Gå til innhold
Arkivverket

[#36481] Jens Thomasson (1780-1817) husmann under Brandanger i Gulen og borni hans?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jens Thomasson, døypt i Hafslo 16.7.1780, flytte visstnok i svært ung alder til Solund der eg trur han i 1801 var dreng på Nautøy (sjå òg tema #32027). Sidan tente han på Utvær, men han gifte seg i Gulen 25.7.1813 med enkja Anna Johnsdotter frå Brandanger i Gulen, døypt i Gulen 27.6.1779.Anna gifte seg første gongen i Gulen 24.10.1799 med enkjemannen Jens Johannesson, døypt frå Li i Gulen 14.6.1767. Jens Johannesson og Anna tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Lie i Gulen, men flytte sidan til ein husmannsplass under Brandanger i Gulen, og derifrå vart Jens gravlagd 10.12.1811. Jens Thomasson tok over som husmann på plassen som Anna sat med under Brandanger, og der d. Jens 12.11.1817. So gifte Anna seg tredje gongen i Gulen 25.7.1819 med ein Holger Corneliusson, som òg vart kalla Holger Cornelius Petterson, som eg ikkje finn ut noko om!! Holger flytte inn på plassen under Brandanger hjå Anna, men dei ser ut til å forsvinna derifrå, utan at eg ser spor etter dei nokon stad...!Jens Thomasson og Anna fekk tre born i lag:a. Gjertrud Jensdotter, døypt i Gulen 27.3.1814b. Anders Jensson, døypt i Gulen 10.5.1816c. Jens Jensson, f. i Gulen 6.7.1818, d. på Brandanger 1.2.1819.No vonar eg at einkvan med lokal kunnskap i Gulen vil dra kjensel på denne huslyden. Eg er særleg interessert i:* Kven var Holger Corneliusson, +og kjend som Holger Cornelius Petterson, og kvar vart det av Holger og Anna etter 1820?* Kva lagnad fekk dei to attlevande borni etter Jens Thomasson og Anna, Gjertrud og Anders?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Elin H. Skibenes

På eit eller anna tidspunkt har dei havna i Bergen. Finn Holger død her: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&gardpostnr=21511&merk=21511#ovre>LenkeTrur det er Anders Jensen som gifter seg her:LenkeI tidsrommet 1840-48 finn eg at dei døyper 5 born: Lenke, Lenke, Lenke, Lenke og

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Anfind døde allerede 14.09.1820. Men i november 1820 flyttet Holger til Bergen.LenkeDersom du søker under utflyttede i Fylkesarkivets databaser på året 1820, flyttet fra Ei og flyttet til Bergen vil du se at også Anne samt Dorthe og Christi Holgersdøtre også dro samtidig. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Det er vel all grunn til å tro at Elin har funnet Anders i Bergen.Han døper jo også i 1844 en sønn Holger Cornelius.Men hvor ble det av de to Holgerdøtrene som flyttet til Bergen med Holger og Anne? Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Elin for fleire interessante innlegg.Det er nok ikkje mykje tvil om at Anna og Holger flytte til Bergen og at i alle fall sonen Anders Jensson var med dei!Skal me tru alderen, so er det berre eitt alternativ for dødsfallet til Anna Johnsdotter i Bergen, og det er ei som døydde som legdelem på Lungegaarden 23.6.1865, 85 år gamal. Elles har eg funne at Berta Karine Eriksdotter gifte seg att i Bergen i 1852 med bøkkar Ole Simonsen frå Haus og fekk fire born til med han.Men nokre spørsmål står framleis att:* Kven i all verdi var Holger Cornelius Petterson? Dødsfallet tyder på at han var fødd kring 1793/1794, og flyttemeldingi tyder òg på at han hadde vore gift ein gong før, men førebels er eg ikkje i stand tkil å finna ein einaste ''kandidat''!* Og kvar vart det av dotteri til Jens Thomasson, Gjertrud Jensdotter, fødd 1814?Eg takkar på ny for framifrå hjelp so langt og lever vidare i voni...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Gjertrud gifter seg i Fana med Anders Olson Sværen fra Leikanger. Databasen i DA inneholder ikke dato for vielsen, men på FS er den oppgitt til 6.9.1840.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Terje og Rune for nye spennande og imponerande innlegg! Dette er svært bra!Ikkje berre er Gjertrud kommi påplass, men Terje har ein svært so interessant teori om Holger Cornelius Petterson! Det er vanskeleg å prova, men eg oppfattar kandidaten som meir enn berre ''svært hypotetisk''...!På FamilySearch finn eg at Petter Cornelius og Henricha Christiansdotter hadde dotteri Petternella Fredericha døypt i Strinda 18.8.1799. Ho er nemnd med foreldri i 1801, men eg lurer på om kanskje Petter Cornelius kan vera innvandra frå Holland eller noko liknande?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. innlegg (5). Dei to nemnde Holgersdøtrene er skreven 'Niøten?' (under merknad står det: 'Niøten' kan vere Nautøen i Solund). Er det døtre av Holger Cornelius Petterson?Eg har ikkje funne nokon Holger nemnd under Nautøen/Nautøy i Solund, men kan det vere snakk om Niøten i Lindås?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle for interessante opplysningar om ein ny Holger frå Bergen. Det er sanneleg ikkje godt å seia kva for ein av dei to føreslegne Holger'ne som er mest sannsynleg. Den siste ''kandidaten'' er jo den som geografisk ligg nærast, men korleis fekk han namnet Pettersen??Eg tek gjerne imot fleire kommentarar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

