Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#38898] Harald (184?) og Martha (1842) på Nybø/Myklebust i Kvinnherad - opplysningar?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

FT1900 for Nybø, Myklebust i Kvinnherad syner denne huslyden:~~~~~~~~~~Mandius Haraldsen hf ug Jægteskipper og Jordbruger 1870 Kvinnherred SBMarta Johannesdatter hm e Jordbrugersenke 1842 Vikedals Herred StaMartin Haraldsen Broder ug Maler og Fisker 1869 Kvinnherred SBAnna Kirkhus el ug f.T. Arbeiderske ved Hermetikfabrik 1875 Kvinnherred SBIngeborg Sundal el ug f.T. Arbeiderske ved Hermetikfabrik 1884 Fuse Herred SB~~~~~~~~~~Martha Johannesdotter var fødd i Sandeid (Vikedal) 26.2.1843 og døydde som landhandlarenkje på Myklebust i Kvinnherad 27.1.1915. Mannen Harald veit eg ikkje noko om!Er det nokon med lokal kunnskap i Kvinnherad og/eller med tilgjenge til lokale kjelder, som kan hjelpa meg finna svar på nokre av desse spørsmåli:* Dato og stad for vigsli til Martha Johannesdotter og Harald NN?* Fullt namn på mannen/faren Harald?* Dato og stad for fødsli til Harald?* Dato og stad for dødsfallet til Harald?* Kor mange born fekk Harald og Martha?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Rune Thorstensen

Det er kanskje denne Harald Olsen på Nybøe i 1865 det er snakk om? Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingvard Skarvatun

Harald Olavsson Døssland 1840-før1900, født i Rindo, Uskedalen, Kvinnherad. Jekteskippar og landhandlar.(Har ikkje funne dødsåret.) Harald og Marta fekk 4 barn: 1)Olav Johan 1868-91 ug 2)Ceselius Martin 1869-1941 målar, fiskar ugift 3)Johan Mandius 1870-1945 g.m.Marta Tomasdotter Haugland 1889-1971, landhandel mm i Uskedalen. 4)Maren Aletta 1872-emigrert til USA gift der. #Bygdebok 3/1988 Kvinnherad.#

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune og Ingvard for spennande opplysningar. Det er tydeleg den rette Harald Olson frå Nybø som sidan gifte seg med Martha Johannesdotter, men det forundrar meg at bygdeboki for Kvinnherad inneheld so sparsommeleg med opplysningar om denne huslyden, som det synest gå fram av Ingvard sitt innlegg!? Og kvifor vert Døssland-namnet nytta når huslyden åpenberrt aldri budde der? Kanskje Harald berre hadde butt der som barn?Spørsmåli er framleis mange, men for å oppsummera dei viktigaste:* Dato og stad for vigsli til Harald og Martha?* Fødselsdatoen til Harald?* Dato og stad for dødsfallet til Harald?Elles ser det ut til at Harald var bror av den Torger Olson Myklebust som er omskriven under tema #38896, for den Torger Olson var òg fødd på Døssland, og far deira heitte jo Ole Torgerson...Eg vonar på fleire detaljar og takkar nok ein gong for hjelpi so langt!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingvard Skarvatun

Olav Torgeirson Døssland 1810-66 g.1835 m.Seselie Olsdotter Myklebust 1811-67. Ola er fødd på bnr.1 av Nedre Døssland,Uskedalen, Kvinnherad. Han fekk skøyte på bnr.2 Rindo av Nedre Døssland i 1839, der familien budde til dei i 1852 flytte til Sandeid i Ryfylke. Barna du etterlyser er alle fødde på Døssland, så kvifor du finn at dei 'åpenberrt aldri budde der' skjønar eg ikkje. Olav budde der frå fødselen av til han var 42 år ! Og 7 av barna er fødde der, berre dei to yngste kom til i Sandeid. Barna er: 1)Torgeir 1836- 2)Olav 1838-død ung 3)Harald 1840- 4)Jon 1843- 5)Knut 1846-47 6)Margrete 1846-død ung 7)Knut 1851-død ung 8)Seselius 1854-emigrert til USA 9)Olav 1856- emigrert til USA Forøvrig står det mykje meir i Kvinnheradsoga om denne familien, men eg ser det ikkje som mi oppgåve å skrive av alt. (Jfr. din noko syrlege forundring i arkivforum; Bygdebok 'Kvinnherad 3' er til salgs hjå Kvinnherad kommune.)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Ingvard for oppklarande innlegg!Det var ikkje mi meining å vera ''syrleg'', men, utan at eg har sett bygdebøkene for Kvinnherad, hadde eg eit førsteinntrykk av at dei var noko ''knappe'' på opplysningar, og særleg då om folk som flytte frå bygdi...No skjønnar eg betre korleis dette heng i hop: Ole Torgerson og Seselie budde tydeleg på Døssland i Kvinnherad, men flytte i 1852 til Sandeid, for so før 1865 å flytta attende til Nybø, Myklebust i Kvinnherad. Då hadde eg forsovidt rett i kva eg skreiv i innlegg #4 om at Harald berre hadde butt på Døssland som barn, og no har eg fått svar på det eg spekulerte på når det gjeld opphavet til dei to brørne, Torger og Harald. Nok ein gong ein stor takk for det!So står det att å spekulera på lagnaden til Harald, dvs. dødsfallet hans, som det tydeleg då ikkje står noko om i bygdeboki for Kvinnherad(?), og når det gjeld vigsli hans med Martha, har den sikkert funne stad i Sandeid, men dei vigslene er ikkje enno skanna...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Ingvard Skarvatun

Torgeir sin fødsels- og dødsdato finn du under idnr.769589 med gravsteinsfoto. Lenke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.