Gå til innhold
Arkivverket

[#39181] Til Lars Øyane - Lars Haaverson Hovland


Gjest Anders J. Moen
 Del

Recommended Posts

Gjest Anders J. Moen

Du skriver i Dale 2 under Hovland, Sørheim at Lars Haaverson var fra Myri under Dale. Jeg greier ikke og finne han. Kan du hjelpe meg?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Opphavet til Lars Haaverson frå band II vart oppdaga, medan arbeidet med band III pågjekk, og svaret på dette spørsmålet er mellom dei faktaopplysningar som vert samla opp til eit ''retteband'' som venteleg vil komma ut etter at siste bandet for Hafslo er ferdig. Diverre ligg nokre av dei tidleg oppdaga rettingane til band I-V arkiverte i Bergen utanfor rekkevidde for meg på noverande tidspunkt. So eg kan diverre ikkje hjelpa deg nett no, men lyt få komma attende til saki.Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Etter fordjupning i ''sløvmeldingis verd'', er det på tide å sjå kva som har skjedd i digitalarkivet siste døgeret! Og eg takkar Jon for interessant innlegg om Michael Bugge. Faktisk visste eg at Michael var død på denne datoen (jmf. Bugge-boki), men ikkje nett kvar han døydde. Kona Ingeborg skal forresten vera avlidi same året (dato ukjend)! Ho var fødd i Luster...Når det gjeld utgjevingsplanen for bygdebøkene for Luster (les: Hafslo), so syner eg til heimesida til Luster kommune som vert oppdatert med jamna mellomrom, men planen er at band VII skal koma i god tid før jul, og dei etterfølgjande bandi skal etter planen koma fortløpande med ei til to i året.Det var bra du sjølv fann ut Lars Haaverson. Det er truleg ein ''trykkleif'' under Sørheim!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.