Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Leiv Magne Apelseth

[#34948] Arnfinn (Eilivsson) Skjøkja og Anund Imba, Naustdalsættlingar?

Recommended Posts

Gjest Leiv Magne Apelseth

Disse to er og nemnde i tråden 33932, men dei burde nok ha ein eigen tråd om vi skal kunne finna dei att ved eit seinare høve.Jo-Rune Ugulen foreslår dei to som moglege brør (basert på lik plassering i arveklassa), noko som synast rimeleg. Det er vel då nærliggjande å tenkje seg også Anund som ein Eilivsson. Lenke Dei var vel kan hende Naustdalættlingar både Anund, Arnfinn og Torbjørg?Eg ser og at Anund Imba kan vera same karen som ved fleire høve blir omtala som Anund/Onund/Åmunde, og som var skipper på båten Imbos/Unbos som i åra 1304 – 1307 farta ein del på Lynn.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Pedersen

Anund ImbaI boka ;De eldste Vesfoldslekter; omtales Anund Arnfinn og Torbjørg som søsken

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Harald Jarl Runde

Dette var nytt for meg. Har ikkje sett denne teorien før. Kva for Eiliv i Naustdal er det snakk om? 1, 2 eller 3?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Harald Jarl Runde. Eg legg ikkje fram nokon teori, eg stiller eit spørsmål ! jmf tråd 33932 (langt nede)Valget av nr. på Eiliv står deg heilt fritt, men velg då ein som høver ca til å kunne vera far til brørne :) Torbjørg trur eg helst er generasjonen før brørne.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Leiv Magne Apelseth

Anund imba.Etter eit diplom frå 1319 Lenke kan det visstnok finnast 'leivningar' av Anund/Onund Imba sitt segl.Som sagt i innlegg ein, so fans det ein Anund skipper på båten Imbos, og som frakta varer frå Nidaros, Bergen og Tønsberg til austengelske hamner i åra 1304-07. Nedkvitne og Helle plasserar han helst som handelsmann i Oslo (Bergen bys historie s.366-67) I fylje Vågslid er Anund namnet mykje brukt i austnorge med Jemtland og Båhuslen frå omlag 800 - 1522. Det som talar mest i mot at han er den same som Anund Imba er tidsforskjellen på når dei er nemnde i kjeldene. Skipper Anund på Imbos er som sagt nemnd i åra 1304-07, medan Anund imba er kjeldebelagt i åra 1319-25.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.