Gå til innhold
Arkivverket

[#34980] Mathias Andersson, truleg fødd i Nittedal 1822, til Amerika 1853 - kven var han?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Denne huslyden er delvis nemnd under tema #10517, men nye opplysningar har gjort overskrifti mindre dekkande, so eg tek opp att spørsmålet her:Mathias Andersson vart døypt i Nittedal 22.5.1822 av foreldri Anders Borgerson og Sophia Hansdotter. Truleg gifte denne Mathias seg kring 1845 med:Karen Mathea Christiansdotter Lind, som vart døypt i Ås 12.10.1823, dotter av (Johan) Christian Lind og Agnetta Henriksdotter frå Krogsrud i Ås, som gifte seg i Drøbak 14.9.1823.Mathias og Karen Mathea fekk to døtrer i lag:* Sophia, døypt i Nittedal 15.2.1846* Christina Amalie, døypt i Nittedal 1.8.1847Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1853.Er det nokon med lokalkunnskap i Nittedal og/eller Ås som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Nøyaktig fødselsdato for Mathias Andersson?* Bustad og yrke for foreldri Anders Borgerson og Sophia Hansdotter?* På kva gardar hadde Anders Borgerson og Sophia Hansdotter opphavi deira?* Dato og stad for vigsli til Mathias Andersson og Karen Mathea Christiansdotter Lind?* Nøyaktig fødselsdato for Karen Mathea Christiansdotter Lind?* Bustad og yrke for foreldri (Johan) Christian Lind og Agnetta Henriksdotter?* På kva gard hadde (Johan) Christian Lind opphavet sitt, og kva heitte far hans?* Er det mogeleg å stadfesta utvandringsåret til Mathias og Karen Mathea, 1853?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Atle for innlegg om Synstnes i Lom. Eg skal sjå nærare på det. Eg refererer vanlegvis ikkje til ''folkelege'' bruksnamn, men nyttar dei offisielle matrikkelnamni. Kva namn hadde forresten garden Synstnes i siste gjeldande matrikkel frå 1886? Og kva var det offisielle bruksnamnet på Nordistugu?Men attende til Mathias og Karen Mathea: Ein rask telefon til Wisconsin har avslørt at Mathias Andersson frå Varpet i Hakadal og kona Karen Mathea Lind frå Christiania utvandra frå Nittedal i 1853 med dei to døtrene Sophia og Christina Amalie. So då er siste spørsmålet mitt løyst, og kanskje kan dette tyda på at vigsli deira fann stad i Christiania? Men det var langt frå Nittedal og Hakadal til Christiania den gongen...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Skulle berre mangle!Matrikkelen har eg ikkje, men du kan kanskje spørja Kjelland? Lenke Her er frå siste folketeljing her på Digitalarkivet. Men dette er berre beskreve ettersom kvar garden låg. Dei noverande namna på dei tre Synstnes-gardane er Sygard('søndre'), Uppistugu('øvre') og Nordistugu('nordre').På linken ser du at det står 'Borghild', men ho er skreven Brynhild i kyrkjeboka. Då er vel dette ein feil frå skrivaren si side.Skal du henvise til Bygdabok for Lom, så slepp du tenkje på noko anna enn det namnet som er registrert der; Nordistugu Synstnes.Til slutt: Det kan vere mange grunnar til at nemnd ektepar reiste til Christiania for å gifte seg... Det hende ofte i Gudbrandsdalen at dei reiste til Lillehammer og gifta seg når 'det hasta'...mvh,Atle Brandsar

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Atle og Jon for nye innlegg.Denne vigsli frå Christiania har eg ikkje sett, men er det ikkje litt i ''seinaste laget''?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.