Gå til innhold
Arkivverket
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

[#39309] Anders Andersson (1725-1813) - mista kone og dotter mellom Hafslo og Leikanger?

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Anders Andersson, fødd på Sie i Hafslo og døypt 11.2.1725, gifte seg i Hafslo 2.11.1762 med Synneva Pedersdotter frå Alme i Hafslo og døypt 6.5.1742. Dei fekk ei dotter:* Kari Andersdotter, døypt i Hafslo 21.12.1762.Ved eit skifte i 1781 får me greie på at Anders Andersson då var busett på Syrstrondi (Leikanger nordside) der ogso søsteri Anna budde med huslyden sin, og ved FT1801 finn me Anders som UGIFT busett på garden Njøs i lag med denne søsteri og mann hennar!Anders Andersson vart gravlagd frå Njøs i Leikanger 14.2.1813, 86 år gamal.Eg har vore på leiting etter kona Synneva Pedersdotter og dotteri Kari Andersdotter, men so langt utan hell. Dødslistene for Hafslo er rett nok mangelfulle, men ingen ''høveleg'' Synneva Pedersdotter er funne gravlagd i Hafslo, Sogndal eller Leikanger. Når det gjeld Kari Andersdotter, so er namnet so pass vanleg at det er uråd å seia noko sikkert. Ho vart i alle fall ikkje konfirmert i Hafslo!No vonar eg at kanskje einkvan vil dra kjensel på desse namni og kunna fortelja meg kvar det vart av mor og dotter?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Grethe Flood

Er da Anders Andersen onkel til Thomas Einarsen på Njøs i Leikanger? [url="http://digitalarkivet.uib.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=f11419&gardpostnr=22&personpostnr=720&merk=720#ovre>LenkeDette er vel ekteskapet mellom Anna Andersdatter og Einar Jensen i Hafslo i 1763 LenkeHer giftermålet til Anders og Synneva Lenke Og her er datteren Caren, døpt 1762 Lenke Hun er døpt 21.12.1762 og 3.1.1763 gravlegges det ei 13 dager gammel jente ved navn Caren Andersdatter i Hafslo

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Hjarteleg takk til Grethe for flott innlegg. Desse dødslistene for Hafslo er svært mangelfulle og ''tilfeldige'', men det ser unekteleg ut til at du har funne den sakna dotteri til Anders Andersson og Synneva.Elles er det rette Anders Andersson du har funne i 1801.Men spørsmålet er framleis kvar det vart av kona Synneva? Og, fekk dei fleire born?Med venleg helsing,Lars E, Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.