Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Per S. Nestande

[#38901] Messelt – Stor-Elvdal

Recommended Posts

Gjest Per S. Nestande

Ingeborg Bergersdotter var født slutten av 1690-åra på Nordstu Messelt i Stor-Elvdal som dotter til Berger Bergersson (nr. 1) og Marit Halvorsdotter. Det går fram av Fosvold si bygdebok i Stor-Elvdal at ho var gift med enkemannen Jon Helgesson frå Søstu Stai som var brukar på Nordstumoen Trønnes. Dei hadde fem barn saman.Slik eg tolkar skiftet etter Ingeborg Eriksdotter på Hangård i Øvre Rendal 25.4.1797, var mor hennar (Johanne Jonsdotter) ei av fem døtre av Ingeborg Bergersdotter i eit tidlegare ekteskap med ein annan Jon. Spørsmålet er: Kven var denne Jon? Han må vere død mellom 1727 og 1730, men eg har ikkje funne noko skifte etter han. Er det nokon som kjenner opphavet hans?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.