Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#35267] Simon Simonsen (1750-1812?)- Hafslo - Gulen - Bergen - København -huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Simon Simonsen, dragar i Bergen, vart døypt i Hafslo i Sogn 14.2.1750. Han skal frå kring 1770 ha vore gardbrukar på Li i Gulen der han 7.10.1775 gifte seg med ei enkje(?) Kari Larsdotter, fødd kring 1746, men elles heilt ukjend!Parfolket vart buande på Li i Gulen til dei kring 1792 hamna i Bergen (22. rode nr. 50). Simon Simonsen vart visstnok gravlagd frå Domkyrkja i Bergen 24.3.1812, 60 år gamal, men dødsfallet til kona er ukjent. Derimot veit me om fire born i denne huslyden:a) Simon Simonsen (junior), døypt i Gulen 28.4.1776, var i 1804 i teneste på Holmen i København, men lagnaden hans er elles heilt ukjend.b) Britha Simonsdotter, døypt i Gulen 23.1.1780, vart gravlagd frå Li i Gulen 20.7.1783.c) Bertha Simonsdotter, døypt i Gulen 17.8.1783, gifte seg i Bergen 20.7.1806 med ein Johannes Svenkeson som ogso ved eitt høve er kalla Horvei(!). Desse fekk fire born i Bergen, men lagnaden til Bertha og Johannes er noko usikker(?).d) Kirsti Simonsdotter, døypt i Gulen 5.10.1788, vart gravlagd frå Lie i Gulen 4.12.1791.Her er det fleire problem:* Bygdeboki for Gulen er heller ''sparsommeleg'' med opplysningar om Kari Larsdotter og opphavet hennar. Kven var ho, og kven hadde ho vore gift med før?* Den endelege lagnaden til Kari Larsdotter saknast òg?* Sonen Simon Simonson (junior) vart kan henda buande i København; korleis finn me fleire opplysningar om han?* Dotteri Bertha Simonsdotter og mannen Johannes Svenkeson (Horvei?) utgjer likeins eit problem. Er det nokon som dreg kjensel på desse namni og som kan fortelja meg kvar Johannes hadde opphavet sitt? Kvar vart det av dei?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

God jul og godt nyttår til deg, Lars!Her er noe info som jeg har samlet, men det er ikke sikkert det gir svar på noen av dine spørsmål:

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Heisan, informasjonen falt visst ut, eller kom ikke med, så jeg prøver igjen:Er dette ekteparet Simon og Kari (Karen) i Bergen 1801; hans første, hennes andre ekteskap…? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11301&gardpostnr=1971&personpostnr=14349&merk=14349#ovre>LenkeHer er hans alder oppgitt til 61 år, født ca. 1740, mens hennes alder er 55, f.ca. 1746. Den Simon Simonsen som dør i Bergen i 1812 er oppgitt til å være 60 år, f.ca. 1752, og da står vi med en aldersforskjell på 12 år. Men slike ting kan jo forekomme LenkeHvis dette er giftermålet i mellom Berthe og Johannes i 1806, står det her Sverkildsen som patronymikon på brudgommen LenkeBarn: Sivert Johan 1807 Lenke (farens navn: Johannes Horvej); Siwert Johan, 1813 Lenke (faren: Johannes Sæurresen?); Johannes Johannesen, 1816 Lenke (farens navn: Johannes Sevresen)Her er det en Johannes Servesen som dør i Bergen i 1816, i en alder av 38 år (d. 24.03.1816) Lenke. Dette gir fødselsåret 1778. Som bopel på avdøde står det 18-!!. Hvis vi ser på dåpen til Johannes Johannesen i 1816, står det adresse 18-45. Dåpen er i Domkirken, dødsfallet i Domkirken. Dåpen er imidlertid i juli 1816, så her er det en god del usikkerhetsmomenter.I 1801 finner jeg en kar som heter Johannes Sevrisen, 21 år (f. ca. 1780) som er blant tjenestefolkene på gården Kårhus i Skjold i Rogaland

