Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#38895] Johan August Larsen (Wennberg), f. 1823 -Tananger i Håland (Sola/Madla)-oppslag?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Johan August Larsen (Wennberg), fødd i Sandeid (Vikedal) 28.7.1823, flytte i 1843 til Stavanger og sidan vidare til Håland der han truleg gifte seg kring 1852 med eiChristina Knutsdotter, fødd i Håland og døypt der 26.7.1829 (iflg. FamilySearch). Johan var bøkker, og han Christina busette seg som strandsitjarar på ein plass under Tananger i Håland. Johan levde i 1865, medan Christina var enkje same stad i 1900.Mellom borni deira:* Johan, fødd i Håland 1854 – n. 1865* Olaus, fødd i Håland 1856 – n. 1865* Karl L., fødd i Håland 1859 – n. 1865* Gustav, fødd i Håland 1861 – n. 1865* Hanna K., fødd i Håland 1863 – n. 1865* Bernhardus, fødd i Håland 1865 – n. 1865* Andreas, fødd i Håland 1873 – n. 1900 (midl. bustad New York)So hadde Johan August ein bror, som eg òg er på leiting etter:Carl Martin Larsen (Wennberg), fødd i Sandeid (Vikedal) 14.2.1829, flytte i 1848 direkte til Håland, men han har eg ikkje enno funne att i folketeljingar...(Mor til dei to brørne var flytt frå Hafslo i Sogn til Sandeid tidleg på 1800-talet!)Finst det ei bygdebok for Tananger/Håland/Sola/Madla som kan fortelja oss noko meir om denne huslyden? Eg ser særleg på leiting etter:* Dato og stad for vigsli til Johan August Larsen (Wennberg) og Christina Knutsdotter (kring 1852)?* Dato og stad for dødsfallet til Johan August Larsen (Wennberg) (1873/1900)?* Dato og stad for dødsfallet til Christina Knutsdotter (e. 1900)?* Dato og stad (gardsnamn) for fødsli til Christina Knutsdotter?* Kor mange born fekk Johan og Christina i alt?* Og endeleg, er det noko som helst å sjå til Carl Martin Larsen (Wennberg) i Håland - t.d. ei vigsle?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove T Eek

I følge bygdeboka for Haaland ( Sola ) side 546 , blei Johan og Kristina vigde 1 juni 1853. Johan August drukna på sjøen 10 juli 1876. 10 barn . Skal sende meir utfyllande opplysninger seinere . Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Sol Kerry Johannessen