No ser det ut til at denne Holger aldri fekk noko patronym etter faren (Jan Larsen – om det då var hans rette namn).I ’Undersøkelseskommisjonen 1804-05’ er han kalla ’Holger Corneliusen’, medan det ved dåpen er skreve at førenamnet er ’Holger Corneliusen’ (far: Jan Larsen).Ved FT1801 er han skreven Holger Christiansen og har dermed fått patronymet til stefaren.Men kvifor han har fått Pettersen-namnet frå er det ikkje så lett å sjå. Ifølge alder ved død i 1846: [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=1301begr&gardpostnr=21511&merk=21511#ovre>Lenke, skal denne Holger vere f. 1793, men då passer ingen av kandidatane funne så lang (Trondheim og Bergen). Men alder oppgitt i ’Undersøkelseskommisjonen 1804-05’ stemmer godt med f. 1796:

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Ref. lenke i innlegg (20):Kvar er Heggernæsset og Storøen ? Er det mulig å finne kven John Pedersen er ?Nemnde i dommen:1) John Pedersen Heggernæsset2) John Pedersen Storøen (den same som nemnd i 1) ?)3) Holger Cornelius Pettersen Storøen - dennes Hustrue Anna Johnsdtr - Stedsøn Johannes Jensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Denne saken er grundig omtalt i Gjelsvik sin biografi om Gjest som kom for noen år siden. Mye av kildearbeidet til den biografien ble gjort av Yngve Nedrebø og Bjørn Davidsen, og eg vil tro de har god kjennskap til bakgrunnen for alle disse personene. Kanskje den er omtalt i biografien også. Eg har den hjemme et sted men kan ikke garantere om eg finner den i kveld slik at eg får sjekket dette. Men kanske andre har et eksemplar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Glemte å ta med det eg har svar på.Hægreneset er i Ytre Sandviken og Storøen i Eidsvåg.Johannes Jensen er Kari sin sønn fra første ekteskap født 1811.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Sande

Feiloppretting først. Johannes er selvfølgelig Anne sin sønn fra første ekteskap døpt 18.4.1802.Biografien om Gjest inneholder ingen opplysninger om Holger sin bakgrunn. Men i 1822 beskrives hans situasjon som håpløs fattigdom og dermed et lett offer for Gjest. Men det er vel ikke usannsynlig at Nedrebø vet en del fra kildegjennomgangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Bjørn Davidsen

Etter det eg sjølv har skrive i artikkelen min om Gjest B., var Jon Pedersen Hægrenes paktar på Byrknes i Gulen då Gjest sat der hjå lensmann Lindseth. Det var vel under 'Galne-måndag' 1822.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.