Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#38851] Andreas Simonson fødd Hafslo 1752 - til Fjaler/Askvoll og Bergen- huslyden hans?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Andreas Simonson, fødd i Hafslo kring 1752, flytte i ung alder til Fjaler (ytre Holmedal) der han 5.6.1781 gifte seg første gongen med enkja Kari Aslaksdotter (Dingsør?), visstnok fødd kring 1738. Dette parfolket flytte snart til Bergen og budde i Marken. Derifrå vart Kari gravlagd 24.7.1784.Andreas Simonson gifte seg 9.1.1785 att med ei anna enkje, Cathrina Mikkelsdotter, fødd kring 1743, kan henda i Askvoll. FT1801 syner at Cathrina hadde vore gift to gongar før, og eg trur eitt av desse ekteskapi var i 1768 eller 1769 med ein Hans Trulsson. Kanskje budde dei på Dorghella i Askvoll, for i 1804 hadde Andreas to stesøner buande hjå seg i Bergen:* Mathias Hansson Daarhel, fødd i Askvoll 1776 (døypt i Fjaler 11.1.1777?)* Thomas Hansson, fødd ??Andreas Simonson vart gravlagd i Bergen 29.12.1810, medan lagnaden til andre kona Cathrina førebels er ukjend.No vonar eg gjennom Brukarforum å finna einkvan med lokal kunnskap i Fjaler og Askvoll som kan hjelpa meg identifisera dei to konene til Andreas Simonson og eventuelt fortelja meg om tidlegare ektemakar og born?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Berit Knudsen

FS: En Martin Jertsen ble gift 21/10 1762 i Askvoll SF med Cathrina Michelsdt. En Hans Trullsen ble gift 19/6 1768 (mulig trolovet?) eller 8/1 1769 i Askevoll med Catahrina Michelsdt.Og til slutt en Kari Aslachsdt. gift 8/1 1762 Fjaler SF med Ingebrict Larsen.Alle disse kan jo være helbom, men burde være enkle å sjekke siden det er datoer og sted.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Berit for spennande opplysningar!Du har heilt klårt funne aktuelle ''kandidatar'', so då er det berre å vona at einkvan sit med dei naudsynte kopiane av kyrkjebøkene eller eventuelt med bygdebøkene for Fjaler og/eller Askvoll for å kunna stadfesta opplysningane...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg vil gjerne få turka lite vetta støv av denne saki, som framleis treng merksemd. Familysearch kjem med fleire namn, men det er vanskeleg [ knytta desse til gardar i Fjaler eller Askvoll utan nærare detaljar frå originalkyrkjebøker.Elles er ogso bygdebøkene ein aktuell stad å leita vidare, t.d. Askvollboki under garden Dorghella (Dørhellen)...?Eg vonar på nye spennande innlegg og takkar nok ein gong for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Ingebrict Larss. Myrmel g. 1762 m. Kari Aslacd. Huseklepp (ref. www.fylkesarkiv.no | Databaser). Ho hadde vore gift ein gong før.Eg finn ingen av dei namna som er nemnde i Askvoll Bygdebok u. Dørhelle, men skal leite litt meir i boka.MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Katrine Mikkelsen, f. 1742; Lenke, Kumle i Askvoll. Gift 1762 til Mjåset.Foreldre til Katrine: Mikkel Mikkelsson, br. 1741-1789, vart g. 1742 m enka Pernille Endresdtr. Eide. Mikkel vart g. II 1768 m. Inger Ludvigsdtr. Birkeland, Bygstad. 3 barn i første og 4 i andre er nemnde i Askvoll Bygdebok u. Kumle.Denne Katrine vart g. 1762 m. Morten Gjertson Mjåset, d. 1763, sk. s. å., 27 år. Ein son Lars, f. 1763, d. før skiftet, er nemnd. Ho g. II 1769 m. Hans Trulsson Bjørvik i Sauesund.Under Sauesund er nemnd ein son Tomas Hansson, f. 1769.Noko meir om deira lagnad står det ikkje. Men at det er den Katrine du leiter etter det vel ikkje tvil om. MVH Gisle

