Gå til innhold
Arkivverket

[#34307] Ole Larsson (1791-1864) frå Stølen i Hafslo til Leknessund i Askvoll - huslyden?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ole Larsson, fødd på Stølen under garden Marheim i Hafslo, vart døypt i Hafslo 30.12.1791, men flytte i ung alder til Askvoll der han 8.6.1835 gifte seg med enkja Gjertrud Iversdotter, opphavleg frå Brendehaug i Fjaler. Ho var dotter av gardbrukar Iver Olson på Brendehaug?? (kva gard i Fjaler kom han ifrå?)og kona Gjertrud Bendiksdotter frå?? (kva gard i Fjaler kom ho ifrå?)og vart døypt i Fjaler 4.10.1801. Ho gifte seg første gongen i Askvoll 22.6.1833 med Johannes Andersson frå ein plass, kan henda Kvernhusdalen, under Leknessund. Han var son av husmann Anders Rasmusson i Leknessund, opphavleg frå?? (kva gard i Askvoll kom han ifrå?)og kona Johanna Mikkelsdotter frå?? (kva gard i Askvoll ko0m hom ifrå?)og vart døypt i Askvoll?? (stemmer dåpsstaden? – dåpsdatoen hennar?)1802. Johannes og Gjertrud vart plassfolk i Kvernhusdalen under Leknessund, men Johannes d. der alt?? (dødsdatoen hans?)1834. Ole tok over som husmann i Kvernhusdalen under Leknessund då han gifte seg med enkja, og han og Gjertrud vart buande på plassen levetidi ut. Ole d. som husmann i Leknessund?? (dødsdatoen hans?)1864, medan Gjertrud d. som kårenkje same staden?? (dødsdatoen hennar?)1867. Ho fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Ole Larsson:a. Elisabeth Johanne Olsdotter, fødd i Askvoll 15.2.1835,?? (kvar vart det av ho??)b. Lars Johan Olson, fødd i Askvoll 13.5.1838, døydde i Askvoll 27.4.1848.c. Iver Olson, fødd i Askvoll 22.10.1842, døydde i Askvoll 7.2.1843.d. Britha Olsdotter, fødd i Askvoll 1844?? (fødselsdatoen hennar? – døypt 3.11.1844!)?? (kvar vart det av ho?)e. Christian Olson, fødd i Askvoll 26.2.1847, var i 1865 tenestedreng i Leknessund i Askvoll?? (kvar vart det sidan av han?)?? (ei Martha Marie Olsdotter var fødd på Leknessund i Askvoll 16.3.1847 – høyrer ho til denne huslyden?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~I staden for å laga ei liste har eg ''fletta inn'' spørsmåli mine, og no vonar eg at einkvan med lokal kunnskap i Fjaler og/eller Askvoll kan hjelpa meg finna svar på i alle fall nokre av dei? Særleg hadde det vore interessant å få greie på kvar det vart av borni og om dei i tilfelle hadde fleire born enn dei eg har fått med?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Nokre av spørsmåla dine kan eg prøva å svara på: Marta Maria f. 16/3 1847 var ikkje Olsdtr., men Endresdtr. Brita Olsdtr. f. 1844 har eg ikkje i mine papir. Elisabet Johanne Olsdtr. g. 19/11 1859 med Jens Nilsson Leknessund, frå Sogndal. Overtok plasset etter foreldra hennar. 8 born. Ivar Olson og Gjertrud Bendiksdtr. var plassfolk i Stølsvik under Steinsøy i Solund. Anders Rasmusson og kona har eg ikkje fleire opplysningar om førebels.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for interessante detaljar!Jens Nilsson må vera fødd i Sogndalsfjøra i Sogndal 27.1.1831 av ugifte foreldre. Har forresten du, Alf, dødsdatoane til Jens og Elisabeth? Og kvar døydde dei?Elles spekulerer eg på opphavet til Gjertrud Iversdotter. Eg var so sikker på ho var fødd i Fjaler og at foreldri hennar var derifrå, men no ser eg at FT1865 seier ho var fødd i Askvoll likevel!? Kanskje du Alf har ei forklaring på dette?Nok ein gong ein stor takk so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Elisabet Johanne, f. 1835, g.m. Jens Nilsson Leknessund f. 27.01.1831 (dp. 06.02.1831) Sogndalsfjæren, d. 1888, som son av Nils Olsson (### frå kvar? ###) og Kristi (Kristine) Jensdtr. Sogndalsfjæren (1807-1886).Nils og Kristi var vel ikkje gifte (?). Men Kristi vart g. 20.1.1841 m. Nils Paulsson Nes (frå Hafslo). Kristi d. 1886 i Leknessund, mens Nils d. 1902 på Krakhella. Nils har eg hatt spm om tidlegare her på