Gå til innhold
Arkivverket

[#38934] Britha Olanna Langeland frå Innvik (1879-1936) - til South Dakota 1881-foreldri?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Britha Olanna Olsdotter Langeland, i Amerika kjend som Bessie Langland, var fødd i Innvik i Nordfjord 13.12.1879. Foreldri hennar var husmann Ole Johnson og kona Mari Mikkelsdotter. Huslyden utvandra i 1881, og Bessie døydde i Yankton, SD 29.3.1936.Eg finn ikkje vigsli til foreldri og har difor vanskar med å identifisera dei, men vonar at einkvan med lokal kunnskap kan hjelpa meg finna ut av følgjande:* Eg finn ikkje Langeland som gardsnamn i Innvik; var det eit plassnamn? I so fall under kva gard?* Frå kva gard/plass og prestegjeld hadde Ole Johnson opphavet sitt?* Frå kva gard/plass og prestegjeld hadde Mari Mikkelsdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Dette kan vel være Ole med foreldre på Langeland i Eid i 1865.LenkeFamilySearch IGI viser at en Ole Andreas Johnsen giftet seg på Vereid 01.03.1877 med en Mari Mikkelsdtr.Jeg vet ikke om dette er det paret du søker, men det kunne kanskje vært bryet verdt å få sjekket ekteskapet. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Emigrasjonen viser at Mari var fra Gloppen.Det sammen med ekteskapet i Vereid fører meg til denne jenta i 1875.(den andre med samme navn i Gloppen i 1865 var 42år.)Lenke Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for glimrande svar på dette spørsmålet! Ingen tvil om at du har funne rette folki, og er svært nøgd med resultatet!Ved nærare ettersyn ser eg at dotteri er fødd på ein stad som heitte Aarholen i Innvik. Truleg er dette eit plassnamn, men kva gard denne plassen låg under, er nok ikkje so godt å seia...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Tor Kvien

Om slekta til Ola Johnson:Faren, John Steffenson fekk skøyte på 1 laup i Langeland, bnr. 1 i 1841 for 400 spdl 1. Han var gift med Anne, enka etter kaptein Leganger. Ein soneson, Oliver Langland f. 1887 hadde i mange år sjefspostar i bystyringa i Oslo, major og områdesjef i Heimevernet i krigen 1940-45.Ola Johnsen og kona Kari Mikkelsd. budde på ein nedlagt husmannsplass på Årholen i Innvik. Born: Brite Oleana f. 1879. Plassen låg nede ved naustet.(Kjelder: Bygdebok Eid/Hornindal 1953 og do. Innvik/Stryn 1974)

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.