Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Knut R Sande

[#34979] Kystolf Eriksen i Fræna, kor kom han frå? Gudbr.dal?

Recommended Posts

Gjest Knut R Sande

Paret Kystolf (Kristolv) Eriksen, ca 1780-1852 og Marit Jacobsdt ca 1790- 1835 budde på fleire stader i Fræna, Midsund og Bud. Dei var mest truleg innflyttarar, kanskje frå Gudbrandsdalen.Eit arveskifte etter Marit i 1836 viser 5 born: Ingeborg f ca 1820, Ole f ca 1822, Jacob f 1827, Berte f 1831 og Karen f 1831. Dei 3 yngste av borna er fødde i distriktet her. Dei andre kan vere fødde før familien kom hit.Er det nokon som kjenner til denne familien og kan gi opplysningar kvar dei kom frå?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Dei gifta seg truleg litt før 1820. Kanskje nokon kan finne kva tid og korhen dei gifta seg?Knut R Sande

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Du har rett, dei er gifte før 1820: LenkeOg dei er mest sannsynleg gifte i Vågå, sidan han er frå der, og fyrste dottera er fødd og døypt der.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Fadder nr. 2 er forøvrig Tjøstolv sin bror.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Her er dåpen til Ole: LenkeDåpen til Jacob finst ikkje i Vågå, så då må dei vere flytte til Fræna i tidsrommet 1822-1827.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Knut R Sande

Mykje takk til Atle for godt arbeide.Jacob vart fødd 3.1 1827 på Jendem i Fræna, medan Karen vart fødd 17.5 1831 på Solholm i Midsund (bygdebok nemner ikkje nokon tvilling!) Elles døydde Marit på Stavik i Fræna i 1835, og Kystolf døydde 1852 på Skarset på Hustad. Borna vart og konfirmerte hos anna folk. Dette var nok fattigfolk som flytta hit og dit.Eg legg merke til at dei kom frå Rottem. Sjølv bur eg i dag like ved ein gard på Tornes som heiter Rottem.Ein av eigarane der var Jacob Jacobsen Rottem, kjend gråsteinsmurar f 15.3 1849, og son av Jacob Jacobsen Rottemseie.Kan det vere nokon relasjon mellom denne Jacob, og Marit Jacobsdtr ovafor, tru?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aud Sandbu

Ein kommentar til innlegg (6): Det var mest vanleg at vigselen gjekk føre i det kyrkjesoknet brura tilhøyrde.Eg finn ikkje vigselen mellom Tjøstel og Marit i Vågå, og reknar med at dei gifta seg i Lom dersom Marit var derfrå, noko som verkar sannsynleg.Tjøstel vart døypt i Vågå 09.01.1780, og var son til Erik Olsen Lindsø frå Dovre, og kona Brit Olsdtr. av Kleppe-slekt, Vågå. Vi finn dei som plassfolk i Rottemsbakken (Bakken under Rottem) i 1801 med døttrene Ragnhild og Kari heime.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Atle Brandsar

Sandbu: Sjølvsagt, du har rett! Vigsla kan finnast i Lom...Jemnheim (Jevnheim) ligg i Skjåk, men denne vigsla er før kommunedelinga, så vigsla er vel mest sannsynleg ført i kyrkjeboka i Lom.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.