Gå til innhold
Arkivverket

[#36453] Foreldre til Mikkel Olsen f. 1832 i Fjell?


Gjest Anne-Magrethe Stokken
 Del

Recommended Posts

Gjest Anne-Magrethe Stokken

Eg leiter etter foreldra til min tippoldefar; Mikkel Olsen født 1832-1831 i Fjell, gift med Agathe Olsdtr. fra Manger prestegjeld.I folketelling 1865 bosatt på Havrøen gard, Fjell.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei. Eg føler meg ganske trygg på at eg har funne dåpen til Mikkel i kyrkjeboka, men eg klarer ikkje å lesa alt som står der. Det eg er sikker på er dette: Michel, født 14/11-1832, og døpt 18/11. Faren heite Ole Michelsen, og eg trur mora heite Kari, og det står at dei budde på Windenes, Fjelds sogn. Dette står i MF Sund MINI A12, fol 74 innføring nr 151, som var den siste innføringen dette året.Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei. Norvald Austarheim fortel dette i 'Fjell Gard og Ætt', frå Vindenes, bruksnr. 1: I 1832 gifte Ole Mikkelsen seg med Kari Andersdatter Kobbeltvedt. Foreldre: Anders Andersen og Marta Andersdatter. Born: a/ Mikael født 1832. b/ Anders født 1833, døde 1919. bustad: Fauskanger. c/ Siri født 1834, døde 1835. d/ Siri født 1841, døde 1918, bustad: Vindenes, bruksnr. 3. e/ Guri født 1845. f/ Peter født 1846. Kari Andersdatter døde i 1850, og Ole Mikkelsen giftet seg andre gang i 1852 med Cesilia Olsdatter Fauskanger (1822-1900). Born i 2. ekteskap: g/ Karl Bertin født 1853, døde 1900 (7). h/ Ole født 1854. i / Ole Andreas født 1858. j/ Nils født 1861. Ole Mikkelsen streva utan tvil med økonomiske vanskar. I 1846 selde han 7.11/21 mrk fisk til Nils Ivarsen Ulveseth, og i 1848 selde han resten av eigedomen skyld 20 mrk fisk til madam Janikke Engelsen for 234 spd. Ole Mikkelsen vart no bygselmann på farsgarden. I skifte etter Janikke Engelsen i 1861 vart bruksnr. 1, Vindenes, for takst 240 spd utlagt til Anna, gift med Knut Olai Knutsen Langeland, som i 1875 selde gardsbruket til Karl Bertin Olsen Vindenes (6.g) for 300 spd. Bruksnr. 1 vart såleis verande i slekta. Folke - og jordbruksteljinga 1875 fortel: Ole Mikkelsen, leiglending, driv garden. Buskap: 6 kyr, 1 ungdyr og 31 sauer. Utsed: 2 ½ tønner havre og 2 tønner poteter. Det var 5 personar, 2 kvinner og 3 menn i huslyden. Ole Mikkelsen døde i 1893 og Cesilia Olsdatter i 1900. Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei. Norvald Austarheim føl i 'Fjell Gard og Ætt' denne slekta tilbake til Erik Steffensen Ågotnes (1672 - 1740), som var min tipp7 oldefar. Om hevrøy må det seiast at den var ein del av Vindenes, det var berre husmenn som budde der. Men dermed ser det ut som vi er i slekt, ca 7-8 menning. Eg vil gjerne ha kontakt direkte m.polden@hjemme.noMagne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide
Gjest Oddvar Søreide

Det blir jo ikkje nevnt noe om hvem som kan være foreldre til Ole Mikkelsen, men siden det står at han er født i Manger i folketelling 1865, så er jo dette ett alternativ for Ole kaller jo første jente for Siri, som kan være etter hans mor Lenke Alder stemmer med folketelling, men ikkje når en ser på når han døde, da står det 1809 som kan være feil.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei. Om 7: Der står det døpt i Askøy, og i kyrkjeboka står det og døpt i Askøy, men adresse Vindenes. So dette med født i Manger er direkte feil. Det var ikkje sjelden folk frå nordre Fjell tok den lettare veien til Strusshavn når dei skulle døpa born.Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Hallo Magne. Hvem er far til Ole Mikkelsen, som i folketelling 1865 står oppført som født i Manger, altså far til Mikkel Olsen f. 1832, siden du seier at dette er direkte feil ?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei, Oddvar. Slik Norvald Austarheim skriv, so kom Mikkel Eriksen Ågotnes (1661 - 1711)til Vindenes før år 1700 som eigar til det som seinare vart bruksnr. 1. Han var son til Erik Steffensen Ågotnes. Sidan har det veksla mellom Mikkel og Ole annankvar generasjon i 5 generasjoner på dette bruket, som var i same slekta si eige so langt fram i tid som 1925. Men mitt grunnlag for å seia direkte feil er i kyrkjeboka, MF Sund MINI A12, der det om Ole sin dåp står både at han var døpt i Askøy og at foreldra budde på Vindenes. Beklager. Det er her eg har kortslutta. Det er MIKKEL sin dåp som var på Askøy. Ole var son til Mikkel Olsen og Siri Nilsdatter, som, då Ole var døpt, budde på Vik Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Oddvar Søreide

Hallo Magne. Den var avklarende nok, eller kanskje misvisende nok i kyrkjeboka, for slik eg forstår deg så kjem Mikkel Olsen frå Vindenes, men var busett på Vik da Ole Mikkelsen vart født, slik at Ole derved vart han døpt i Manger.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Magne Polden

Hei. Slik eg har funne ut, etter Norvald Austarheim, so var Mikkel Olsen frå Vindenes, og han overtok bruket på Vindenes, men må på eit tidspunkt i mellomtida ha budd på Vik, slik at Ole vart døpt i Manger. Og her er det so mange Ole og Mikkel til å halda styr på, so det er vanskelig å klara det i edru tilstand!Magne

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.