Gå til innhold
Arkivverket

[#39363] Innflyttarar til Skånevik/Etne - områder siste halvdel av 1800-talet


Gjest Nils Knutsen
 Del

Recommended Posts

Gjest Nils Knutsen

Det siste stemmer med det eg har høyrt om Knut tidlegar.Det som er litt usikker er kor mange fleire ungar det var i barneflokken enn dei som er nemd i 1865-tellinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

du må sikkert kikke i Bygdeboken eller på Mikrofilmene får å finne opplysninger mellom 1865 og 1880.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg kikka så vidt i bygdeboka for Skånevik i ettermiddag, men hadde ikkje høve/tid å notera ned det som stod der. Knut Nilsson hadde vel eit eller to fleire born enn det som står i 1865; iallfall ein som heitte Jon. Nokre av borna vart gifte med personar frå Hosangerområdet. Ingeborg står det ikkje kor vart av, men det såg vel ut som om ho var reist til Amerika.Dottera Brita hadde dei borna som Arnfrid lista opp + ein som heitte Jon.Britas bror Nils budde og på Sjøhus. Han var gift tre gonger; den andre kona var frå 'der han kom ifrå'. Du finn og ein del scanna opplysningar om Nils Knutsson.Mange av Nils sine born drog til Amerika. Syskena Brita og Nils flytta litt rundt på Sjøhus. Eg meiner det var Nils som overtok den plassen som Brita og mannen Nils hadde. Britas mann er den Nils som eg fann på Karmen (innlegg 19 her), som er eit plass under Sjøhus. Eg la merke til at Britas Nils var kalla husmann då nokre born var døypte, inderst når andre var døypte.Dette skriv eg berre etter minne. Eg trur du bør låna bygdeboka Skånevik III. Du vil kunna finna nolevande etterkommarar, for somme av borna til Brita vart gifte med personar i Skåneviksområdet. Ei meiner eg var gift Langhelle og budde på ein av gardane i Skånevik IV.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Knutsen

Går det fram noko av bygdebøkene om kvifor familien flytta til Skånevik? Overtok dei eit slektsbruk, eller kjøpte dei eit bruk?Vore interesant å veta kvifor Knut Nilsen tok med seg familien og flytta fylket på langs.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Eg har ikkje boka her no, men eg trur ikkje det stod noko om kvifor dei flytta til Skånevik. Eg trur heller ikkje dei hadde slektningar der frå før. Mulig dei var husmenn.Eg må sjekka i boka igjen!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Knutsen

Så vidt eg veit kjem alle forfedrene til familien enten frå Hosanger eller Voss, så ei eventuell slektskopling til Skånevik må gå via slektningar (tanter eller onklar) som tidlegare har gifta seg til Skånevik, men eg har ikkje funne ei slik kopling.Synst det er veldig spesielt at familien plutselge flytter til Skånevik. På tidspunktet for flyttinga har Knut og kona vore gift i over 30 år, og barna er alle vaksne.Vil vera veldig interesant å finna ut motivasjonen for flyttinga.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Hei Nils,Brita gifter seg vel på Sjøhus i 1878 (8), så det er vel hovedgrunnen til at de velger å flytte etter. Arnfrid

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Knutsen

Det er absolutt ein muligheit at familien flytter til Skånevik som følgje av at Brita giftar seg der. Eg veit ikkje meir om kva tid dei flytta enn at det skal vera rundt 1880.Forsåvidt kanskje ikkje noko det er mulig å svara på, men det ville vera interesant å veta korleis/kor Brita traff ektemannen sin.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Nils,kan det ha med denne domsaken å gjøre?LenkeForøvrig kan du nok hente mange flere opplysninger ved å kikke på hva som finnes av Mikrofilmer på Statsarkivet vedr Hosanger og Skånevik.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Når Knut og Anna dør, i 1896 og 1895, står de begge oppført som Vilkaarsfolk, noe som bør bety at de hadde Sjøhus før datteren Brita og hennes mann Nils, viet i 1878;'Vilkaarskone: kvinne som hadde kår/vilkår/føderåd av et gardsbruk. Ved overdragelse av garden forbeholdt ofte de tidligere eiere/brukere seg rett til årlige ytelser fra den nye eier/bruker, og dette er kalt kår eller vilkår.'Kan det bety at de har flyttet til Skånevik før 1878? De er i hvertfall ikke oppført blant innflyttere, som står i de skannede kirkebøkene og som går fra 1880 og noen år utover.Har du sjekket hva som står i Hosanger-boken om familien?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Knutsen

Byggdeboka er veldig vak når det kjem til flyttinga. Huskar ikkje heilt ordlyden, men det står noko slik som at heile familien flytta til Skånevik (skrive Skålevik trur eg) fram mot (eller rundt) 1880.Forøvrig er det feil ettersom ikkje alle barna vart med på flyttelasset.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Marie Skålnes

Innflyttarar til Skånevik startar allerede i 1874. Men det er ikkje kvart år det er notert noko i boka, så eg vil tru det må ha komme fleire!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

(39) Det er selvsagt kommet innflyttere til Skånevik før 1880, men de skannede kirkebøkene der innflytterne er nevnt starter i 1880 for Åkra sokn. Det blir sikkert skannet og lagt ut mer etter hvert, ellers så kan man gå til mikrofilmen å se, der vil de nok finnes. For Hosanger ser det ut for at Utflyttere er i A 9 og A 10 for denne perioden og for Skånevik A 6 og E 1.Jeg vil tro at det må være foreldrene selv, Anna og Knut, som har bosatt seg på Sjøhus, trolig før Brita gifter seg i 1878. Dette siden de er Vilkårsfolk (36).

