Gå til innhold
Arkivverket

[#35343] Naustdal 1855: Erik Ingebrigtson Helle drukna på kyrkjeveg


Gjest Harald Jarl Runde
 Del

Recommended Posts

Gjest Harald Jarl Runde

På biblioteket i Bergen fann eg 'En Liden Mindesang om Drengen Erik Ingebrigtsen Helle som ved en ulykkelig Seilads kuldseilede paa Reisen til Nøstdals Kirke, den 26de December 1855, hvor han i de skummende Bølger snart fandt sin Død, og hans Been antages at hvile nogenlunde sammesteds indtil Opstandelsens Morgen .... - Bergen: Rolland, 1856'. Kven var denne ulykkkelege Erik Ingebrigtson? Er ikkje i stand å finne han i bygdeboka for Naustdal, heller ikkje i bygdebøkene for Førde eller Askvoll. Ingebrigt var eit uvanleg namn kring Førdefjorden på denne tida? Innflyttar? Jølster? Indre Holmedal? Dagsregisteret til soknepresten i Førde gjev ikkje opplysningar. På orginalmanuset ser det ut til å stå skreve: 'Paal Simonsen Trovaag', om det kan vere ei rettesnor.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Randi Nesje Myhr

Under Hornnes i bygdebok for Førde er på bruk 1 1845-1891 Ingebrigt Knutson f 1813 på Hole Ringerike, d 1893 på Hornnes. Han gifter seg før 1839 med Johanne Madsdtr f 1814 i Åmotslia d 1891 på Hornnes. De har oppgitt barna Kristian Martinus f 1841, Anna Massi f. 1845, Mads Henrik f. 1846, Helene Johanne f. 1849, Tomas f 1851, Nikoline f. 1853, Karen Sofie f. 1854, Engela f 1857, Olai f. 1860 Dåp til eldstemann Lenke Bodde da på Byrkjefloten, vet ikke hvor det er. Ingen Erik, men hvis de er gift før 1839 kan det jo ha vært et eldre barn. Når jeg søkte på døpte med far Ingebrigt i Sogn og Fjordane kom det imidlertid opp 1700 mulige, så det kan være mange muligheter.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Der stod ikkje noko i 'Mindesangen' som peika i retning av kor han kom frå?Elles peiker Trovåg i retning av Solund (Husøy), utan at eg fann korkje Pål Simonsen eller nokon Ingebrigt der, t.d. i 1865. Helle finst fleire stader, m.a. i Manger, Haus og nokre stader i S+F.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bjørn Davidsen

Ja, han har eg sett. Men om han har noko med dette originalmanuset å gjera, må han ha fått det langt seinare, for han var jo knapt fødd i 1855/56. Det eg elles har funne, er ein bokhandlar Rolland som døydde i Bergen 2812 1866, 39 år gamal. Han kan ha hatt noko med utgjevinga å gjera ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Harald Jarl Runde

Ja, Ingebrigt Knutsson på Byrkjeflot / Hornnes og kona Nele Johanna Madsdotter fødd i (Åmots)lia, kan vere aktuelle kandidatar som foreldre til den drukna Erik Ingebrigtson. Men etter Innlegg 2) og Førde bygdebok har dei ingen son Erik, og då er ein like langt -. Arne i Innlegg 4) har nok funne rette eigaren av minneskiftet i Bergen bibliotek, men ser ingen samanheng vidare. Rolland er boktrykkjaren / utgjevaren.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.