Gå til innhold
Arkivverket

[#38586] Hvem er Anders Andersson foreldre?


Gjest Wenche O Abeltun Tarberg
 Del

Recommended Posts

Gjest Wenche O Abeltun Tarberg

Rasmuss Andersson Grøvik f 1847 d 24.12.1936 frå Ørsta gift med Oline Marta Sivertsdotter Solvåg I følge Ørstingar 1 på side 25 er hans far Anders Andersson f 1818-1901 Ørsta men jeg klare ikkje og finne ut hvem som er Anders foreldre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Berit Knudsen

Det skulle nok stå vielsen til Anders Andersen. Det ble litt mange Anders etterhvert. Og kirkebøkene for Volda starter 1817. Lurer på om jeg har fått det riktig nå.Ser ikke ut til at Anders Larsen og kona lever i Volda i 1865.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Anders Andersson sitt opphav er ikkje heilt greitt å finne ut av. Ørstingar 1 seier han var frå Sagebakken (Rotset, Volda) og at foreldra var Anders Larsson Heltne og Ingeborg. I Voldasoga b.2 s. 225 (Sagebakken, Rotset) les vi at Anders Larsson fekk plassesetel på Sagebakken i 1824, at kona hans heitte Ingeborg, og at dei hadde 'fleire born' der Ragnhild og Andreas er namngjevne. Ragnhild var f. 1817 [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=volf1817&gardpostnr=11&merk=11#ovre>Lenke og vi finn henne att i Røysgarden, Halkjelsvik (b1. s.358). Både ho og den Anders Berit (2) har funne, har mor Ane Rasmusdotter (ikkje Ingeborg). Anders Larsson d. 1831, Lenke og dette er venteleg enkja Ane/Anna d. i 1835 LenkeIfl. Voldasoga budde sonen Andreas Andersson på Leite, Rotset (bd.2 s.231) og var gift med ei Olave;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest wenche O Abeltun Tarberg

Hei Ivar da ej kikker etter i papira mine he ej oppført ei ingeborg som anders mor med spørsmål tegn etter.så det greidaste kan vel ver og vente til nye volda soga kjem ut,da det siast det er ein del feil i dei gamle og sjå om ej finner ut nåke meir sikkert da. men vet du om ej kan ver sikker på at han anders var gift med Sølvei pedersdotter Sætre 1811-1896 slik det går ut ifrå ørstingar 1 s 25?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ivar S. Ertesvåg

Det er mykje du ikkje kan vere sikker på. Du må byrje med det som er sikkert. I kyrkjeboka for Ørsta (Digitalarkivet) finn du barn c-h døypte, med foreldre Anders Anderson og Sølvei/Sylvei Pedersd. Grøvik. Dei finst sikkert også i listene for konfirmasjon, vigsel, gravferd og i folketeljingar - det kan du sjekke. Du finn også dei to første gravlagde (6 og 14 d.), med far Anders Anderson Grøvik. Men dei er ikkje førte i dåpslista slik at morsnamnet er kjent. Det vil seie at dei like gjerne kan høyre til grannen (Pm07) som hadde same namnet.Giftemålet mellom Anders og Sylvei i 1640 har Berit funne. Men det viser ikkje at Anders og Sylvei på Grøvik er dei same som Anders og Sylvei gifte 1840 - sjølv om det er sannsynleg. 'Ørstingar' tidfestar Anders som brukar (plassemann) frå 1842 - det kan vere årstalet for kontrakten. Dersom tvillingane f. februar 1841 høyrer til Anders og Sylvei, må dei ha budd der frå 1840. Dersom bygselkontrakta nemner Anders med Rotset som etternamn, vil dette knyte Anders på Grøvik til Anders frå Rotset. Eit skifte etter Sylvei sine foreldre (eller ugifte sysken) på Sætre ville også gjere det. Slikt skifte er ikkje nemnt i den nye Voldaboka (b.1 s.210). Anders og Sylvei døydde så seint (1901 og 1896) at fødestaden skal vere innført i gravferdslista. Det kan også stadfeste at det er snakk om det same paret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.