Gå til innhold
Arkivverket

[#39367] Sjur Larsson (1737) og Britha Lassesdotter (1728) frå Sogndal til Aspreim, Årdal


Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)
 Del

Recommended Posts

Gjest Lars E. Øyane (Luster kommune)

Sjur Larsson, fødd på Nes i Sogndal og døypt i Sogndal 26.8.1737, gifte seg i Sogndal 12.11.1757 med Britha Lassesdotter, fødd i Opheimshaugen i Hafslo og døypt i Hafslo 29.3.1728, men oppvaksi på Nagløyri i Sogndal.Sjur og Britha var først husmannsfolk på Nestangen under Nes i Sogndal, men flytte kring 1767 til Årdal der me finn dei att som plassfolk på Gjelseng nedre under Aspreim. Sjur døydde i 1810, medan Britha døydde i 1811. Eg kjenner til fem born etter dette parfolket:a. Cecilia Sjursdotter, døypt i Sogndal 30.1.1757,b. Nils Sjurson, døypt i Sogndal 9.2.1762,c. Lars Sjurson, døypt i Sogndal 22.9.1765, truleg identisk med der Lars Sjurson som 29.9.1793 gifte seg i Årdal med ei Anna Sjursdotter og i 1801 budde som husmann på ein plass under Lægreid i Årdal, men lagnaden deira er ukjend, og eg finn dei heller ikkje i bygdebøkene for Årdal!?d. Anders Sjurson, fødd (i Årdal?) kring 1770,e. Ole Sjurson, fødd (i Årdal?) kring 1774, døydde som husmann og enkjemann på Aspreim 6.1.1870, 96 år gamal. Han var gift med Martha Endresdotter og tok over heimeplassen på Gjelseng nedre under Aspreim i Årdal. Fem born.Eg har vore på leiting etter fleire opplysningar om denne ''elusive'' huslyden, men utan å ha noko hell med meg. No vonar eg at einkvan på Digitalarkivet sitt Brukarforum dreg kjensel på desse folki og kan bidra med fleire opplusningar om dei fire eldste borni?Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!Med venleg helsing,Lars E. Øyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Gjest Terje Hagen

Eg stoppar litt opp med han Lars.Når det gjelder Lars Sjurson som var husmann med jord under Lægreid FT-1801 så skal denne være fødde omkring 1755. BB seier omkring 1766. Denne Lars og kona Anne Sjursd. fekk minst 4 barn, Marta 1794, Brita 1799, Ole 1801 og Sigrid 1804. Då Sigrid blei fødd er desse folki skreven under Prestegård.Dotter has Lars, Brita fekk som enka eit barn i 1836 med ein Endre Olsson Hjelseng, Endre er son av bror til Lars, Ole. Dersom det står i kyrkjeboki at Brita og Endre var i nær slekt då dei fekk dotteri Maren da er vel dette den rette Lars.Så langt er Anne Sjursd. ukjend.Mvh. Terje Hagen, Årdalstangen.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.