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Eller kanskje Aslag Huseklepp var far til Kari?Aslag Huseklepp, d. 14.9.1794 (f. 1718) – ref. http://www.fylkesarkiv.no-- Han heitte kanskje Aslag Bendiksen, som det også er skifte etter.Ein Ole Aslaks. Huseklepp, d. 12.12.1836 (f. 1764)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Under Huseklepp, L. nr. 252 står fylgjande:I tida 1755-1786 var Aslak Bendikson brukar. Han var f. 1714 i Avedal (Lavik?), g. m. Pernille Hansdtr. f. 1730. Born: Ole f. 1757, fekk garden. Bendik f. 1760, busett Holten, Hyllestad. Johannes f. 1767, bygselmann KjØgrolia, g. m. Anna Ivarsdtr. Sanden (Lavik). Anders f. 1770. Hans f. 1775. Kari, d. fØr 1801, ho hadde ein son, Lars Ingebriktson, myndig 1801. Aslak Bendikson d. 1794.Pernille Hansdtr. levde ved folketeljinga 1801.Osv.Mvh. Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Men det spørst om dette er 'rette' Kari Aslaksdtr. Under Dingsøyr, Lnr. 277, br. nr. 3 står det følgjande:På dette bruket sat Clemmed året 1666. Han hadde sonen, Knut, då 3 år. Clemmed har hatt dette bruket til slutten av hundreåret. Sonen, Knut, var busitjar frå 1698. Han var g. m. Ragnhild Osldtr., og dei dreiv bruket til 1735. Bom: Synneve f. 1726. Marthe, g. m. Elling Endreson Langeland, fekk garden. Knut Klemetson d. 1735. . Enkja, Ragnhild Olsdtr., g. seg att 1736 m. Aslak Bendikson Dingsøyr. Dei fekk ei dotter, Kari, f. 1742. Aslak Bendikson sat med styret til 1752. Osv.Mvh. Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Eg var litt for rask med å seie at det er snakk om to ulike Kari Aslaksdtr. Det ser ut til at det er den same Aslak Bendikson som har vore g. 2 gonger, og ...

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Hovland. L.nr, 230. Eikeskog. Lars Ingebriktson DingsØyr f. 1763, g. 1786 m. Malene (Magdalene) Eriksdtr. DingsØyr f. 1762. Born: Kari f. 1786. Ingebrikt f. 1793, fekk plassen. Anne f. 1795, g. 1841 m. enkjemann Johannes Larsson EngebØ, Holmedal. Osv.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Torbjørn for mange spennande innlegg frå i kveld!Eg har studert innleggi og har oppdatert notati mine deretter. Diverre er FamilySearch for tidi utilgjengeleg, so eg får ikkje sjekka alle opplysningane, men eg ser ut til å enda opp med følgjande konkrete spørsmål:~~~~~~~~~~Frå Fjaler:* Dåpsdato/fødselsår for Kari Aslaksdotter Dingsøyr (1738?)?* Dåpsdato/fødselsår for Ingebrigt Larsson Myrmel?* Kven var foreldri til Ingebrigt Larsson Myrmel?* Eg forstår det slik at Ingebrigt var gardbrukar på Dingsøyr, men var det på same bruket som Kari var ifrå?* Gravferdsdato for Ingebrigt Larsson Dingsøyr?~~~~~~~~~~Frå Askvoll:* Dåpsdato/fødselsår for Morten Gjertson Mjåset (1736?)?* Kven var foreldri til Morten Gjertson Mjåset?* Eg forstår det slik at Morten var gardbrukar etter foeeldri sine på Mjåset, men at han d. der alt i 1763 - gravferdsdatoen hans?* Dåpsdato/fødselsår for Hans Trulson Bjørvik?* Kven var foreldri til Hans Trulsson Bjørvik?* Det ser ut til at Hans Trulsson busette seg (som gardbrukar?) på Dorghella i Askvoll, men kva var gravferdsdatoen hans?* Kjenner ein til meir enn to søner etter Hans Trulsson og Cathrina Mikkelsdotter?~~~~~~~~~~Frå Bergen(?):* Elles saknar eg framleis dato og stad for dødsfallet til Cathrina Mikkelsdotter i Bergen? Eller flytte ho kan henda attende til Askvoll som enkje?~~~~~~~~~~Eg er imponert over den gode innsatsen frå Gisle og Torbjørn og takkar nok ein gong for dei mange flotte opplysningane!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Johan Arthur Hansen

