Gå til innhold
Arkivverket

[#38975] Ingeborg Petrine Ellingsdotter Meeg (Qvam), f. Bolsøy 1837 - lagnad etter 1851?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Ingeborg Petrine Ellingsdotter Meeg eller Qvam, fødd på Meeg i Bolsøy, Romsdalen 12.6.1837 som son av Elling Trondson og Anna Pedersdotter, vart konfirmert i Bolsøy 1851.Kvar vart det av denne Ingeborg? Eg ser av FT1865 at ei ''høveleg'' Ingeborg i 1865 budde på ein plass under garden Tøndergaard i Bolsøy:~~~~~~~~~~~~~~~Peder Pederssen g Husmand med Jord 1828 BolsøIngeborg Ellingsdatter dennes Kone g 1838 BolsøPeder Pederssen deres Søn ug 1859 BolsøElise Pedersdatter deres Datter ug 1864 Bolsø~~~~~~~~~~~~~~~Og på FamilySearch finn eg at Peder Pederson og Ingeborg Ellingsdotter vart gifte i Kleive, Bolsøy 29.10.1858.Er det nokon med lokal kunnskap og eventuelt tilgjenge til kyrkjebøkene frå Kleive/Bolsøy som har høve til å sjekka ut om denne Ingeborg er identrisk med den Ingeborg Petrine, som eg leiter etter?Eit anna problem med same huslyden: Mori Anna Pedersdotter døydde som husmannsenkje på Meeg i Bolsøy 17.7.1872, men dødsdatoen til mann hennar, Elling Trondson, har eg aldri funne. Elling må rimelegvis vera avliden på Meeg mellom 1837 og 1865! For fleire år sidan bladde eg gjennom ei kyrkjebok for Bolsøy utan å finna dette dødsfallet, men eg meiner å hugsa frå ei anne sak for ei tid attende at det var fleire ''parallelle'' kyrkjebøker for dette prestegjeldet...?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Endre for interessant innlegg. Her har jo Ingeborg heilt korrekt fødselsår, dersom det er ho... Men eg ser òg av FamilySearch at det er fleire Ingeborg Ellingsdotter fødde i Bolsøy i åri kring 1837, m.a. i 1836 og 1839, so eg trur me er heilt avhengige av å finna vigsli frå 1858 før me kan slå fast at dette er den ''rette'' Ingeborg...?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

No har eg vore inne og studert kyrkjeboki for Bolsøy som inneheld dødsfall frå 1900 og utover, og eg finn m.a. denne jenta:Ingeborg Pedersen, pladsenke, fødd Aarøhagen 1836, døydde på Tøndegård 4.8.1916.Dette må vera Ingeborg Ellingsdotter frå FT1865, og i so fall ser ikkje fødestaden ut til å stemma. Men no tek eg til å undrast: Den Ingeborg Ellingsdotter, som du Endre fann i FT1900 på MOLDEgaard; kan det vera den same Ingeborg Ellingsdotter? Geografikunnskapen min frå Bolsøy er heller dårleg...!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune som igjen imponerer med ein framifrå ''teft''! Det kan ikkje vera mykje tvil om at dette er rette jenta; altso var ho framleis ugift i 1865.FamilySearch syner at:Ingeborg Ellingsdotter og Fredrik K. Rosberg gifte seg i Kleive sokn, Bolsøy 3.11.1867.Kan so dette vera ''vår'' Ingeborg?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

Samme kilde som du refererer til Lars, viser følgende barn av Fredrik Knudsen og Ingeborg Ellingsdtr.1. Ingeborg Anna født 16.09 og døpt 29.11.18682. Knud født 16.09 og døpt 09.07.18713. Elling født 12.04 og døpt 12.07.18744. Berit Elise døpt 26.12.1880.Det står Kleive ved alle barnas fødsler/dåp Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Rune Thorstensen

FamilySearch VRI viser i tillegg disse barna.1. Iver Eilert født 10.05 og døpt 16.07.18762. Fredrik født 04.08 og døpt 13.10.18783. Ingvald født 11.05 og døpt 15.07.1883I tilleg viser kilden at Berit Elise var født 04.10.1880. Mvh. Rune Thorstensen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Rune for nye spennande opplysningar. Denne ''kandidaten'' ser jo svært lovande ut, ikkje minst på bakgrunn av at mor hennar heitte Anna og eldste dotteri heitte Ingeborg Anna!MEN, nok ein gong, er me avhengige av å sjå den originale vigsli frå 1867 for å vera sikre på at dette er den ''rette'' Ingeborg...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...
Gjest Knut R Sande

No er aktuell kyrkjebok scannet. Eg trur ikkje det vart treff.Då veit me at me må leite vidare.Knut R Sande

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Knut for nytt innlegg, som, etter nærare gransking, bringer oss ''back to square #1''...Kvar i all verdi kan det no ha vorte av ''vår'' Ingeborg? Amerika?Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidun Søbstad

Her gifter Ingeborg Ellingsdatter og Peder Pedersen seg (nr.10) Lenke Skriften er ganske utydelig, men det synes som om Ingeborgs far her heter Elling Larsen.Reidun Søbstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Reidun Søbstad

Jeg klarer ikke å finne gården Meeg/Mek i Bolsø.Jeg finner heller ikke Ingeborgs mor, Anna Pedersdatter, i 1865-tellingen for Bolsø.Reidun Søbstad

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Endre Holten

Garden Mek ( Midvik)låg før i Bolsøy kommune. Så kjøpte familien Qvam (stortingsmann) garden, og slik skjedde det at Kvam-namnet tok over og fortrengte det opprinnelege Mek. Kvam/Mek kom inn under Molde ved kommunesammenslåinga, og har no vorte utbygd til ein del av byen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Reidun, Rune og Endre for nye innlegg!Det siste sporet me har etter Ingeborg Petrine Ellingsdotter er frå FT1865 då ho under namnet Qvam budde i Molde (jmf. innlegg #5). Det er soleis nyttelaust å leita etter vigsli hennar før den tid.Det er vel so at me enno ikkje har søkt på ''rette staden'' etter denne jenta, men kva som er ''rette staden'', er ikkje godt å seia...Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.