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Jeg finner død i Domkirken, Bergen i 1864 enke, almisselem Berthe Simonsdatter. Den oppgitte alder er 89 år, men det gir fødselsåret 1775, mens ”din” Berte jo skal være født i 1783 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&gardpostnr=16417&merk=16417#ovre>LenkeDette er kanskje Berthe i 1801, 18 år gammel (f. 1783) som tjenestepike i Bergen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Dette kan kanskje være sønnen Sivert Johans dødsfall i Bergen i 1809 Lenke. Det ble jo født en ny sønn som fikk navnet Sivert Johan i 1813.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Kan dette være Randines dødsfall? Alder ved dødsfallet gir fødselsåret 1811 Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe og Carsten for fleire interessante innlegg om denne huslyden.God jul og godt nytt år ogso til dykk båe!Når det gjeld alderen til Simon Simonsen, so er den langt overdriven i FT1801, for han var fødd i 1750; 60 år i 1812 er soleis ikkje so langt unna...Elles er eg svært takksam for ''oppklaring'' når det gjeld personen som Bertha Simonsdotter gifte seg med. Johannes har tydeleg hatt eit farsnamn som er svært ''framandt'' for prestane i Bergen, og Johannes Sevresen/Sevrisen frå Skjold i Ryfylke kan so absolutt vera eit alternativ. Eg vil elles tru at mor hans kanskje har hatt namnet Randi eller Rannei...?Elles vonar eg òg på innspel når det gjeld både opphav og lagnad til Kari Larsdotter og ikkje minst lagnaden til Simon Simonsen (junior). Vart han buande i København?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Eg kan i det minste gi deg en hypotese om hvem Kari Larsdtr. kan være hvis hun er fra Eivinvik prgj. Trolig må hun da være datter til Lars Jakobson Byrknes (på bnr. 20 på Byrknes) (døpt 11.10.1707)og Ingeborg Rasmusdtr. Bårøy (døpt 13.12.1717). Hun er ikke listet blant barna til dette ekteparet i bygdeboken, men på FS finnes hun døpt 17.12.1747. Lars døde i følge Gb ca 1751, men nevner ikke noe skife etter han. Men etter Ingeborg skal det være et skifte i 1759, og det finnes i protokoll 4a i Nordhordland for 1757-60 side 350b. Her burde jo Kari være nevnt om hun var i live.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Tips ?!Her finn vi ein Johannes Sverkesen; LenkeElles er vel Horvei i Evanger? Så kanskje Voss er rette staden å starte leitinga etter Johannes?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje og Gisle for interessante innlegg.Johannes Sverkeson i Surnadal ser ut som eit spennande alternativ for Johannes. Den må eg studera litt meir!I mellomtidi har eg spekulert på hypotesen til Terje, men stiller spørsmål ved oppkalling. Mor til Simon Simonson heitte Christi (Kirsti), noko som tyder på at kanskje mor til Kari kan ha hatt namnet Britha (Bertha)?Og eg har gjort ei interessant oppdaging: FamilySearch syner ei Kari Larsdotter Molde, døypt i Gulen 1.9.1750. Foreldri vert oppgjevne som Lars og Britha Molde, og dette må vera den huslyden som er omskriven av Kleiva i Gulen, bd. II på side 234. Bruket dei budde på, er vel det som vert omtala som Molde søndre, og der var det ei Britha Herleivsdotter som vart gravlagd 1.2.1779, alder ikkje oppgjeven.Kleiva fortel at Kari Larsdotter Molde gifte seg 8.7.1774 med Lage Rasmusson Lihaug og at dei ''truleg'' budde på Li! Eg tolkar dette til at Kari må ha butt på Li, for Lage Rasmusson, fødd på Myklemyr i Jostedalen kring 1754 [her har Kleiva ''bomma'' på bakgrunnen hans på Lihaug], skal vera avliden kort etter 1774, og då sat Kari Larsdotter som enkje og ''klar'' til å gifta seg att med Simon Simonson!!Men so nemner Kleiva at denne Kari Larsdotter skal ha hatt ei dotter Ingeborg Monsdotter med ein Mons Thom(ass)on. Kvar vart det so av denne Ingeborg Monsdotter? Eller var Ingeborg kanskje dotter av Kari Larsdotter Byrknes som Terje nemner? Er det nemnt eit gardsnamn ved barnedåpen i 1772?Vel, det kan vel sjå ut som eg har funne opphavet til Kari Larsdotter, men saknar framleis dødsfallet hennar i Bergen!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg har no kikka litt på Johannes Sverkeson og garden Horvei på Evanger, men kjem ikkje noko nærare ei løysing. Eg ser at mannsnamnet Sverqve finst på Vossevangen, men ikkje på Evanger.Det lyt nok ''tyggast'' litt meir på dette problemet. Kanskje er han frå Skjold i Ryfylke likevel...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Sande

