Gå til innhold
Arkivverket

[#36408] Kyrre/Augustus – foreldre som dåpsvitne


Gjest Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Gjest Anfinn Bernaas

Registeringsstandarden er klar, men ikkje registreringsprogram(met), det er eitt av mine små dilemma. Eg er vel i gang med registrering i Augustus versjon 1, og reknar med å leverre den fyrste kyrkjebokeininga til (fyrste) korrektur om få veker. Eg har prøva så godt eg kan å leve opp til Kyrre-standarden heilt frå byrjinga, men Augustus set nokre avgrensingar som eg ikkje kan gjere noko med. Sjølv om eg tykkjer det går unna, skal det vel likevel godt gjerast om materialet er korrekturlese to gonger og klargjort for Digitalarkivet før fristen for levering etter ”gamal” standard går ut 1. oktober.Spørsmål 1: Er mi registrering med utgangspunkt i Kyrre, men med Augustus versjon 1 som arbeidsreiskap, å sjå på som ei Kyrre-registrering?Spørsmål 2: I Augustus er Yrke/stand og Sivilstand to ulike felt. Kyrre vil ha desse nemningane i eitt felt kalla ”Stilling og stand”. Ja, det gjer jo ein del vurderingar enklare for registratoren. Vil materiale der desse to Augustus-felta er bruka bli slått saman til eitt når Digitalarkivet legg det ut på nettet?Spørsmål 3: Vil det bli mogleg å konvertere frå Augustus versjon 1 til Augustus versjon 2? Eg tenkjer da særleg på kva som skjer med felta omtala i spørsmål 2.Spørsmål 4: På side 17 i Kyrre er det sagt at far som er heimedøypar skal førast som ”Fader” i ”Stilling og stand”-feltet (i enno ikkje-utkomne program). For så vidt greit, og eg reknar med at det same gjeld for vitne til heimedåp, eller kyrkjedåp, om ein eller begge foreldra er nemnde. Det er dei nemleg ikkje så reint sjeldan. Eg har da teke oppatt namn, adresse, yrke/stand og sivilstand identisk med føringa eg gjorde med foreldra som foreldre. Det er likevel ikkje heilt uproblematisk å gjenta dette for dei same personane når dei opptrer to gonger i same dåpshandling; som foreldre og heimedøypar eller dåpsvitne. For det fyrste spør eg om det blir rett å gjenta alle opplysningar slik eg skisserer. For det andre spør eg om i kva for Augustus-felt ”fader” eller ”moder” eller ”forældre” skal førast, i yrke/stand eller sivilstand. I begge felt kan det lett bli ”kollisjon” med opplysningar som alt ligg på plass.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Bente K. Hervik

1. Det er flott at du vil tilpassa registreringane i Augustus 1 til Kyrre! Eg tør ikkje seia om databasane du registrerer i Augustus 1 oppfyller alle krav. Det kjem litt an på i kor stor grad du tilpassar og kva for handling du registrerer. Felta for namn er t.d. noko forskjellige i desse to standardane. Standard 4G har førenamn, farsnamn, slektsnamn og bustad. Kyrre har berre førenamn, etternamn og bustad. Ved utlegging av Standard 4G-databasar, slår me saman farsnamn- og etternamnsfeltet. For døypte er det t.d. ei usemje mellom Kyrre og Standard 4G om kvar heimedåpen og kvar stadfestinga skal registrerast. Det er i tillegg ein god del andre forskjelliar, men dersom du er merksam på forskjellane mellom desse standardane og tilpassar deg Kyrre under registrering, kan du koma nokså nær.2. Yrke/stand og sivilstand vert slått saman til Stilling & stand ved utlegging i DIgitalarkivet.3. Eg veit dessverre veldig lite om Augustus 2. Lars Nygaard har lova å seia meir om dette når avtalen med Jan Kjetil Andersen er klar.4. Dersom det er ført t.d. 'Faderen', 'Moderen' som heimedøypar, dåpsvitne eller liknande og fleire opplysningar om dei er kjend frå andre stader i handlinga, bør desse opplysningane konstuerast (bruk *) også for denne rolla. Det vert litt ekstra arbeid under registreringa, men dette må gjerast om dei skal vera søkbare i desse rollene.For Digitalarkivet har det ingenting å seia om ei registrerer desse opplysningane Yrke/stand eller Sivilstand i Standard 4G, då desse felta vert slått saman under utlegging. Eg kan ikkje sjå at Standard 4G inneheld nokon instruksar om korleis tilsvarande skal førast der.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.