Hei hei.Her kommer fra Sandeid kirkebok. Lars Johan Wennberg, nevnt 28 år ved vigsel, født i Tengened (ikkert lesefeil)i Sverige, gifter seg 7.01.1824 i Sandeid med Massi Larsdtr.Fedtbakken u.Hage? i Hafslo pr.gj. Hun blir kalt Maren når barna blir født. 1.Johan August født 28.07.1823 alle født i Sandeid. 2. Marthe Birgithe født 6.10.1825. 3. Carl født 14.02.1829. 4. Lovise Bergitte født 25.03.1832 Hun får en datter Lovisa døpt 26.11.1855 Vikedal, far Johannes Madsen Ratneberg i Ytre Holmedal, alle fadr. fra Sandeid.Ingen navn nevnt i avskr.5. Lorentz Gustav født 3.07.1834. 6. Asseline Davidia født 9.04.1837. Har ikke funnet henne gift enda men har en del barn her, født i Vikedal, 1. Margrete Cicilia døpt 10.10.1857 Vikedal. 2. Ole Marthin døpt 26.09.1863. De bor Vestbø da disse to blir født. 3. Torger Berdinius døpt 22.12.1865, da var de flyttet til Skeie, Vikedal. Etter dette finner jeg dem ikke mer.Hilsen Sol Kerry.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Fra bygdeboka for Sola s 546. Johan August Larsen var bøkker, tollrorskar og fiskar.Han var frå Vestbø i Sandeid , f. 28.7.1823, son til hattemaker Lars Johan 'Wennberg ' og kona Maren Larsdatter. Kona hans var Kristina Knudsdtr. frå Tananger på Meling , huseigar 2,4 , vigde 1.6.1853.Johan August drukna på sjøen 10.7.1876.( henvisningar til Litle Risa ,bruk 1, huslyd 10,2 og Rott , bruk 5 , huslyd 13.)Vi ser i folketeljinga 1891 at Kristina framleis har huset , og det greier ho ved å skura og vaska for folk, men folketeljinga 1900 fortel at då har borna teke seg av henne . Born ; 1 , Lars Johan f 20.2.1854, styrmann, flytte til Stavanger. 2, Olava Bergitta f 16.12.1855, d. 14.2.1856. 3, Olaus f 24.12.1857, sjømann 4, Karl Ludvig f 19.2.1859, sjømann 5 , Martin Gustav f 30.1.1861, sjømann, kom bort på sjøen 6, Hanna Kristina f 11.5.1863, Stavanger 7, Bernhardus f 5.6.1865 8, Jon Adolf f 11.6.1867, d .15.2. 1900, ugift 9, Knutd,f 25.3 1870, Tananger på Myklebust, leigebuar 16. 10, Andreas f 17.10.1873, Stavanger, gift .Gardsnavn , foreldre Kristine Knudsdatter , Tananger på Meling, Knud Olson var fiskar, tollrorskar og los ,døpt 24.6 1798, Knud døyddde i 12.12.1876 og I kona Henrikka Hans Henriksdatter død 9.9 1868 . Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tove og Sol for spennande innlegg. Det høyrest ut som bygdeboki for Håland er ganske detaljert, so eg vonar på fleire opplysningar derifrå, t.d. datoar på Christina Knutsdotter og opplysningar om Carl Martin?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Heisan, siste innlegget frå Tove kom medan eg skriv mitt! Hjarteleg takk for fine tilleggsopplysningar!Når eg leser gjennom innlegget ditt, kan eg ikkje sjå at du har teke med nøyaktige datoar for Christina Knutsdotter, dvs. fødsel og død. Står dei ikkje i bygdeboki?Elles oppfattar eg det slik at Christina var fødd og oppvaksi på ein plass under garden Tananger, men truleg var det ikkje same huset som der Johan og Christina budde...?Elles vonar eg at det kanskje òg vil dukka opp opplysningar om Carl Martin Larsen...?Nok ein stor takk til deg, Tove, for flotte opplysningar og for å gjera Digitalarkivet sitt Brukarforum til kav det er!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Beklager at eg gløymde Kristina Knudsdatter f 26.9.1829. Mi einaste kjelde her i kveld er bygdeboka og den har ikkje døds dato for henne . Etter å ha bladd meg gjennom bygdeboka finn eg ikkje spor etter Carl Martin.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tove for nytt innlegg. Men eg vart forundra over denne fødselsdatoen til Christina Knutsdotter; FamilySearch seier ho vart døypt 26.7.1829, og då kan ho vel ikkje vera fødd to månadar etter... Kanskje me lyt sjekka ut kyrkjeboki...Når det gjeld dødsfallet til Christina, har eg no søkt gjennom kyrkjeboki for Håland/Madla for perioden 1913-1925, men utan å finna ho. Tananger ser ut til å høyra under Madla sokn...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Kristina kan ha budd hos ein av borna sine når ho dør.To av sønene flytter til Stavanger i følge bygdeboka.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Anne Sagflaat

Sender noen ord ettersom Wennberg er tema her. Jeg har en ane Samuel Ingebrigtsen Funberg f. 1772 ved Ljusnedals bruk, Funesdalen i Sverige. Gift 1797 i Malvik kirke, Sørtrøndelag, med Ingeborg Olsdatter Mostadværket. Deres barn er Wennberg, 6 stk f. fra 1798-1811. Navnet er fra Wen ved Mostadmarkens jernverk. Blandt disse barna er ingen Lars Johan som jeg kjenner til. Bare nevner det allikevel...........

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

I følge kirkebok for Håland ble Kristina Knudsdatter født 26 1829 og dåpsdato er 26 juli 1829. Leita etter henne blandt døde i St Petri , Stavanger 1905-1919, men fann henne ikke der .Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tove og Anne for nye innlegg.Til Anne er det i grunnen berre å seia at eg ikkje trur det er nokon samanhang imellom denne Wennberg-ætti og dei som var i Trøndelag. Temaet har vore oppe til drøfting i Digitalarkivet før, utan at me fekk noko svar der!Elles til deg, Tove, so tur eg du har ''snåva'' over ein tast på tastaturet ditt... Kva MÅNAD i 1829 var Kristina fødd i?Elles konstaterer eg at dødsfallet hennar framleis er ein ''enigme'', men før eller sidan vil meg tru at ho dukkar opp.... Berre det ikkje går altfor lang tid...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Tove Tjøstheim Eek

Ho var fødd 26 juni 1829 og døypt 26juli 1829.Tove

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Tove for korrekt fødselsdato for Kristina. Då er det berre dødsfallet som manglar, men det vert truleg vanskeleg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.