Takk for bekreftelsen på at Lage var fra Myklemyr og ikke fra Lihaug, og beklager at eg sende deg på feil spor. Men eg visste ikke at Lage døde så tidlig, så eg trodde denne Kari var uaktuell.Eg har en kandidat for Ingeborg Monsdtr., og hun er 29 år og bosatt som tjener på Råke i Ft 1801. Sannsynligvis er det denne Ingeborg som i 1802 gifter seg med en Peder Olson og som får et par barn på Råke (begge døpt Ole) før de forsvinner derfra. Eg har i alle fall ikke lukkes med å finne de igjen. Men kanskje er det sønnen som i bygdeboka for Sulen omtales som Ola Pedewrson Råke og som i 1831 blir gift på Nautøy med Marte Sjursdtr. Sande. Her var det mange hypoteser.Far til Ingeborg har eg prøvd å finne noen ganger, men har ingen gode kandidater.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Dette er vel den Ingeborg som vart f. 1772: LenkeElles har eg ikkje meir info enn det Terje har!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Terje Sande har nok rett når det gjeld Ingeborg Monsdtr. Ho gifter seg 28/8 1802 med Peder Olson Råke. Men han døyr 1804 og Ingeborg gifter seg att 10/11 1805 med Mons Larsson Nautøy. Så den Ola Pederson som gifter seg 1831 med Marte Sjursdtr. Sande, er Ingeborg sin son frå fyrste ekteskap. Mons Larsson døyr 1812 og Ingeborg gifter seg for 3. gong 24/6 1817 med Bjørn Arneson Nautøy, f. 1793 i Valdres.Ingeborg sine born som levde opp, er då Ola Pederson f. 1804, Pernille Monsdtr. f. 1806 og Lars Monsson f. 1811.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Det eg og skulle ha sagt, var at Ingeborg då ho gifte seg med Mons Larsson i 1805, er skriven 'enke Ingeborg Monsdtr. Hille'. Hille er ein gard i Gulen, altså Eivindvik prestegjeld i den tid.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje, Gisle og Alf for interessante bidrag! Eg tek gjerne med opplysningar om Ingeborg Monsdotter sjølv om ho ikkje var ''kjødeleg'' dotter av Simon Simonson, men eg skulle då gjerna hatt ei stadfesting av at ho verkeleg var dotter av Kari Larsdotter Molde og ikkje av Kari Larsdotter Børknes...? Sistnemnde hadde jo ei mor med namn Ingeborg... Er det nokon som har nøyaktig avskrift av dåpen hennar Ingeborg frå 1772?Elles er det framleis eit stort spørsmål kvar det vart av Kari Larsdotter, kona til Simon Simonsen? Kanskje ho flytte attende til Gulen?Ogso er sonen Simon Simonsen i København sakna...Nok ein gong ein stor takk for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne saki frå ''skuggen''.Etter vidare vurdering trur eg ikkje eg vil ta med Ingeborg Monsdotter i manuskriptet mitt, då eg er svært so usikker på om ho er dotter av Kari Larsdotter Molde. Berre ei stadfesting frå kyrkjeboki ved barnedåpen kan få meg til å endra meining...Men er det mogeleg å identifisera foreldri tiol Kari Larsdotter, som er refererte under garden Molde i bygdeboki for Gulen, bd. II på s. 234? Mori er nok Britha Herleivsdotter, men kven var faren Lars?Elles saknar eg framleis opphavet til Johannes Sevreson(?) og lagnaden til Simon Simonson i København...Eg takkar på ny for alle gode tips i denne vanskelege saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lars,Ser du har fått stadfesta Ingeborg sine foreldre.Dersom mor til Kari Larsdtr. er den Britha Herleivsdtr. du nemner, så er vel faren ein Lars Olsson: Lenke (FS IGI, gift 1.1.1738).

