Gå til innhold
Arkivverket

[#38774] Skifte får Hosanger


Gjest Nils Monsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Nils Monsen

I 1865-tellinga for Hosanger står det oppført ein Knut Nilss. alder 48, med yrke som husmd med Jord + Laxefisker.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f61253&gardpostnr=323&personpostnr=2056&merk=2056#ovreEr det kjent om den Nils Knuts. med yrke Kaar Underst af Fattigvæs. er far til Knut?Er skiftet etter Knut Nilsson bevart?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Monsen

Kva seier kyrkje boka om kven som var foreldre og forlovarar til Knut Nilsson og Aasa Nilsdotter?I telljinga i 1865 er dei høvesvis 48 og 44 år, og med eldste oppførte barn 18 år.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Det er vel knapt tvil om at Nils Knutsen på kår i 1865, må vere far til Knud Nilsen.7. desember 1844 gifta Knud Nilsen, 26 år, fødd på Mjøs og son til Nils Knudsen, og busett på Mulen, seg med Aasa Nilsdtr Mulen, 21 år, dotter til Nils Monsen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Monsen

Takkar for svar.Lurer litt på kva dei 'Kaar Underst af Fattigvæs' tyder. Er det det at familien var fattig, og at fattigvesenet hjalp til for at dei skulle klara å ha Nils på kår?Vil det finast nokre nedteikningar frå fattigvesenet som kan seia noko om deira hjelp?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Yngve Nedrebø

Eg vil tru det her fortel at Nils fekk litt kår, men i tillegg fekk eller måtte ha støtte frå Fattigkommisjonen. Det står nok i forhandlingsprotokollen til fattigkommisjonen. Det er ein kommunal protokoll. Hosanger kommune finst ikkje lenger, kan hende Osterøy kommune har protokollane, Interkommunalt Arkiv har nok listeført dei.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.