DA: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/WebDebatt.exe?slag=listinnlegg&debatt=brukar&temanr=23624&sok=gisle+paul&startnr=&antall=&spraak=>LenkeLars Johan, f. 1838, d. 1848: LenkeIver Olsson, f. 1843, d. 1843: LenkeBrithe, f. 1844, kan vel vere ei dotter for Ole Larsson. Eg har ho heller ikkje med i databasen min…men ho dø alt året etter: LenkeMartha Marie, f. 1847, står på fylkesarkiv.no som Olsdotter og som dotter av Ole og Gjertrud; Lenke. Men på FS IGI er nok dei rette foreldra: Lenke, så Marta Marie kan du sløyfe fra denne familien.Dei får jo sonen Christian i 1847: Lenke Første mannen til Gjertrud Iversdtr., Johannes Andersson, d. 1833 (31 år gml): LenkeMor til Gjertrud Iversdtr. d. 1835: Lenke (Ho, Gertru Bendixd. Flekke, Holmedal, ytre prestegjeld. Dåpsdato 4.12.1761)”Gjertrud dø i 1867, 66 år. Ho er kalla kårkone, det er ikkje skreve og er vel tvilsamt. Ny festesetel var skreven i 1861”, skriv Alf Steinsøy i boka. Den nye festesetelen var vel då skreven til Jens Nilsson, som var g.m. eldste dottera til Ola og Gjertrud.Ola Larsson, d. 1864 (72 år gml): Lenke**********Anders Rasmusson er nemnd under ”Plassmenn og andre”. Kona Johanne Mikkelsdtr. (

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for fleire spennande innlegg! Her var det mykje å gå gjennom, men samstundes har eg fått svar på mange av spørsmåli mine!Når det gjeld huslyden til Ole Larsson, står no berre att å lokalisera:* Dødsdato for Gjertrud Iversdotter i 1867?* Frå kva gard/plass hadde Iver Olson (Steinsøy) opphavet sitt - Brendehaug i Fjaler?* Dåpsdato i 1802 for Johannes Andersson Leknessund?* Dødsdato (og -stad) for Elisabeth Johanne Olsdotter (e. 1900)?* Fødselsdato for Britha Olsdotter i 1844?* Lagnaden til Christian Olson, fødd 1847?Når det gjeld Nils Paulson, so hadde han Nes-namnet sitt frå Nes i Sogndal. Mori Martha Ingebrigtsdotter gifte seg med husmann og enkjemann Knut Samsonson på plassen Tangen under Nes i Sogndal, og der har nok også Nils butt før han ''flytte heimefrå''! Eg vil gjerne få koma attende til denne huslyden under Gnr. 171, Elvetun.Elles vonar eg at nokre av dei detaljane som framleis manglar om Ole Larsson sin huslyd, vil dukka opp og takkar nok ein gong for framifrå hjelp!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Iver Olsson var sønn av Ole Jonsson Yksnesbjør. Han ble gift 1761 med Gjertrud Ivarsdtr. Eikarol.Ivar Olsson f.1764 ble gift 1793 med Gjertrud Bendiksdtr. Flekke f. 1763. De hadde sønnen Bendik f.1793. Ivar var bruker til 1801. Bygdebok for Fjaler s.255.Skal sende flere detaljer senere på dagen.Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Gisle for nye spennande innlegg!Når det gjeld opphavet til Iver Olson, som hamna som husmann i Stølsvik under Steinsøy(?), so er eg framleis litt i stuss: Iver var fødd på Yksnesbjør, men voks han òg opp der eller flytte foreldri hans til Brendehaug? Eg ser av FT1801 at dette var nabogardar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Når det gjeld Johanne Mikkelsdtr Berge (1771-1837) så vart ho g. II i 1817 m. Jørgen Johannesson Hersvik (1791-1837). Han var son av Johannes Isaksson Hersvik (ca. 1760-1815) og Kari Olsdtr (ca. 1765-1812). Eg har ikkje registrert born i dette giftet.Litt meir som er på sida av det du treng er at fld til Johanne var Mikkel Andersson Berge (1731-?) og Martha Johannesdtr Ullebø (1734-1785). Meir om Mikkel sine forfedre finnes i Bygdebok for Hyllestad. Martha er kanskje då søster til Ingeborg Johannnesdtr (66 år i 1801) som vi ved FT1801 finn under Ullebøe i Wiig prestegjeld.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg (11). Eg veit ikkje om spm-teiknet ditt betyr at du er usikker på om han var husmann på Stølsvik, eller evt kvar Stølsvik ligg:Stølsvika ligg fint til på vestsida av Hugøy (Huvøyna) og er rekna til G.nr. 59 Stensøen. Sjølve Steinsøy ligg litt lengre nord, og like (vest for, og) ved Buskøy (Refsøen). I mellom Hugøy og Steinsøy ligg Vassøyna (Vatsøy) (G.nr. 57).