Erik Veka

Lars E. Øyane.Eg prøver å finn e-post adressa di, men lukkast ikkje. Kan du ta kontakt.Rolf Erik Veka

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Ved søk i Rygh fant jeg at Lofthus er gnr. 87 og Lirhus gnr. 88 i Vangen, Voss.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Rolf Erik og Berit for nye innlegg. Eg har i mellomtidi spora opp nolevande etterkomarar etter denne huslyden i Seattle, WA og ventar på fleire opplysningar derifrå. Men framleis står spørsmåli om opphavet opne.Til Rolf Erik: E-posten min: loya@online.noMed venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har oppdaga at far til Torsten Andersson Lofthus, Anders Torstenson LIRHUS, døydde på Dugstad på Voss 20.8.1909, og FT1900 syner mannen som Anders DUKSTAD med ny kone som husmann og hellebrotsarbeidar i Kvernehaugen under Dugstad. Ved dødsfallet vert DAVIDHAUG oppgjeve som fødestad, og det syner seg at mori, Christi Larsdotter, i 1865 var kårenkje på Davidhaug hjå den eldre sonen Lars Torstenson! Soleis er problemet med opphav og bustad for Anders løyst!Frå etterkomarar i Amerika er fødselsdatoen til Torsten no oppgjeven til 10.7.1872, men om dette kjem frå FamilySearch eller originale kyrkjebøker, er usikkert!Elles står det i grunnen berre att å stadfesta opphavet til mori, Britha Kjeldsdotter, at ho verkeleg var frå Fenne på Voss?Eg takkar på ny for alle tips om desse siste spørsmåli!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Det eneste jeg fant på FS var Brita dpt. 25/12 1848 Aurland, Kjeld Larsen og Kari Olsdt.FT 1865 Aurland bor Kjeld Larsen (64 år, enkemann) på gården Yttreli Lid yttre Vangen . Her er det Vangen som får meg til å undres Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I følge ekteskapet mellom Anders og Brita på Voss 08.06.1869 blir hennes far oppgitt til å være Kjell Larsson.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Rune for nye bidrag!Eg har kikka litt på ''kandidaten'' til Berit frå Aurland, men ifølgje bygdeboki for Aurland, utvandra denne Britha til Amerika i 1867 og vart gift der borte, so ho er det ikkje som gifte seg på Voss! Aurlandsvangen og Vossevangen er nok to heilt forskjellige stadar!Det er nok kyrkjebøkene på Voss som lyt gje oss svaret på spørsmålet om opphavet til '' vår'' Britha Kjeldsdotter!? Det er vel ho som i 1865 var tenestejente på Bø på Voss!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.