Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Terje Hagen

[#38495] Kven var Amund Endresen som var i Nordland, Buksnes 1847?

Recommended Posts

Gjest Terje Hagen

1847 klokkerbok Buksnes:Den 19 sep. 1847 blir det døypt eit guttebarn på Vestvågøy Buksnes, Hans Christian Dahl, mor er piken Kirstine Hansdatter Skulbru og far ungkar Amund Endresen ukjent opphav. Dette var pikens andre leiermål.1865 telling:På garden Nap i Flakstad er det til oppfostring ein gut Hans Amundsen 19 år fødd Buksnes.1875 telling:På prestgarden i Flakstad arbeider Hans Amundsen han er ’prestens tyende’ gardsarbeider og fisker, fødd Buksnes 1846.1886 klokkerbok Flakstad:Den 8/12 gifter Hans Christian Dahl Amundsen, fødd 1847 Buksnes bor Vigten, far Amund Endresen med Emelie Marie Eliasdatter. fødd Buksnes 1859.1888 digitalarkivet for Flakstad:Hans Amundsen og kona tar flytting, Buksnes?1900 tellingen Flakstad:På drengestubygning er Hans Amundsen tenar, gift og gardsarbeider fødd 1848 Buksnes.Dette var litt om Hans Amundsen. Kvar det blei av mori det veit eg ikkje sia han dukka opp på Flakstad som fosterson?Kva er så opphavet til faren, Amund Endresen?1865-tellingen for Bø i Vesterålen på garden Lokø finnes ein Amund Endresen fødd S&F Sogndal. Han vart gift des. 1849 i Bø. I Sogndal reiser ein Amund Endresen feb. 1849? til Bø i Nordland. Dersom denne Amund verkeleg reiste før 1849 frå Sogndal og var først innom Skulbru i Buksnes før han enda i Bø så kan eg ha ein god kandidat. Det er ikkje så mangen Amund Endresen å velge mellom her i dette området på denne tida. FT-1865 finnes berre ein Amund Endresen i Nordland. Så Amund navnet var heller sjelda brukt i dette området.Amund kan ha ei syster Gjørid som også enda der oppe ho vart gift med ein Johan Eriksen frå Luster kanskje dei reiste lite før oppover?Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Per Magne Bernhardsen

Om Amund har jeg dessverre ikke fler opplysninger enn at han titteleres som 'skrædder' ved dåpen til Hans.Kirstine fikk et tredje barn i 1851. Hun ble gift i nabosoknet (Borge) med Abel Eliassen fra Gimsøy i Vågan (se emne 28141). De flyttet siden til Buksnes. Kirstine Hansdatter døde på Bolle i Buksnes den 30. sept. 1889.Per Magne

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Terje Hagen

Takk til deg Per Magne.Då Amund Endresen i Bø er nemnd som skreddar i FT-1865 så har han mest sansyneleg vore innom Buksnes før han kom til Bø vil eg tru. Og denne krabaten her har også vore reiste lite føre frå sogn enn det som er oppgjeve.Takkar også for dei opplysningane om Kirstine Skulbru.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.