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for presisjonar kring bustaden til Iver Olson!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Gjertrud Ivarsdtr. Eikarol var datter til Ivar Ivarsson d.1763 og Orlaug Monsdtr.d.1748 Tyssedal i Fjaler,SF Ved manntallet i 1701 satt Ivar med garden. Ivar satt med garden til 1751. Mer følger senere.Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Orlaug Monsdtr. var datter til Mons Eriksson d.1749 Tyssedal i Fjaler. Mora står det ingenting om, men svogeren het Ole Jensson Tøssedal. Det blir så mye å skrive at jeg kan scanne de aktuelle sidene i bygdeboka for Fjaler og sende dem til deg. Så bare gi beskjed hvis du trenger dem.Mvh. Johan Arthur Hansen jo.art@online.no

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur og Gisle for nye innlegg som bringer ætti lenger attende i tid.I mellomtidi har eg vore ein liten tur i Oslo og vitja det nye Riksarkivet, og då nytta eg høvet til å sjekka nokre av dei detaljane som mangla om denne huslyden. Resultatet ser slik ut:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Ole Larsson, døypt i Hafslo 30.12.1791, flytte i ung alder til Askvoll der han 8.6.1835 gifte seg med enkja Gjertrud Iversdotter, opphavleg frå Stensøen i Solund. Ho var dotter av husmann Iver Olson i Stølsviki under Stensøen, opphavleg frå?? (opphavet hans? – budde foreldri hans på Yksneberg eller Brendehaug i Fjaler?)og kona Gjertrud Bendiksdotter frå Flekke i Fjaler og vart døypt i Fjaler 4.10.1801. Ho gifte seg første gongen i Askvoll 22.6.1833 med Johannes Andersson frå ein plass, kan henda i Kvernhusdalen, under Leknessund. Han var son av husmann Anders Rasmusson på ein plass under Leknessund, opphavleg frå Tveranger i Solund, og kona Johanna Mikkelsdotter frå Berge i Hyllestad og vart døypt i Askvoll 10.12.1802. Johannes og Gjertrud vart plassfolk i Kvernhusdalen under Leknessund, men Johannes d. der alt 16.12.1833. Ole tok over som husmann i Kvernhusdalen under Leknessund då han gifte seg med enkja, og han og Gjertrud vart buande på plassen levetidi ut. Ole d. som husmann i Leknessund 27.4.1864, medan Gjertrud d. som kårenkje same staden 20.3.1867. Ho fekk fem born, som alle var frå andre ekteskapet med Ole Larsson:a. Elisabeth Johanne Olsdotter (1835-?? (dødsåret hennar?)), vart gift med husmann og fiskar Jens Nilsson i Kvernhusdalen under Leknessund i Askvoll (1831-1888), ein steson av husmann Nils Paulson på Leknessund (1815-1902), opphavleg ein strandsitjarson frå Solvornstrondi under Elvetun i Hafslo (s.d.).b. Lars Johan Olson, f. i Askvoll 13.5.1838, d. i Askvoll 27.4.1848.c. Iver Olson, f. i Askvoll 22.10.1842, d. i Askvoll 7.2.1843.d. Britha Olsdotter, f. i Askvoll 19.9.1844, d. i Askvoll 5.9.1845.e. Christian Olson, f. i Askvoll 26.2.1847,?? (1865: tenestedreng i Leknessund, Askvoll – seinare lagnad?)~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Framleis er altso lagnaden til sonen Christian eit mysterium... Bergen?? Amerika??Eg takkar nok ein gong for god hjelp og vonar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Når det gjeld Christian Ols., f. 1847, som vi finn i Leknessund i 1865: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61428&gardpostnr=407&personpostnr=2801&merk=2801#ovre>Lenke.Det er jo ei oppføring her - Lenke - som bør sjekkast, men det kan sjølvsagt vise seg å vere denne mannen frå Hafslo vi finn under Smelvær i 1865 -

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for nytt innlegg!Jau, det er nok mannen frå FT1865 som døydde på Smelvær. Christen Olson (Sjøtun) var fødd i Hafslo 24.12.1828 og døydde på Smelvær 5.10.1886. Denne huslyden manglar eg òg ein del om, men dei kjem eg attende til sidan.So Christen Olson frå Leknessund budde nok ikkje på Smelvær...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.