Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Anfinn Bernaas

[#35284] Alen – målestokk på kart

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg sit med eit jordskiftekart frå 1877 der målestokken er oppgjeven til å vere 1/2000. Ei oppteikna lengdeeining på nokre centimeter er utstyrt med teksten '300 Al'. Ja, det ser iallfall ut som Al. Eg tenkjer da at Al må vere alen, men kan ta feil. I følgje mitt leksikon er 1 alen lik 0,6275 m, slik at 300 alen er lik 188, 25 m. Om eg er på rett veg her er eg likevel usikker på korleis målestokken 1/2000 skal tolkast i dette tilfellet. Det kan lite truleg vere slik at 1 alen på kartet er 2000 alen i terrenget. Er det tommar og fot målestokken refererer seg til gjev det noko meir meining, men veit nokon kva som er rett? (Metersystemet innført i Noreg 1882.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Jan Oldervoll

Når målestokken er oppgjven spelar lengdeeininga ingen rolle. Er først målestokken 1/2000 vil 1 cm på kartet vera 2000 cm i terrenget, på same måten som 1 tomme på kartet vil vera 2000 tommar i terrenget, og 1 alen på kartet 2000 alen i terrenget. Det vil også sei at det stykket som står oppført med 300 Al (=alen?) bør vera 9,4 cm på kartet. Om ikkje det stemmer betyr 300 Al noko anna enn 300 alen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anfinn Bernaas

Takk for ein uslåeleg logikk, og eg spør meg sjølvsagt kvifor eg må gjere det enkle vanskeleg.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gunnar Sigdestad

Ei lita oppklaring: 1 alen = 2 fot= 24 tommer 1 alen = 0,628 meter Kjelde: G. Krogh: Lærebog i Praktisk Regning, Bergen 1876.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×