Gå til innhold
Arkivverket

[#38967] Litt av ei gåte! Skjåk-Stryn-Askvoll


Gjest Atle Brandsar
 Del

Recommended Posts

Gjest Atle Brandsar

Hei!Trond Olsson Kittilstad, fødd 1765 i Skjåk. Foreldra heitte Ola Trondson Kittilstad og Livø Larsdtr. Hjeltar.Denne er det i mine notat skreve 'Askvoll' og 'Kona frå Stryn' ved sida av...Då gifta han seg vel med ei frå Stryn, og dei flytte til Askvoll?Nokon lokalkjende som har namnet til kona, og kanksje noko om lagnaden deira?På førehand; Takk!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

I Askvoll bygdebok IIA, side 266, nr. 51 står det: 'Trond Olsson Kittilstad, visstnok frå Nordland, skreddar og husmann på Øyra u. prestegard gift 1792 med Christece Jørgensdtr. Visnes, d.1834, 74 år. Enkja gift II gang 1809 m. Lars Olsson Spord (27d) f.1787, d.? Trond og Christence hadde borna: Ole f.1793 gift 1816, Jørgen f.1795 gift 1821 i Bergen, Lars f.1798 gift 1824 i Bergen, Hardine f.1800 gift 1827 Ask/Bergen og Peter Johan f.1803.Sønnen Ole Tronsson f.1793 ble gift med Anne Olsdr. f.1788 i Stubseid, Askvoll (side 268, nr. 62) Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

I anetavla står det fødestad Vilnes, Askvoll på Kristense, men det skal som du ser lenger oppe, vere Visnes i Stryn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Takk for korrigeringen av Vilsnes til Visnes.Visste ikke at det var Visnes i Stryn. Har bare hørt om Visnes i Avaldsnes på Karmøy. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Aase:Eg er ikkje så godt kjend på andre sida av fjella: Ligg Innvik langt unna Stryn? Eg ser at Christense er døypt i Innvik, er ho då ikkje frå Stryn, slik det står i mine notat, men frå Innvik?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jan Sæthre

Hei Blandar meg inn i debatten. Innvik var tidlegare eigen kommune, men er no ein del av Stryn. Det er ca 34 km mellom sentra i Innvik og Stryn - ifølgje ruteboka.Jan Sæthre

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Aase R Sæther

Litt meir presist kanskje: Gamle Innvik prestegjeld omfatta nesten alt det som i dag er Stryn kommune. Fram til 1844 er alt i dette området ført i same kyrkjebok, så ein person som er fødd på Visnes i Stryn før 1844 vil vere innført i Innvik kyrkjebok. Etter 1844 vart det delt i fleire sokn Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Du, Atle, er vel merksam på at Ole Trondson Kittelstad hamna i Jostedalen? Live døydde i Skjåk kring 1781, og Ole Trondson gifte seg att i Jostedalen 26.12.1786 med Anna Halvorsdotter Espe (1736-1816). Ole vart gravlagd i Jostedalen 18.8.1797. Han hadde visstnok berre dei to sønene som han fekk med første kona Live, Trond og Lars.Huslyden er omskriven på plassen Frydenberg under gnr. 192. Bruheim i Jostedalen (Luster, bd. V).Ole Trondson Kittelstad hadde òg ei søster med ætt i Jostedalen; Kari Trondsdotter hadde ein son Rasmus Larsson (f. 1778) som var gift på Haugen i Jostedalen, men som forvann att ifrå dalen etter kort tid, uvisst kvar...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Atle Brandsar

Nei, eg var ikkje klår over dette - og takk for opplysinga! Eg reknar med at Ola fyst kom til Jostedalen etter han gifta seg dit?Kva tid kom Jostedalsbandet ut? Eg meiner eg har berre dei fire fyrste banda...Kari Trondsdotter har sonen Rasmus Larsson (døypt 6. sept. 1778) med Lars Rasmusson, meir veit eg ikkje... Kan det vera at Kari flytte til Jostedalen og fekk sonen der, eller at Rasmus var hjå onkelen og fann seg kone i Jostedalen soleis? Eg spør kanskje vanskeleg...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Jostedalsbandet kom ut i 1994 og inneheld ein del opplysningar om samband mellom Jostedalen og Skjåk gjennom hundreåri...Eg veit ikkje noko meir om Kari Trondsdotter eller sonen Rasmus enn det eg skreiv. Rasmus hadde to born i ekteskapet sitt, og dotteri Agatha vart sidan gift og busett på ein plass under Feigum i Luster (band III). Eg skulle gjerne òg visst kvar Rasmus gjorde av seg... Kanskje fór han til Bergen?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Rasmus vart døypt i Skjåk 6.9.1778, og han vart enkjemann i Jostedalen våren 1805.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.