Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#35022] Ole Andersson Førde i Davik og Malena Jacobsdotter frå Sande i Gloppen - oppl.?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ifølgje FamilySearch vart Ole Andersson Førde og Malena Jacobsdotter Sande vigde i Eid, Nordfjord 31.10.1867. Ole var fødd på Førde i Davik 6.10.1833 av foreldre frå Gloppen, medan Malena skal vera fødd på Sande i Gloppen kring 1836 som dotter av ein Jacob Christenson, men denne fødsli finn eg ikkje!* Er det nokon med lokalkunnskap i Gloppen som kan fortelja meg den nøyaktige fødselsdatoen til Malena Jacobsdotter og opplysa om fulle namn, yrke, bustad og opphav til båe foreldri hennar?Ole og Malena busette seg som plassfolk på ein plass, truleg Småmyrene, under Førde i Davik. Kanskje tok dei over heimeplassen hans, der Malena døydde 6.12.1886. Ole gifte seg att og budde framleis på Småmyrene under Førde i 1900! Eg finn berre eitt barn etter Ole og Malena, ei dotter Anna Lovise fødd i Davik i 1870.* Er det nokon med lokalkunnskap i Davik som kan fortelja meg om det var same plassen på Småmyrene denne huslyden hadde, heilt frå foreldri til Ole, Anders Rasmusson og Anna Larsdotter, busette seg der kring 1832 og like til Ole døydde etter 1900?* Kan nokon fortelja med kva dato og kvar Ole Andersson døydde (etter 1900!)?* Og endeleg, hadde Ole og Malena fleire born enn den eine dotteri Anna Lovise?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Eg har ikkje nøyaktig fødselsdato, men Malene var fødd i 1835, og var dotter til Jakob Kristenson Sande (1794-1852) på 15/10 Sande, og andre kona hans (av tre) Mari Rasmusdtr Mardal (1804-1839) frå 3/6 Mardal. (Etter henne gifte han seg med systera Ågåte). Malene er oppkalla etter den fyrste kona til Jakob, Malene Monsdtr Sande, og var det einaste barnet i sitt 'kull'.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

I følge FamilySearch døpte de en datter Marie 23.02.1873.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det er kanskje den samme Marie vi finner i Fylkesarkivets databaser, men her står moren som Malene Mathiasdtr.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det er kanskje Ole som dør her i 1905.Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Og dette er vel datteren Anne Lovise?Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Aase og Rune for svært nyttige og gode innlegg!So vidt eg kan sjå, har eg fått svar på det meste, men eit par detaljar står att:* Kva gard i Gloppen hadde Jacob Christenson Sande opphavet sitt ifrå?* Og kva var fødselsdatoen til Malena Jacobsdotter?* Og so var det dette spørsmålet om plassen under Førde i Davik (Ålfjorden eller Bremanger) der huslyden budde?* Elles held eg det ikkje for umogeleg at Ole og Malena kan ha hatt ogso eitt eldre barn, kanskje født i Gloppen? Dei gifte seg i 1867, og Anna Lovise var ikkje fødd før i 1870!?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Uten at det bidrar så mykje…Jakob Christenson Sande, 6 år i 1801: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11445&gardpostnr=75&merk=75#ovre>LenkeEr det same Jakob som er nemnd i matrikkelen 1838? Lenke Mari Rasmusdtr Mardal, f. 1804, er vel dotter til Rasmus Pedersson på Mardahl: LenkeDette er vel bror til Mari:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Aase R Sæther

Jakob Kristenson var fødd på 15/10 Sande, som han dreiv etter den eldre broren Hans.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune, Gisle og Aase for nye fine detaljar! No er ogso opphavet til Jacob på plass!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Årstein Svihus

Nå har jo det meste falle på plass, men eg sender likevel nokre få kommentarar. Ole døydde i 1905. I følgje folka på garden vart plassen, som låg under bnr. 3, kalla 'Runneplassen'. Yngste dottera, Marie f. 1873, vart gift med Henrik Matias Rasmusson og busette seg på Varpe bnr. 7 i Bremanger. Saman fekk dei to born på Varpe: Rasmus Malvin f. 1899 og Hilda Olga Kristina f. 1900.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Arstein for fine supplerande opplysningar. Me får vel kanskje ikkje svar på om denne plassen hadde vore driven i fleire generasjonar, men det er vel kanskje ikkje so godt å svara på dette utan nærare arkivforsking?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Årstein Svihus

Kjekt å høyre at opplysningane kom til nytte. Plassen vart i driven i to generasjonar, etter det eg veit. Far til Ole, Anders Rasmusson var også plassmann i Førde, men han dreiv på noko anna vilkår enn det Ole kom til å gjere.Anders Rasmusson døydde i 1877 og etter innmarksutskiftinga i 1880 vart jorda som låg til plassen lagt inn under bruka. Ole fekk ein ny avtale med brukarane, men han fekk no berre disponere urydda jord under bnr. 3 og 4.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Nok ein gong hjarteleg takk til Årstein for nyttige tilleggsopplysningar!So vidt som eg tolkar innlegget ditt, so BUDDE Anders Rasmusson og sonen Ole Andersson på same Runneplassen, Småmyrene under Førde, sjølv om jordi dei styrte ikkje var den same.Etter dette manglar eg berre fødselsdatoen til Malena Jacobsdotter i Gloppen 1835?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×