Gå til innhold
Arkivverket

[#38808] Anna Andersdotter Baardseth frå Ringsaker (1851-1896) - foreldri hennar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anna Andersdotter skal vera fødd på Bårdseth vestre i Ringsaker 2.10.1851 som dotter av Anders Trondson og kona Agnetha Johnsdotter. Anna utvandra i ung alder, kan henda med foreldri sine, til Trempealeau Co., WI, men døydde i Toronto, SD 28.8.1896.Er det nokon med lokal kunnskap i Ringsaker som kan hjelpa meg med:* Kva år utvandra Anna (og eventuelt foreldri hennar) til Amerika?* Kva gard/plass i Ringsaker hadde Anders Trondson opphavet sitt ifrå?* Kva gard/plass i Ringsaker hadde Agnetha Johnsdotter opphavet sitt ifrå?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Carsten for spennande innlegg!Då veit me at huslyden utvandra til Amerika i 1859, men eg vart forundra over ættenamnet deira...? Flytte Anders og Agnetha frå Bårdseth til ein husmannsplass under Neråsen før dei utvandra? Veit nokon i so fall kva plass under Neråsen dei budde på?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Frå Hans Myhre har eg motteke følgjande melding om denne huslyden:~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Anders Tronsen f. 27/5 døpt 11/6-1826 Vestre Baardset, Ringsaker Tron Halvorsen og Elie Engebretsdatter.Agnethe Johnsdatter f.19/1 dpt. 16/2-1823 Nordre Hemma, Brøttum annex i Ringsaker John Rasmussen og Anne Jensdatter.Ekteskap 29/12-1847 i Ringsaker.Anders Tronsen 21 1/2 Gardmandssøn, Nedre BaardsethAgnethe Johnsdatter , 25 Pladseierdatter, Nordre Hemma.Anders og Agnethe's barn:Thonetha f.8/10 dpt.29/10-1848 Nordre Hemma, Brøttum annex i RingsakerAnne f.2/10 dpt.26/10-1851 Vestre Baardseth, Ringsaker kirkeEli f.3/12 dpt.31/12-1854 Nedre Aaseneie, Brøttum annex i RingsakerJohannes f.25/12 1857 dpt. 24/1-1858 Nedre Aaseneie, Brøttum annex i RingsakerHele familien emigrerte ifølge kirkeboka til Amerika 16/4-1859.~~~~~~~~~~~~~~~~~~~Med dette har eg fått svar på alle spørsmåli mine, bortsett ifrå namnet på plassen under Nedre Aasen der huslyden budde før dei utvandra, men det er vel ikkje so lett å finna ut av i dag...Hjarteleg takk til Hans for gode opplysningar!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.