Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Bente Kopperdal Hervik/Anette Skogseth Clausen

[#34909] Velkomen til det nye kjelderegistreringsforumet

Recommended Posts

Gjest Bente Kopperdal Hervik/Anette Skogseth Clausen

Me ynskjer alle registratorar velkomne til det nye kjelderegistreringsforumet. Forumet skal brukast til å utveksla erfaringar med andre registratorar, og til å stilla spørsmål til oss i Digitalarkivet om kjelderegistrering.Kyrre (Digitalarkivets standard for registrering av kyrkjebøker) vil verta publisert seinare i dag. Me ber om at konkrete endringsforslag til denne standarden vert sende til digitalarkivet@uib.no. Denne e-postadressa skal også nyttast for å senda oss databasar.Spørsmål som gjeld Kyrre bør stillast i dette forumet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Eg har laga ein RSS-feed til denne debatten også. Adressa er http:/digitalarkivet.no/kyrre.xml

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Engedahl

Det kunne muligens være på plass med en nærmere beskrivelse av RSS-feed her?Jeg vet det er nevnt tidligere et sted :-)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

RSS: Det eg gjer er å leggja alle innlegg i kvar av debattane inn i ein spesiell database etter kvart som dei kjem inn. Dessutan har eg ein for meldingar. Hos deg installerer du ein spesiell rss-lesar (t.d. feedreader, som du får gratis frå www.feedreader.com). den vil så med jamne mellomrom undersøkja om det er komne nye innlegg i min database og i tilfelle lasta dei ned til din maskin, der du når du vil kan lesa innlegget. Om det berre er ei rss-teneste du er interessert i har det kanskje ikkje så mykje for seg. Men sjølv har eg alle dei fire DA-tenestene installert, og i tilegg ymse norske og utanlandske aviser. Dette gjer at eg fort kan sjå om det er komne nye meldingar, men at eg heller ikkje treng inn i DA eller avisene for å sjå kva meldinga dreier seg om. I da får eg sjå heile innleggeti feedread og kan også svara på det. Eg kan også derifrå klikka meg inn i debatten. I avisene får eg ein ingress og kan klikka meg inn i artikkelen om eg er interessert. For meg er det i alle høve ein mykje lettare måte å følgja med i kva som skjer, enten det no er i DA eller i aviser.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Eg les i Kyrre om aktuelle registreringsprogram. Der er det mellom anna nemnt at Augustus kjem til å kome i ny utgåve våren 2006, for å vere i samsvar med Kyrre-standarden. Kan det seiast noko meir til registratorane rundt omkring?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente K. Hervik

Eg har fått opplyst at Augustus 2 (den neste versjonen av Augustus som skal byggja på Kyrre) vil vera ferdig i løpet av våren 2006, og at den skal kunna takast i bruk ei stund etter dette. Avtalen mellom programutviklaren bak Augustus og DIS er ikkje klar, og det er difor vanskeleg å seia noko meir om dette no. Lars Nygaard i DIS har lova å informera meir om Augustus når avtalen er underteikna.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje E Skrolsvik

Ser det diskuteres mye om denne Kyrre. Jeg registrerer i EXCEL . Er det nu slik at dere ikke tar imot den slags EXCEL filer for å legge ut i Digitalpensjonatet lenger? Jeg vet dere har mye registrert arbeid som skal legges ut og ting tar tid. Jeg ville bare nevne at jeg var på Statsarkivet for en stund siden og leverte en CD med en revidert file av faddere i KK Bergen frem til og med 1720. Denne er nu 'gammel' da jeg nu har registrert t o m 1730 i EXCEL. Vil dere ha den og event hvor kan jeg sende filen ? Eller skal jeg komme opp med den ? M v h Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente K. Hervik

Me tar framleis i mot filar i Excel, og Kyrre legg også opp til at ein skal kunna fortsetja med det. I tillegg til at Kyrre inneheld ei standardisering av oppsettet og registreringa, er det også ein del som handlar om standardisering av formatet. Me kjem til å utvikla eit konverteringsprogram som konverterer datafiler til XML-format. Dette konverteringsprogrammet er ikkje klart enno.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje E Skrolsvik

Dette var godt å lese :-) M v h Terje

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Vel klar over at dette går på sida av forumet, men spør likevel:Korleis vert ein registrator?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Espen Grønna Brataker

Du kan ta kontakt med den koordinatoren som finnes i det fylket du har tenkt å registrere i. Han/hun vil da veilede deg videre og bestille kopier av den kilden du vil registrere. Se Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente Kopperdal Hervik

For dei som ynskjer å verta registratorar utan å vera medlem i DIS, er det mogleg å kontakta Riksarkivet for gratis kopiar av kyrkjebøkene. Spørsmål om registreringa kan rettast til digitalarkivet@riksarkivaren.dep.no eller i dette kjelderegistreringsforumet. Det er også mogleg å senda oss registreringsskjemaet ein tenkjer å bruka, så vil me kommentera det. Aktuelle program ein kan nytta til registrering er ml.a. Excel, Access og dBase.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Espen Grønna Brataker

En behøver ikke være medlem i DIS-Norge for å kunne kilderegistrere i deres regi.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Bente K. Hervik

OK, det skal eg hugsa til neste gong! Konklusjonen er då at alle kan velja mellom å gå gjennom DIS eller setja i gang med registrering på eiga hand evt. med rettleiing frå Digitalarkivet.Dei som ynskjer å registrera andre kjelder enn kyrkjebøker kan ta kontakt med den institusjonen som oppbevarer kjelda ein ynskjer å registrera for kopiar av materialet. Deretter kan ein laga seg eit registreringsskjema, gjerne med nokre få registrerte postar, som ein sender til Digitalarkivet for godkjenning. Dette bør gjerast for å unngå problem ved utlegging i Digitalarkivet.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×