Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#35041] Jens Jensson Melheim f. Hafslo 1852 - gardbrukar Ødegården, Aker (Christiania)

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jens Jensson Melheim, fødd i Hafslo 1.4.1852, gifte seg i Hafslo 9.5.1876 med Johanna Johannesdotter Hillestad, fødd i Hafslo 16.12.1853. Jens og Johanna var gardbrukarar på Melheim i Hafslo til dei i 1890 flytte til Aker og so seg ned som gardbrukarar på Ødegården ved Alna. Jens døydde ein eller annan going mellom 1890 og 1900, for i 1900 var Johanna enkje!Dei hadde fire born:1. Jens Jensson Melheim, fødd i Hafslo 8.6.1876, var gardsstyrar for mor si i 1900, ugift.2. Synneva Jensdotter Melheim, fødd i Hafslo 10.2.1878, hjå mor si i 1900, ugift.3. Gjertrud Jensdotter Melheim, fødd i Hafslo 29.4.1881, hjå mor si i 1900, gifte seg i Christiania 27.3.1907 med Tollef Sjurson Næss frå Luster, sidan kjend som Thorleiv Næss Svaboe, fødd i Luster 26.4.1878. Thorleiv vart distriktslækjar i Sandnes der han døydde 14.1.1946. Gjertrud Svaboe døydde same staden 29.3.1957. Dei fekk tre søner i lag.4. Johanna Jensdotter Melheim, fødd i Hafslo 10.6.1884, hjå mor si i 1900, ugift.~~~~~~~~~~Er det nokon med lokal kunnskap i Aker og Christiania som kan hjelpa meg finna ut meir om denne huslyden, som til dømes:* Dødsdatoar (og -stadar) for Jens og Johanna Melheim?* Opplysningar om lagnadane til Jens jr., Synneva og Johanna?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

Gnr. 122 i Ø.Aker heter Brobæk, men det finnes jo flere bruk under den. Hovin er et av navnene som går igjen. Dette er bare et forsøk på å finne beliggenheten til Ødegården.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Sundelius

Hei Lars, har du ikke en lenke til henne i ft 1900?Alna er lenger nord én Hovin gårdene, nesten nabo med Østre Aker kirke/gård, tenker jeg.Legger med ei http://www.ager.no/mulig du finner noe av interesse der.Hilsen Egil S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Sundelius

Du unsker og titte i noe av disse Minis. (KB) du da? :8 1883-1894 09 Fødte til 1889. Konf. Vigde. Døde.9 1890-1894 04 Fødte.10 1895-1912 08 Fødte.11 1895-1917 11 Konf. og døde 1895-1917. Vigde 1895-1917.Funnet på denne siden [url="http://www.arkivverket.no/arkivverket/kilder/medier/mikrofilm/mikrokort/kb-oslo.html#ostreAker>LenkeLegger til denne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit og Egil for interessante innlegg.No er det det å seia at eg for mange år sidan (på 1980-talet) bladde gjennom mange av kyrkje- og klokkarbøkene for Oslo som den gongen var tilgjengelege på Statsarkivet i Oslo på leiting etter utflyttarar frå Luster kommune, men utan å finna dødsfalli til foreldri eller vigslene til Jens, Synneva og Johanna Melheim. Men den gongen var jo ikkje FT1900 tilgjengeleg på same måte som no, og eg visste ikkje nøyaktig kvar eg skulle leita...Den som berre hadde høve til å gå grundig igjennom alle desse fichane med kyrkjebøker...Eg vonar at fleire opplysningar kan dukka opp om denne huslyden og lagnaden deira og takkar nok ein gong for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Egil Sundelius

Hei, det er vell kun dattera Johanne som kan/er konfirmert i Østre Aker, for det er det mulig noen flere opplysninger. Det ser ut for at det er lite om de døde i KB fra Ø A (?).(Mulig disse KB kommer her på DA om litt).hilsen Egil S.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg tillet meg i kveld å trekka fram att dette tema frå i fjor, som framleis står uløyst. Det er enno ikkje kome skanna kyrkje- eller klokkarbøker for Austre Aker som kan hjelpa, men er det kanskje mogeleg å identifisera bustaden til denne huslyden? Finst det ei slags bygdebok for landsokni i Austre Aker?Eg takkar på ny for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Østre Aker Hovedsogn KLOK er nå scannetFant der under viede 4/4 1914 side 431Johanne Melheim ØdegårdenMvh Solveig

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Solveig Håklev

Ser det dør en Jens Melheim 23/12-1914 (Side 295))i Østre Aker MINI 1895-1917 Født 1876

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Solveig for flott innlegg. Eg bladde litt meir i nemnde kyrkjebok og fann ei anna vigsli i 1916. Det er bra desse kyrkjebøkene no etter kvart vert tilgjengelege på dette viset!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.