Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#36087] Lars Pederson Walter, fødd Hafslo 1734 - busett Ølnes i Sogndal - huslyden hans?

Recommended Posts

Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Lars Pederson Walter, døypt i Hafslo 9.3.1734, gifte seg i Sogndal 25.6.1767 med Britha Larsdotter Nagløren, døypt i Hafslo 13.9.1739. Lars og Britha budde som husmannsfolk på Øyabrekka under Ølnes i Sogndal der Britha vart gravlagd 9.11.1788. Dei fekk fem born:a. Kirsti Larsdotter Walter, døypt i Sogndal 9.11.1766b. Peder Larsson Walter, døypt i Sogndal 10.11.1768c. Lars Larsson Walter, døypt i Sogndal 3.10.1773d. Jens Larsson Walter, døypt i Sogndal 29.1.1777e. Margretha Larsdotter Walter, døypt i Sogndal 9.12.1780Etter 1788 forsvinn denne huslyden frå Sogndal, og den einaste som eg har funne att i FT1801 so langt, er sonen Lars Larsson Walter som då var ugift tenestedreng på Soppdal i Årdal sokn, Hjelmeland i Ryfylke hjå kaptein og gardbrukar Mogens Wilhelm Weltzin!Er det nokon i Brukarforum som har vore borti denne huslyden og som kan fortelja meg noko om lagnaden deira?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Det har diverre snike seg inn ein feil i innleiingi til dette tema:Barn c. Lars Larsson Walter, vart døypt i Sogndal 3.11.1770, medannytt d. Hans Larsson Walter, vart døypt i Sogndal 3.10.1773.Då det vart halde skifte etter mori i 1789, var eldstebarnet Kirsti borte, men dei fem andre levde alle og budde heime, so lenge det varte...Eg vonar framleis på tips om lagnaden deira!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil i dag gjerne blåsa litt vårstøv av dette tema, som framleis står heilt utan svar. Denne huslyden flytte frå Sogndal, og ein av sønene dukkar opp i Årdal sokn, Hjelmeland i Ryfylke. Kanskje det kan leia til å finna lagnaden til fleire av desse borni?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Terje Hagen

Andre kona has Jens Bugge på Urnes (Jens sitt skifte 1770) er nemnd på fylkesarkivet som Pernille Louise Walter om det er same folki veit eg ikkje, (men eg reknar med at du har kontroll over denne plassen) men då er vi komen inn i ’overklassen’ her i sogn. Og drege me dette viare til Leikanger så er det endeleg nok folk og ta av der ute. Eller er det nokon hol i Leganger familien der ute som ikkje er kome fram i dagen? Dette Walter-navnet dukkar vel ikkje berre opp av seg sjølv?Mvh.Terje Hagen, Årdalstangen.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Guest Lars E. Øyane

Eg vil først av alt få retta ein forseinka takk til Terje for innlegg frå i fjor, som eg har oversett...Jau, eg føler eg har bra kontroll med Walter-ætti i indre Sogn (sjå òg tema #10337). Pernille Lovise var ei moster av Lars Pederson Walter i dette tema, berre at Lars tok mori sitt jentenamn som ættenamn.Når eg i dag kjem attende til dette tema, so er orsaki at eg framleis sit fast når det gjeld lagnaden til Lars Pederson Walter og borni hans. Den eine sonen Lars Larsson Walter, fødd 1773, var i 1801 busett i Årdal sokn i Hjelmeland, Ryfylke; dei andre har eg so langt ikkje sett noko meir til... Er det kan henda mogeleg å følgja Lars vidare i Ryfylke?Eg takkar på ny for alle gode tips i denne saki!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.