Gå til innhold
Arkivverket

[#39006] Aaslina Sjursdotter Valen (1847-1927) -frå Stord til California-foreldri hennar?


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Aaslina Sjursdotter skal vera fødd på Valen på Stord 16.3.1847 som dotter av Sjur Absalonson og kona Udna Olsdotter, som ifølgje FamilySearch gifte seg på Stord 27.12.1846. Huslyden skal ha utvandra til Amerika i 1850 eller 1851.Eg kan ikkje sjå at dei naudsynte kjeldene er skanna eller ligg på Digitalarkivet, so eg vonar at einkvan med lokal kunnskap og/eller tilgjenge til lokale kjelder/bygdebøker kan fortelja meg:* Stadfesta fødselsdatoen til Aaslina Sjursdotter?* Kva år (1850 eller 1851) huslyden utvandra?* Yrke og bustad til Sjur og Udna medan dei budde på Stord; om dei var plassfolk under Valen, på kva plass?* Frå kva gard/plass på Stord hadde Sjur Absalonson opphavet sitt?* Frå kva gard/plass på Stord hadde Udna Olsdotter opphavet sitt?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

I Sveio I side 103 under Valo øvre, Valestrand i Sveio som dengang hørte under Stord står det følgende: Sjur Absalonsson Valo øvre f.1820 g.m Udna Olsdtr. Lier nedre i Valestrand f.1824. Barn: Asseline f.1847, Valborg f. og d. 1848 og Ola f.1849. Sjur bygsla plasset i 1848. I 1851 sa han opp og reiste med huslyden til Amerika. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Sjur Absalonsson var sønn av Absalon Olsson Valo øvre f.1772 d.1840 på Valo øvre og Valborg Eriksdtr. Eidsvåg i Valestrand f.1780 d. 1853 på Valo øvre. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Udna Olsdtr. var datter av Ola Johannesson f.1778 Lier nedre, Sveio (Ikke Valestrand), d.1841 Lier nedre, Sveio og Siri Niklasdtr. f.1791 d. 1854 på Lier nedre i Sveio. Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Johan Arthur Hansen

Siri Niklasdtr. var datter av Niklas Knutsson f.1768 på Drange i Sveio d. 1838 på Lien i Valestrand g. m Siri Anfinnsdtr. f.1749 på Moldbrekke i Sveio d. 1818 på Lien i Valestrand.(Valestrand hører nå til Sveio kommune) Mvh. Johan Arthur Hansen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Johan Arthur for fleire glimrande innlegg som svarar på alle spørsmåli mine, kanskje bortsett ifrå kontroll av fødselsdatoen til Aaslina, men til det treng ein jo kyrkjebøkene.... Særleg er eg takksam for at du tok tid til å forklara kvar dei ulike bustadane finst innanfor det gamle Stord prestegjeld!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...
Gjest Jon Torp

LarsFullstendig malapropos:Vielse nr. 64 - person fra Luster:Kildeinformasjon: Oslo fylke, Kampen, Ministerialbok nr. I 9 (1899-1911), Ekteviede 1900, side 157. Permanent sidelenke: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Jon Torp

Vielse 30 - Nok en brud fra Luster: Kildeinformasjon: Oslo fylke, Kampen, Ministerialbok nr. I 9 (1899-1911), Ekteviede 1906, side 205. Permanent sidelenke: Lenke

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Jon for nye spennande innlegg! Særleg vart eg interessert i den siste vigsli, og eg kjem til å leggja inn emnet som nytt tema! Kanskje me endeleg no skal få greie på lagnaden til Christina Leirmo som vart enkje i Pope Co., Minnesota i 1903!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.