Gå til innhold
Arkivverket

[#35284] Alen – målestokk på kart


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Eg sit med eit jordskiftekart frå 1877 der målestokken er oppgjeven til å vere 1/2000. Ei oppteikna lengdeeining på nokre centimeter er utstyrt med teksten '300 Al'. Ja, det ser iallfall ut som Al. Eg tenkjer da at Al må vere alen, men kan ta feil. I følgje mitt leksikon er 1 alen lik 0,6275 m, slik at 300 alen er lik 188, 25 m. Om eg er på rett veg her er eg likevel usikker på korleis målestokken 1/2000 skal tolkast i dette tilfellet. Det kan lite truleg vere slik at 1 alen på kartet er 2000 alen i terrenget. Er det tommar og fot målestokken refererer seg til gjev det noko meir meining, men veit nokon kva som er rett? (Metersystemet innført i Noreg 1882.)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Oldervoll

Når målestokken er oppgjven spelar lengdeeininga ingen rolle. Er først målestokken 1/2000 vil 1 cm på kartet vera 2000 cm i terrenget, på same måten som 1 tomme på kartet vil vera 2000 tommar i terrenget, og 1 alen på kartet 2000 alen i terrenget. Det vil også sei at det stykket som står oppført med 300 Al (=alen?) bør vera 9,4 cm på kartet. Om ikkje det stemmer betyr 300 Al noko anna enn 300 alen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.