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Kjellaug Robberstad Petit

Brita har jeg som datter til Herleiv Simonsson Ytre Takle og Anna Eriksdtr (Ytre Takle og?)Jeg har at Brita gifter seg med Lars Olsson Middtakle og at de flytta til Molde. Der får de ihvertfall en datter, Alis Larsdtr 1751-1811. Alis blir gift med Ole Jörgensson Nyhammer 3. juli 1782 i Gulen og de får i hvertfall 6 barn.Dessverre har jeg ikke kilder til dette-:( Men det kan nå være en pekepinn!Mvh Kjellaugmvh Kjellaug

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Kjellaug for nye fine opplysningar! Samarbeidet i Brukarforum fungerer nett som det skal; her vert det ''rulla opp'' den eine problemløysingi etter hi, so det endar vel med at ein del kapittel i dei eksisterande bygdebøkene kan skrivast på ny... Og orsaki er jo sjølvsagt at me gjennom samarbeid kan samanhalda meir eller mindre tilgjengelege kjelder frå ulike bygder, som ein fattig bygdebokskrivar aldri hadde høve til å gjera på same viset ''back then''...Eg hadde vel aldri trudd at det skule verta mogeleg å identifisera foreldri til Kari Larsdotter frå Molde...Til sist vil eg gjerne ein augneblink attende til Ingeborg Monsdotter (Molde). Eg har no ført inn opplysningane om ho, men eg manglar to detaljar:* Dødsdatoen for Ingeborg Monsdotter (tydeleg på Nautøy 1843)?* Dødsdatoen for Bjørn Arnerson (tydeleg drukna ved Nautøy 1845)?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi med denne huslyden! Og kven veit, kanskje Simon Simonsen i København og Johannes Sevreson sitt opphav òg vil dukka opp...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Alf Strand

Ingeborg Monsdtr. døydde 21/4 1843 på Nautøy. Enkjemann Bjørn Arneson gifte seg att 30/6 1844 med Karine Kristine Olsdtr. Indrevær, f. 1814. Dei fekk sonen Andreas f. 3/9 1844, men han døydde berre 4 dagar gammal. Så omkom Bjørn Arneson på sjøen 31/3 1845.Alf

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Alf for dei datoane som eg mangla om Ingeborg og siste mann hennar. ''Perfect!''Då er me attende til problemi kring lagnaden til Simon Simonsen (jr) i København og opphavet til Johannes Sevreson...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Hei!Er vi nærare ei løysing på lagnaden til:- Simon Simonsen (jr) - han var i København omkring 1804og opphavet til:- Johannes Sverkildsen / Horvej / Swerchesen / Sæurresen? / SevresenOm ikkje - så kanskje dette er årets (siste) påskenøtt?MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane

Heisan Gisle!Nei, eg har ikkje lukkast fina ut noko meir sikkert om korkje lagnaden til Simon Simonson i København eller om opphavet til Johannes Sevreson. Her er kva eg har skrive i mitt manuskript om desse to personane:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Simon Simonsen, døypt i Gulen 28.4.1776, var i 1804 busett på Holmen i København, Danmark, kan henda som soldat, men lagnaden hans er førebels ukjend.~~~~~~~~~~Bertha Simonsdotter, døypt i Gulen 17.8.1783, d. visstnok som enkje og almisselem i Bergen 5.5.1864. Bertha gifte seg i Bergen 20.7.1806 med ein Johannes Sevreson, som ved eitt høve vert kalla Horvei, men som elles i Bergen skreiv seg for Johannes Sevresen. Me veit ikkje var denne Johannes kom ifrå, men han var f. kring 1778 og d. som vektar og almisselem i Bergen 24.3.1816. Johannes var ei tid dragar, men vart sidan vektar i Bergen der han og Bertha budde levetidi ut. Dei fekk fire born i lag.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~~So, om Roald Øyen eller andre greier løysa desse påskenøttene, so fortener dei premie...Med påskehelsing i full sol frå Geilo,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×