Gå til innhold
Arkivverket

[#35589] Østen Johannesson, f. på landlegd, til Dumba og Leknessund i Solund – Kvar frå ?


Gjest Gisle Hersvik
 Del

Recommended Posts

Gjest Gisle Hersvik

Info henta frå Solund Bygdebok, Band 2, G.nr. 54, LEKNESSUND, L.nr. 98b. (No br. nr. 2 og 3), nr. 18:” Ystein Johannesson, f. 1762 (på landlegd) [ref. mil. rulle] var gift i 1785 med Synnøve Knutsdtr., f. 1757, her. Bygsla jorda same året og skreiv kårbrev til vermora Ingeborg [Johannesdotter]. Han [Ystein] var berre skreven Leknesund ved trulovinga og meir har me ikkje funne ut. Visstnok kom han hertil frå Dumba, men det var ikkje landlegd. Han og Synneve hadde 7 born, av deim levde 4 i 1801. I 1801 var forutan desse, talde kårkona Ingeborg og t.gjente Kari Jakobsdtr. 36, (f. her). Ystein vart heller ingen gamall mann, skreve 38 år i kyrkjeboka. Etter mil. rulle skulde han vera 42. I F.t. 1801 står 50 år. Me veit ikkje om han åleine har skulda for desse oppgåvene.”Skifte etter Østen: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=skifysog&gardpostnr=6831&merk=6831#ovre>Lenke, og etter Synnøve, d. 1825: LenkeEnka Synnøve gifte seg oppatt i 1807 med Peder Bruseson Berge, f. Gaular (meir om han - sjå debatt #24658; Lenke).Eg har ”funne” følgande born:1) Johanne, dp. 14 Mai 1786 (FS IGI) - (dø ung)2) Hans, dp. 13 Apr 1789 (FS IGI). Levde i 1801.3) Marthe, f. 1790 (ikkje funne på FS IGI). Levde i 1801.4) Anne, dp. 9 Feb 1793 (FS IGI). Levde i 1801.5) Johanne, dp. 5 Sep 1795 (FS IGI). Levde i 1801.6) NN7) NNHans, Anne og Johanne levde opp og vart gifte.************************Ystein / Østen var altså fødd på landlegd. I 1801 er han skreven som Hansen;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Om du leiter litt på FamilySearch, so er det i alle fall eitt alternativ:* Østen Johannesson, fødd på Åsnes i Fjaler og døypt der 27.2.1757Eg ser ein annan Østen Johannesson fødd i Askvoll 1764, men det vert vel sjølægd? Og han som er fødd på Kyrkjebø i 1762, ser ut til å ha hatt ein annan lagnad!Eg kan ikkje finna nokon aktuelle kandidatar i indre Sogn.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Takk til deg Lars.Den Østen i Askvoll har eg prøvd å finne fram til tidlegare. Askvoll den gong famna også om deler av dagens Hyllestad så ein kan vel ikkje heilt avskrive den kandidaten, men kvar i Askvoll heldt han til? Gode tips mottas.*****Østen på Åsnes i Fjaler må undersøkast nærare. Skulle nokon sitje med bygdebok for Fjaler hadde eg sett pris på eit oppslag der, elles får eg ta ein tur på biblioteket på laurdag.*****Østen Johanness. Sørebø f. 11.12.1762, Vik prestegjeld (funne på www.fylkesarkiv.no), er vel den same du nemner som Kyrkjebø ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Eg såg gjennom Åsnes-gardane i Fjaler Bygdebok, men fann ingen Østen Johannesson nemnd under Åsnes, men der var nemnd ein Johannes (Østensson - om eg ikkje hugser fil) som godt kan vere far til Østen døypt der 27.2.1757, kanskje Østen dø ung?== Er det nokon som kjenner denne familien under Åsnes og som har undersøkt dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.