Gå til innhold
Arkivverket

[#38463] Kva ekteskap e barna frå?


Gjest Wenche  Oddny A Tarberg
 Del

Recommended Posts

Gjest Wenche  Oddny A Tarberg

Er det nåken som kan hjelpe mej ? En Sjur Jensson F 1695 d før 28.05.1741 frå Velsvika Dalsfjorden han vart gift 1 gong Margrete Eriksdotter frå Dalsfjorden 2 gong Ingeborg Paulsdotter f 1702 d 26.04.1771 frå Rovde Sjur fikk 6 barn (født frå 1723-1738)men det står ingen stader frå kva ekteskap barna er frå

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Du har sannsynlegvis rett i at 'det står ingen stader' - kjeldene medrekna. Den nye Volda-boka (bd. 1 Dalsfjord, s.45) seier det var skifte etter Sjur i 1741, venteleg med namn og alder på etterlevande born. Sidan barneflokken ikkje er oppdelt på dei to konene i boka (jf. innførsla ovanfor), er det vel heller ikkje gjort i skiftet(alle barna hadde lik rett til arv, så det var ikkje så viktig). Men om du undersøkjer skiftet sjølv, kan du få dette stadfesta/avkrefta. Andre kjelder til dette finst knapt.Det ser ikkje ut til at dei har funne skifte etter Ingeborg, trass i at det var skifte etter alle tre mennene hennar.Vi har ein peikepinn til svaret (men ikkje meir): Når den eine parten var enkje/enkjemann, var det vanleg å kalle første barnet (evt. første av same kjønn) opp etter den avdøde ektemaken. Her er det nr.4 Margrete f. ca. 1732; nr. 3 er ei jente, Anne, f. ca. 1729. Då skulle dei tre eldste vere Margrete sine born, medan dei tre yngste skulle vere Ingeborg sine. Det gjev ca. 2-3 års rom for dødsfall og gjengifte.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.