Gå til innhold
Arkivverket

[#38894] Johanna Iversdotter (1759) og søsken Anna, Østen og Rasmus - Krakhella i Solund?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Husmann Iver Rasmusson og kona Mari Johannesdotter på Fetbakken under garden Fet i Hafslo hadde åtte born; fire av desse ''forsvinn'' i ung alder og er truleg farne ''ut fjorden'', kanskje til Solund eller Gulen eller Nordhordland?~~~~~~~~~~* Anna Iversdotter, døypt Hafslo 1.2.1756* Johanna Iversdotter, døypt Hafslo 18.2.1759* Østen Iverson, tvilling, døypt Hafslo 10.8.1767* Rasmus Iverson, tvilling, døypt Hafslo 10.8.1767~~~~~~~~~~Ved søking i FT1801 finn eg ei Johanna Iversdotter (47) gift med Anders Gregoriusson (43) som plassfolk under Krakhella i Solund med to born. Avviket i alderen ligger innanfor ''toleransegrensa'', men kan det vera ho? Parfolket er omskrive i Solund II på s. 296, men utan at forfattaren har funne opphavet til nokon av dei...Ved søking i FT1801 finn eg i Hordaland to personar Rasmus Iverson som høver bra:* 36 år gamal gardbrukar på Trellevik i Sund* 37 år gamal gardbrukar på Instebø i LindåsKan det vera ein av desse??Østen Iverson finn eg ikkje nokon av som høver, medan Anna er det mange av...Særleg lovande tykte eg Johanna Krakhella såg ut, saman med dei to Rasmus'ane på strilalandet...Eg er mottakeleg for alle gode tips og takkar so mykje på førehand!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Gisle Hersvik

Hei Lars,*** Johanna Iversdtr. ***Eg ser at eg ikkje har ”funne ut av” opphavet til dette parfolket (som gifte seg i Gulen 25.8.1788; [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigule79&gardpostnr=315&merk=315#ovre>Lenke) eg heller, men det er vel kanskje Johanna som dø i Skarnagel i 1806; Lenke, sidan Anders gifter seg oppatt på seinhausten same året (05.11.1806, i Askvoll, med ei Mari Olsdtr Leknessund).MEN, Anders må vel vere son av Gregorius Corporal (f. 1762; Lenke, oppattkalla etter Lenke, f. 1758). Gregorius Knutsson Wiig er debattert her; Lenke og skiftet nemner borna hans;

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Kenneth Bratland

Rasmus Iversen Nedre Skodven gift 1796 med enken Helga Fredriksdatter Sletta. De er disse som bor på Instebø i 1801. Rasmus var født på gården Mongstad (Seim) i 1764 av foreldre Iver Iversen og kona Brita Monsdatter. Iver flyttet ca. 1770 til Nedre Skodven hvor han døde i 1789, 70 1/2 år. Dermed kan du utelukke denne kandidaten.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Gisle og Kenneth for innlegg!Medan Johanna på Krakhella i Solund framleis står som ein mogeleg ''kandidat'', lyt me altso avskriva Rasmus Iverson på Instebø i Lindås. So spørst det kva med Rasmus Iverson på Trellevik i Sund...?Nok ein gong ein stor takk for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kenneth for at du har ''teke livet av'' ogso den andre ''kandidaten'' eg hadde for Rasmus Iverson. Då er det definitivt ''back to square #1''!Men, kandidaturet til Johanna Iversdotter på Krakhella i Solund står framleis ved lag, om det berre hadde vore mogeleg å prova det...!?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Kenneth Bratland

Jeg tviler på at det er henne. FS: Har denne dåpen: Johanna døpt 19. aug. 1752 i Gulen som datter av Iver Dumben og kona Anne. Johanna Iversdatter heter jo Dumben når hun gifter seg. Og alderen i 1801 passer sånn noenlunde.Mvh.Kenneth Bratland

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Kenneth, som held from som ''killerwhale''...! Eg ser at bygdeboki for Solund ogso støttar dette forslaget frå Kenneth, so då er det vel ikkje stort meir å gjera..., enn å halda fram med leitingi. Kanskje denne søskenflokken flytte nordover i staden (Romsdalen)?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Alf Strand

Johanna Ivarsdtr. gift med Anders Gregoriusson Krakhella var dotter av Ivar Mikkelson og Anne Botolfsdtr. Dumba. Bygdebokforfattaren er i alle fall ikkje i tvil om det, s.372.Alf

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.