Gå til innhold
Arkivverket

[#35315] Torstein Udigaard, Nesset, M&R, etterkomarar frå slut. 1750-talet


Gjest Harald Ormbostad
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald Ormbostad

Er det nokon som har opplysningar om Torstein Udigaard (fann han på FamilySearch). Det er ein tynn tråd, men eg leitar etter ein Torstein som var far til nokre born frå slutten av 1750-talet og ei tid utetter. Eit av dei borna var Christopher, og her finn eg Torsten Udigaard som far til han i 1766. Veit nokon kven han var gift med, og om han hadde andr born. Mvh Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Omar Øverland

Hei Harald I følge 'Gards-og ættesoge fo Nesset' bind VII side 90 står det: Enkja Mari Toresdotter stod no for gardsdrifta i nokre år fram-over. Ho gifte seg 2. gong 1761 med Knut Endreson Hånde, f. 1734. Ho leigde no bort garden og flytta til Hånde. Torstein Bøllogson Enstad, f. 1730 d. 1796, bygsla bruket av Mari kring 1760. Han var gift 1755 med Marit Amundsdotter Bjølverud, f. 1730 d. ? I 1756 kjøpte dei Mølmshaugen under garden Enstad. Sjå A. Kjelland, Lesjaboka bd. I s. 350. Fire av borna deira er fødde på Lesja. Dei fekk to born medan dei var i Utigard: 1. Peder, f. 1763. 2. Kristoffer, f. 1766.Vi veit ikkje kvar denne familien fór då dei reiste frå Eikesdal.Mvh Omar Øverland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Ormbostad

Tusen takk for svaret. Det ser ut til at det ikkje er Torstein Udigaard som er interessant, men kanskje heller Torstein Bøllogsen og Marit Amundsdotter. Står det nokon stad kvar og når dei borna som var fødte før dei kom til Utigard heitte. Døydde Torstein Bøllogsen i Utigard i 1796, eller var dei flytta då han døydde? Mvh Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Omar Øverland

Hei igjen. Her har du et slags svar. På side 350 i Bygdebok for Lesja bd.1 står følgende:Tosten Bøllogsen fra Vesl-Enstad, 1730-96, g. 1755 m. Marit Amundsdatter frå Nord Bjølverud, 1730-?. Dei kjøpte Mølmshaugen året etter deg gifta seg. Barn: 1. Marit, 1754-?, kansje g. på Hoem i Eikesdalen m. Aslak Knuts., ca. 1739-?., I 1801 står det at ho er 70 år- medan ho eigentlig var 48. (Dette må være feil. I Gard og ættesoge for Nesset bd. VII står det på side 339: Aslak Knutson Gauprør bygsla Hoem br.nr. 2 i 1769 blei g.m. Marit Torsteinsdatter Åse, f. 1731 d. 1802. Ho var dotter til Torstein Knutsen Åse og Ane Olsdotter Slenes) 2. Bøllog, 1756-?. 3. Tosten, 1760-?. Marit og Tosten kjøpte garden Hoem ved Eikesdalsvatnet, og flytte dit med familien, truleg i 1763. Dersom det var eldste dottera som var på gården i 1801, døyde truleg gutane unge. Ved skifte etter halvbror til Marit på Sæter i Eikesdalen i 1790, står det at Marit var g.m. Ingebrikt Reiten (?).Tror at det her er endel synsing, kan ikke finne dem på Hoem. mvh Omar Øverland.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Ormbostad

Hei,og takk for svar. OM det er slik som eg trur, så er det mykje som er uklårt om denne familien. Det er nok mykje som må sjekkast opp her, men at Marit var gift med ein Ingebrigt det trur eg på. Det igjen må tyda på at Torsten døydde mykje tidlegare enn 1796, helst kring 1780. Men så gjenstår det å finna dokumentasjon for det då. Eg har ei Marit som har vore gift med ein Torsten som vart gift med ein Ingebrigt tidleg på 1780-talet, der namnet på fleire av borna stemmer uforskamma godt. Så her er det eit stykke arbeid å gjera. Mvh Harald.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.