Det står ingen fødselsdato for Morten i Askvoll boka, men at han var 27 år gammel da han døde i 1763 og ved skiftet i 1763. Morten ble gift 1762 med Katrina Mikkelsdtr. Kumle. Han var bonde der kun fra 1762 til 1763. Foreldre til Morten er Gjert Jensson (Jonson) på Mjåset.d.skifte 1773. g.m Lusi Olsdtr. d.sk.1763. Gift II gang med Synneve Gundersdtr. Stafsnes d.1771(46 år) Kilde Askvoll II, side 58,nr. 55 og side 59,nr.58 Mvh. Johan Arthur Hansen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Eg har ikkje funne noko i Fjalersoga som tyder på at Ingebrikt var gardbrukar, men det ser ut til at han hadde ein son, Lars, som vart plassmann på ein husmannsplass under Hovland (Øvre).Myrmel er kanskje i Gaular???

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Gisle Hersvik

Lars Engebrets. Myrmel (Holmedal, indre), f. 10.2.1765 (ref. www.fylkesarkiv.no | Databasar), dette er vel sonen til Ingebrigt Larsson?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Torbjørn Igelkjøn

Dåpsdato og fødselsår for Ingebrigt og Kari vert vel vanskelege å finne, sidan kyrkjebøkene ikkje går lenger tilbake enn til 1755.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur, Torbjørn og Gisle for nye interessante innlegg!Fleire av spørsmåli mine har fått svar, og særleg interessant er det å slå fast at:* Ingebrigt Larsson må ha butt på (heimebruket?) på Myrmæl i Gaular, og ikkje på Dingsøyr slik eg trudde.Eg går elles utifrå at Ingebrigt var gardbrukar eller leiglending på Myrmæl? Men dette går vel kanskje fram av bygdeboki for Gaular (som eg ikkje har...)?Dette tema har verkeleg utvikla seg til eit nytt godt døme på framifrå ''teamwork'', og eg kan berre takka og bukka for all den gode hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Eg takkar på ny for god hjelp til løysning av dette tema. Etter at eg no har oppretta eit nytt tema for Ingebrigt Myrmæl i Fjaler, sit me att med følgjande detaljerte spørsmål som eg vonar kan finna svar i kyrkjebøkene for Askvoll og bygdeboki derifrå:* Dåpsdato i Askvoll (kring 1736?) for Morten Gjertson Mjaaset?* Gravferdsdato i Askvoll (kring 1763?) for Morten Gjertson Mjaaset?* Dåpsdato i Askvoll (kring 1735-1740?) for Hans Trulsson Bjørvik, Sauesund?* Fulle namn til foreldri til Hans Trulsson - med opphav?* Gravferdsdato i Askvoll (kring 1776-1783?) for Hans Trulsson Dorghella?* Kor mange born er registrert fødde av Hans Trulsson gift 1769 med Cathrine Mikkelsdotter - inklusive Thomas 1769 og Mathias 1776?* Eg saknar ogso dødsfallet til Cathrine Mikkelsdotter, men ho d. truleg på Bergenskanten...?Eg vonar i spenning!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.