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Ketil E. Sævereide

Anders Haugland 5582 Ølensvåg, er forfatter av bygdeboka for Skånevik. Du finner Knut Nilsson Mulen under punkt 15. Der har med alle familiemedlemmer på Sjøhus ( Karmen). Min olderfar Arnt Sævereide kom fra plassen Sus.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...
Gjest Marie Skålnes

Knut Nilsson kom til Sjøhus når yngste barnet var 2 år, stod det i Skånevikssoga. Det må ha vore i 1870, altså lenge før dottera gifta seg med ein derfrå. Det står ikkje noko om kvifor han kom dit. På den tid var der ein barnerik familie på Øspehaugen, Sjøhus, men dei drog til Amerika i 1875.Det var på det meste 3 bruk og nokre plass på Sjøhus. Bygdebokforfattaren skriv at det måtte vera tungt å gå frå sjøen og opp til Øspehaugen, og like tungt frå Øspehaugen og opp til nabogarden Vatndal, der bilvegen til Skånevikbygda går forbi i dag.Det har ikkje budd folk på Sjøhus sidan tidleg på 1950-talet.Eg fann ikkje andre personar frå Hosanger og omegn på nabogardane til Sjøhus. Eine barnebarnet til Knut Nilson vart gift med Langhelle frå Bruvik, men han kom til Skånevik langt seinare.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Nils Knutsen

Flyttinga til Skånevik vert her flytta nestan eit tiår tilbake i tid.Kanskje det kan stå noko relasjonen mellom Knut Nilsson og tidlegare eigarar, dersom han har kjøpt Sjøhus, i dokumenta omkring salet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Arnfrid Mæland

Hei Nils,Hvis du kan besøke Statarkivet eller biblioteket og slå opp i disse Mikrofilmbøkene,Hosanger:A 9 1864-1877 13 Hele prestegjeldet 4-121 Døpte 1864-1876 124-177 Konfirmerte 1864-1876, forts. fol. 304b 178-221 Vigde 1864-1874, forts. fol. 334b 222-271 Døde og Dødfødte 1863-1876, forts. fol. 354b 272-279 Innflyttede 1864-1876 273-307 Utflyttede 1866-1877 304b-307 Konfirmerte 1876 308- 320 Vaksinerte 1864-1867 320b-329 Dagsregister 1874-1876 334b-345 Vigde 1874-1876 354b-385 Dagsregister 359-385, forts. fol. 320b 386b Liste over attestar for kjøp av rottegift 1864-1876A 10 1877-1879 03 Hele prestegjeldet 3- 32 Døpte 1877-1879, forts. fol. 100b 33- 48 Konfirmerte 1877-1879 49- 59 Vigde 1877-1879 65- 76 Døde og Dødfødte 1877-1879 77- 85 Inn- og utflyttede 1877-1879 89- 98 Dagsregister 1877-1879 99b-100 Døpte 1879og disse fra Skånevik:A 6 1869-1878 07 Hele prestegjeldet 5- 90 Døpte 1869-1878 95-150 Konfirmerte 1869-1878 155-184 Vigde 1869-1878 193-222 Døde og dødfødte 1869-1878 225-242 Inn- og utflyttede 1869-1877 243-269 Dagsregister 1869-1878 280-282 Inn- og utflyttede 1877-1878B 1 1879-1914 11 Skånevik sokn.0- 75 Levande fødde 1879-1914 89- 91 Dødfødde 1879-1914 97-147 Konfirmerte 1879-1914 159-186 Vigde 1879-1914 199-237 Døde 1879-1914 239-240 Innflytte 1879-1909 245-251 Utflytte 1879-1914 259-260 Utmelde 1891-1900 263-342 Dagsregister 1879-1900så kan du helt sikkert finne ut når Anna og Knut flyttet, og hvem som flyttet med, fra Hosanger og til Skånevik, og om de var noe annet sted i mellomtiden.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 7 måneder senere...
Gjest Nils Knutsen

Hei, eg byrjar no å få eit brukbart bilete over kva tid huslyden flytta frå Hosanger til Skånevik, og kven som vart med, og kven som blei igjen i Nord-Hordland.Eg har derimot ikkje lykkast med å finna orsaka til at dei flytta på seg. Det er eit stykke frå Hosanger til Skånevik, og eg har ikkje funne noko slekt eller relasjonar til Skånevik før dei flytter. Bruket i Skånevik verker heller ikkje å gi dei eit betre (eller dårlegare) levebrød enn det i Hosanger.All ny info om Knut Nilsen er hjarteleg velkommen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.